Translate

lørdag 20. februar 2016

Karstykke for to

Ikkje for det, så veldig stort karstykkje er det kanskje ikkje. Nok av folk som har lagt bak seg like mange mil eller meir. Nokre har endåtil teke turen på to hjul og bare seige legger til framdrift. Men når to halvgalne typar stryk sørover, då skal det skje med stil, eller aller helst smil mil etter mil.  Nedover bakke heile tida. Godt det, den gamle slitaren kan god bli gjenomvarm og vane med motorvegen før med tek til på stigningane over Alpene. Får satse på at ikkje det tek fyr nedi der når Brennero skal forserast. 

Kjøreruta gir seg sjølv godt som. Rundt 2600 kilometer frå Hirtshals til målområdet Ceglie og Latiano. Kva snittfarten blir er usikkert. Kjem jo litt an på kva form Audien er i for slik ein tur. Dei to sjåførane sin form har vel og noko å seie. Me må jo stoppa ein og annan gongen. Bilen vil ha mat, eg vil ha mat, Livar vil sikkert og ha mat, og så vil eg ha drikke til liks med det truleg Livar og vil. Det som blir mest travelt er min trong for miging.Men, men, slik er det no ein gong. Kan ikkje stort installere urinal i bilen bare for den turen.Det som blir att etter Audien blir jo strødd ut etterkvart. På ein måte meir lettvint, men det har jo sine konsekvensar det og.   

Første etappe blir å erobre Skagerk med hjelp frå Fjordline. Etter å ha kome vel i land i  Hirtshals  tek det drygt tre og ein halv time gjennom Danmark. Frå Flensburg til Hamburg kan me prøve å gjere etter dei i videoen her, dei gjorde det unna på to minutt. Med slik fart også på resten av turen er me ned tidleg kveld lørdag. 
Raskaste veg gjennom Hamburg ville vel vore luftvegen over Elbe, men eg trur me får ta tunnelen. Ja eg tenkte ikkje akkurat å ta den med,  me får nøye oss med turen gjennom den.
Nordtyskland er kanskje ikkje det mest interessant naturmessig, men så er det heller ikkje naturopplevingar me er ute etter. Frå München mot Innsbruck røystar eg for å kjøre mot venstre, har litt innebygd venstrevri mange gonger, og her har me fin motorveg heile strekket. Då er nok det eit godt val.
Om bilen får litt heimlengt i det me fer forbi Ingolstadt, håpar eg det bare virkar til forynging, for etter Innsbruck er bakkane bratte. Alle krefter som kan hentas fram må fram. Eg er brennsikker på at skal me klare å passere Brennero  i god stil seint lørdag 5. mars eller tidleg natt til sundag 6. mars, må me lytte godt etter kva Audien fortel oss. Brann eller kollaps i motorrommet vil vera lite tenleg.
Kjem me oss bare over Brennero, er det mest som me kan trille resten. Dryge 10 timar om me klarer å halde skjema. Apropos skjema, det kan ha sprukke for lenge sidan. Karane kan ha blitt så mødde at Formel 1 eller eit eller anna Ibis kan ha vorte berginga.
Hadde det ikkje vore det at det er feil tid på året, kunne me ha strekt ut armen og henta med oss nokre eple når me fer gjennom  dalen der dei dyrkar så gode eple. Når me kjører ut av betal motorvegen som går mellom grensa Austerike -  Italia og heilt ned til Bari på hælfestet,så er det mest som heimekjensla melder seg. Det SKAL vere kaos på Bari Tangenziale.

Fælt så fort det går  framover mot 4. mars

2 kommentarer:

  1. Vi får bare håpe at det ikke blir bruk for kjettinger over Brennerpasset. Værmeldingen ser ikke gunstige ut, men mye kan forandre seg på et par uker. Kjøreskoene er prøvd og de passer fortsatt. Slepetau er også innkjøpt, men helst med tanke på at APE'n kanskje må ha nødstart.

    SvarSlett

  2. Men blir det bruk for så er dei på plass, kjettingane. Godt bilen har krok, då kan me kanskje hjelpa andre som ikkje har god nok framdrift.

    SvarSlett