Translate

søndag 31. januar 2016

Bare velstand

Meir og meir for kvar dag som går.  Når i tillegg godtfolk tek turen for å sjå korleis det går med gyvelen, då kan det mest ikkje verta betre.  Han som steller med oliventrea våre heldt på å rive gyvelen opp som ugras ein gong, men eg fekk heldigvis stoppe han i det. Greiare då med dei som har sytt for gyvel på tomta vår.  I tillegg ti inspeksjon av gyvel har de avbilda litt anna av det som veks, og det set me umtelig stor pris på. Blir som ein snartur ned til vårt vesle hus for glade dagar.
I år kan det bli velstand med omsyn til mandler og. 
Struttande knoppar ber bod om rik blomstring.
Lidl-lyktene langs innkjøringa står der dei skal stå.  Ser visst ut som dei heng fast i muren, men de gjer dei ikkje. Heilt laust og lette å plukke med om ein skulle kome på den tanken.    
Det veks heile tida. Pelargoniaen veks visst aller mest. Nære på som ugras.
Terje kom med ein pose favebønner like før eg reiste heim i oktober. Som de ser, har dei spirt mest alle som ein. Oppbinding må til nå, og så må me nok finne ein måte å lure til dei noko vatn medan ingen av husfolket er på plass i mai.
Nedfallsappelsiner skulle ein kanskje tru dette er. Mine gartnerkunnskapar er heller mangelfulle. Fotografen her sette meg på ein ide om at det kanskje er grapefrukt. Når eg leitar langt bak i harddisken, så er det mest som eg hugsar det var det Nick hadde planta.  Eit anna godt forslag er chironja eller orangelo som begge er resultat av kryssing mellom appelsin og grapefrukt.




















At dette er clementiner er ganske så sikkert. 
Noko anna som og er ganske så sikkert er at eg i alle mine italienske år, då reknar eg frå 6. februar 1998, har hatt hug til å kle på meg ein cinquecento. Ja, større er den ikkje enn at den sikkert må kjennast som ein litt romsleg jakke når ein har fått manøvrert seg inni. Ikkje det enklaste i Italia å få lov å setje seg bak rattet i eit slikt klenodium. Men nå ser det ut til at sjansen kan by seg.
Eg fekk jo sist sommar erfare det andre kjøretøyet som fekk italienarane på hjul etter krigen. Det kjøretøyet hadde bare tre hjul, men med ein liten seig motor under planet. Denne makta å frakta både meg og ein heil haug med plank 25 kilometer utan andre problem enn at førararen nærast vart dehydrert i varmen. Tett oppunder 40 grader hadde me den dagen. Dei flira forresten godt dei godt vaksne mennene utanfor kaffibaren i ei rundkjøring i Ceglie. Dei fekk seg eit avbrekk frå løysing av verdsproblema når dei fekk auge på ein overlessa Ape, med det som med i deira auge sikkert såg ut som ein ape bak rattet.

Om nokon andre enn eg skulle lurer på korleis det går med Opelen, så har kverna tatt den.  Fælt så lang tid tid det tok kan ein seie. Typisk italiensk vil vel andre seie.   Eg held fast på mitt mantra i møte med systemet: Det er ikkje vanskelig, det er bare annleis. 

Så får me sjå då om det er betre med Audi enn med Opel. Han eg fekk Audien av er sikkert ikkje enig. Han kjører Opel Insigna i dag. Harde møte med slikt som ikkje har noko å gjere midt på ein motorveg har gått godt så langt, ingen personskade. Men eg må bare få repetere: Stoppklossar i stål og slitebanar på lastebildekk vil eg ikkje treffe fleire gonger. Det kostar meir enn det smakar.                                         

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar