Translate

søndag 10. januar 2016

Ein kan vel aldri vera for godt budd.

Våren 2015 gav Web-camera mange fine stunder med bilete frå huset vårt i Italia, men det tok kvelden. Det var opplegget som tok kvelden eller rettare sagt; eg kludra til innstillingane på appen på den gamle mobilen, noko som førte til svart skjerm. Problemet var at kameraet var retta mot staden der me brukar å sitje utandørs når me vil slappe av eller nyte ein god kopp kaffi.  Det vart litt tungvint å passe på medan me meir eller mindre lettkledde hoppa frå side til side for å unngå å bli altfor eksponerte og kringkasta til alle som har funne adressa til bloggen.  
Det er ganske så irriterande å ein gong ha fått til noko for så i neste omgang stå heilt fast. Nå har eg skrive ut instruksjonane som høyrer til appen OpenSmartPhone, så då bør det bli eit fast innslag i bloggen vidare.

Klikk her, så får du ein liten gløtt av livet i Villa Felizia.


Her skal koma ekte bilete frå vårt vesle Paradis,
Det lovar eg. Håpar eg klarer å halde det og.

Eg likar å ha ting på plass i god tid. Ettersom billett til Fjordline er på plass, har eg brukt litt tid på å finne noko anna som kan gjerast klar. 

Harald Årsland AS har sett Audien i EU godkjend stand. Nye hjullager bak og nokre fôringar i hjulopphenget framme var det som måtte til. Ny spegel på førarsida og nytt blinklys høgre side framme måtte og til. Dekkglaset hadde falle av. Om eg bare hadde funne det, kunne eg brukt teknikken eg med suksess tidlegare har nytta meg av når det gjeld Audi og lause deler i blinklys. Tyggi kan vera godt ikkje bare i munnen. Eg var klar over at festemidlet var litt mindre enn 100% sikkert, men mine kjære søner var ikkje klar over det i det heile når dei var på tur nede i vårt dejlige naboland. Blinklyset datt heilt av, etter at det først medan det endå hang etter leidningane, laga ulydar mot framskjermen.

Kjøring over 

i starten av mars krev vinterutstyr på bilen. Etter å ha forhøyrt meg med røynde folk som har fare over passet ti alle tider av året, såg eg ikkje for meg noko problem med sommardekk. Av og til kan det vere greitt nok å vere uvitande. Om eg ikkje hadde sjekka veg og føreforhold hadde me sikkert kome både opp frå Innsbruck og ned att til Bolzano, 

men der på infosida vart eg klar over at i perioden 15. november til 15.april er det ikkje lov å kjøre utan å vere skodd for vinter, dvs vinterdekk. Ikkje hadde eg tenkt å fylle opp bagasjerom med piggdekk. Nei, der skulle det vere plass til koffertar, litt reiskap så som elektrisk pussemaskin. For ikkje å snakke om pikkesteinen som skal med nedover til "sørens land". Det er Livar som treng den, ja til hønene altså. Lukkeligvis stod det eit tillegg til påbodet: 
FALS KEINE WINTERREIFEN MONTIERT SIND, 
IST DAS MITFÜREN VN SCHNEEKETTEN PFLICHT.
Dette hende ein sundag, men sjølvsagt måtte eg som er både uhemma og prinsipielt motstandar av sundagsopne butikkar ha tak i snøkjettingar same dag. Me spør ikkje lenger kor ein kan finne butikk, nå er det bare spørsmål om å FINN(.NO)e rette folka som kan tilby det ein vil ha. Å bli av med  ein hundrelapp og ein kjøretur til Nærbø var det som skulle til for å gjere overfarten over Brennerpasset tidleg i mars lovlig. 
Kor lenge er det så att til ein utflytta varhaugsbu (kan kje godt sei det som det er heller) og ein grønlending fer avgarde?

Då bør du helst vera komen ombord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar