Translate

torsdag 7. januar 2016

Godt budd, halvvegs tilbakelagt strekket til Puglia

Apropos kvern; det er vel 23-åringen (sjå førre innlegg) som  var den mest naturlige kandidaten på veg inn i kverna. 23 år, godt på veg til 24 er ikkje så fryktelig gammalt for folk, men gjeld det bil så er det ein aktverdig alder. Mange duger ikkje anna enn til spiker når dei kjem i den alderen. Ikkje kjenner eg så mange på den alderen av bilar. Ein TransAm er kanskje unntaket, den er over 40 år gammal. Langt inni veteranane sine rekkjer med andre ord.

Første etappe av årets «No vil me fara til Puglia», Florø til Vigrestad gjekk fint. Endåtil litt piggdekk kjøring i Bergen utan å betale avgift gjekk greitt. Hadde nok tenkt å betale, men midt i eit vegarbeid skulle eg ha svinga av såg eg etterpå. Der, på det eg oppfatta som ein sideveg, stod det ein automat som ganske sikkert kunne tenkt seg nokre kroner frå lommane mine. Viljen til å betala var der, men så skuldar eg på dei som har plassert automaten på ein stad der ingen skulle tru. Dei 30 kronene vart liggjande i min lomme og  mitt hovude slapp eg å ta ansvar for det.

Norge er underlagt EU på mange område, og det var vel gjerne EU som først påla oss alle EU-kontroll. No heiter det vel PKK. Av og til kjem eg på idear som er så glupe at eg knapt skjønar det sjølv. EU-kontroll må ein vel kunne ta på verkstad i EU like så gjerne som her i Norge. Trong ikkje bruke lang tid på å finne rett svar der nei. Me kan jo ikkje lite på at verkstadar i Danmark, Tyskland etc etc gjer skikkeleg jobb, difor MÅ kontrollen takast i Norge. Eg fekk slik hakeslepp at eg hugsar ikkje heilt kven som gav det svaret, men eg trur helst det var ein av vegstasjonane våre.  At det kan vera gode grunnar for ordninga slik den er nå, er mykje mulig, men med all respekt for norske bilverkstader fins det gode og mindre gode, både her og både der.


Fjordline tek oss inn i sitt gap fredag 4. mars. Eg kom i skade for å blande Fjordline med Fjordland her om dagen. Får satse på å ende i rett gap den kvelden. Ville bli ganske så feil om me enda i Fjordland sitt gap. Kunne bli uønskt smak på middagane deira av det. Me, skriv eg. Anne Marie kjem først nedover nærare påske, 16. mars. Paret på Pugliatur er meg + ein som stilte seg opp og haika i god tid før turen var heilt planlagt. «Adle galne he dæ kje likt» brukte me å sei. «Nogen he dæ ligare enn andre». Hai-karen ber namnet Livar. Det er me to som skal gjera Autobanen i lag i eit drygt døgn.  Etter det ublide og skjebnesvangre møtet nede i Calabria mellom Opelen vår og ein kile i stål, kvepp eg som bare det kvar gong noko ukjent ligg der midt i kjørebanen.  Spørs om me får lage til utkikkstønne på taket, så kan me ha utkikksvakt etter tur. 
Ilandkjøring på Contajnerkai Hirthals. Det er der Fjordline legg til med ferjene sine.

Når utsikten er som dette, ja då veit me at me er på rett veg. 

Kjøringa er effektivt planlagt. Kilometer etter kilometer skal leggjast bak oss. Stopp bare for tilførsel av næring for Audien. Stor tank og passe fart skal gje stopp sånn omtrent 4 gonger for det føremålet. Stopp for miging kjem så i tillegg. Eg held nok tett minst  i ein havtime medan co-driver og vakthavande i utkikkstønne etter «eget sigende» snautt treng ta bryet med tur innom anna enn eit par gonger pr dag.  Sov, kjør, sov, kjør, sov, kjør, sov, kjør . . . . . . Med ei god lydbok frå Storytell på øyret eller musikk frå Spotify satsar eg på å vere vaken på mine vakter. Om minste felles multiplum finst på musikkfronten veit eg ikkje, men der finst då høyretelefonar. Hjelper det ikkje med Spotify eller Storytel får eg gå over til det flytande. Både Redbull og Burn har vist seg å vera til hjelp før. Noko søtt skvip er det, men det duger i staden for fyrstikker, ja du er vel klar over at fyrstikker kan setjas i spenn mellom øvre og nedre augnelokk. Då held ein i det minste augene opne. Kor mykje hjelp det er i forhold til kjøredugleik med dette trikset, det står att å sjå.
Det som ligg i blikket på oss road-tripparane er nok dette:
 
Me får satse på at alt går vår veg. Brått er me framme ved våre rspektive mål: Villa Serena og Villa Felizia





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar