Translate

onsdag 15. april 2015

Rundt og rundt

Å gå Rundvegen rundt heime på Vigrestad er ingen stor kunst. Ikkje er runden så veldig lang heller. Lett nok å få god rundetid.
Nå trur du kanskje det er i ferd med å gå rundt for meg. I alle fall om eg fortel om siste prosjektet. Rundt huset vårt, Villa Felizia ligg det mange småbyar og minst ein ganske stor. 
Går det an å gå rundt dei, utan at det til sist går rundt for meg sjølv?
Eg er godt i gang kan du sei. Med å gå. Brindisi gjekk eg rundt for ei veke sidan, den dagen Anne Marie reiste tilbake til Vigrestad. Som de ser legg eg etter meg små blå punkt på mi vandring. Dette gjer det lettare etterpå å dokumentere at eg verkelig har gått, ikkje bare på kartet. 
San Vito dei Normanni har eg lagt bak meg mange gonger tidlegare, men så var det desse små blå punkta som måtte fordelast for å gjennomføre prosjektet på skikkeleg vis.
I dag har Francavilla Fontana blitt sirkla inn. Kva byar er så att? San Michele Salento, Oria, Carovigno og Ceglie Messapica. 
Då eg runda eit av siste gatehjørna i dag, var det mest som eg tok til å lure: Er det rett og slett så gale? Synsbedrag? Går det rundt no? Nei, det var dette eg såg.




Spenstige former kan du sei. Lurer på kva kommunen heime ville sagt til slike sprelske linjer, kommunen som i si tid ikkje umiddelbart klarte å seie ja til eit jærhus midt inne i eit byggefelt på Jæren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar