Translate

mandag 20. april 2015

Kan mat bli for god?

Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura, Latiano

Reknar med det kan vere minst like interessant som "Bergenbanen, dråpe for dråpe" eller "Hurtigruta, vindkast for vindkast".

Livet her går sakte vidare. Siste rapportane frå velinformerte kjelder tyder på at skaden i handleden er i ferd med å verte hela. Går jo an å ta det med ro litt til, utnytte heile potensialet kan du sei.

Mat er her nok av, og går ein på dei rette plassene kan ein få teste smaksløkane på saker som før aldri har funne vegen inn mellom mine lepper. På vegen mot La Silvana MÅTTE eg bare stoppe for å få med dette: 

Søndagslunsj på La Silvana, meir treng ein ikkje seie for dei som kjenner staden. For dei som ikkje kjenner staden, kan det kort oppsummerast: 

Slett ingen mare å sitje til bords der. Det vil sei, mare var det, rett og slett MARE. Eine sjøretten etter den andre, mest så eg etterkvart knapt kunne forstå at havet kunne by på meir etande. 




Eg trur eg overlet namngjevinga til dei mest ihuga av dykk som les her. Dette er altså bare eit lite utval av det som i løpet av 4 kjekke timar kom på bordet.
Noko anna som er bra med sjømat, er at ein kan eta seg stappmett utan å bli bortimot uvel slik ein kan bli når ein et vel mykje kjøt. Så lurer du kanskje på korleis eg som alltid er så forsiktig i matvegen kan vite noko om det? Kanskje ser du for seg svaret, men det vil eg absolutt ikkje høyre.
Heimvegen via Fasano gav utsikt i klasse med både blomstereng og frutta di mare.  
Her kan vere ganske så bratt her i sør når ein bare kjem litt unna flataste slettelandet der me held hus. Når vegen hallar 18% nyttar det ikkje lenger å halde att på motoren. For å sei det slik, er det godt at han som var på handel av ny brukt motocultivatore  ikkje hadde bakker av dette slaget å klatre opp eller renne ned. Det kunne fort vorte farleg for han bak mopedstyret inni Apen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar