Eg har lova meg sjølv at motorsag det er ingen heilt aleina aktivitet. Heldigvis har eg ikkje lova Anne Marie dette, ho er bare veldig samd i at det er lurt å la vere å bruke slike hjelpemiddel. Eg tok med overfallsalarmen som er kopla til VigilNova. Trebuskane som skulle vekk stå oppe ved vegen. Nå er dei vekke. Ingenting anna er vekke. Alle fingar, arnmar føter osv er framleis på plass.



Tid til ei lita byvandring før retur til Villa Felizia. Latiano er ikkje den mest spektakulære av dei italienske byane eg kjenner til. Men sin sjarme har den, har me funne ut.
I dag startar regimet. På grunn av diverse feiringar framover, ikkje i mai eller juni i år, men sånn ein gong litt lenger fram, har eg planlagt eit siste forsøk på å få klemme kroppen min inn i finaste drakta eg har. Det er ganske mange kilo sidan eg sist hadde den på. Hadde det bare gått an å lirke og presse og smørje med olje eller såpe, slik eg måtte gjere når ringen måtte av pga forstuinga av handleddet. Då fekk eg den av ved å presse frå utsida av ringen. Nytta ikkje på noko måte å ta tak i ringen og lirke.
Så får me då sjå til 17.mai 2016 kva antrekk det blir.
Blomkålbukettar, både grøne og kvite, frityrkokt i frityrgryte frå Lidl
saman med tomat, salat, mortadella og skinke skal visstnok vera ganske så effektivt.
Frukostdessert er ganske godt det og. Kaktusane utanfor husete vårt ber grøde så det held. Guido, meglaren spurde om å få hauste i september, og det fekk han sjølvsagt. Han var innom her om dagen og hadde med seg vareprøve. Kaktusfiken som ein får tak i heime og, faktisk på Vigrestad, blir dyppa i ei kalkblanding som tydeligvis fungerer som ei slag konservering. Søte og friske på smak etter å ha blitt lagra i eitt halvt år.
Etter å ha kjørt Anne Marie til flyplassen fekk eg det føre meg at eg ville finne ut omtrent kor langt det er rundt indre by Brindisi. Ikkje meir enn ca 8 km fann eg ut, men då var nå dagens trim unnagjort.Eg har ingen ambisjon om å ta opp komnkurransen med Trine. Matblogg skal dette ikkje vera, men så er det nå slik at det er lett å ta bilete av slikt som ligg på fat eller tallerken. Her er dagens lunsj, rødløk, terna bacon og tomat. Smakar faktisk ganske godt.

Kva skal ein ha til kaffien då? Ikkje så lett det for slike som meg som aldri kan få nok av det søte når eg skal prøve å unngå både kjøl og sukker. Finn nok ei råd tenkjer eg. Til kaffien etter lunsj var det Emmentaler i terningar som vart løysinga.
Går dette godt framover har eg liggjade ei halvplate Freia Melkesjokolade. Skulle vekta gå for fort nedover, er det bra å ha noko å kompensere med.
Litt utsyn på korleis dagane går her sør
Tror du klarer deg aldeles utmerket i "ensomheten" også. Kjekt å lese blogginnlegget. Men VÆR FORSIKTIG med farlig redskap a la motorsag.
SvarSlettNå minnet du meg på at jeg skal skrive en anmeldelse av Meggi og Pascalones restaurant! Kos deg videre:-)
Tor