Translate

mandag 13. april 2015

Lokal KLIMAENDRING

Ikkje noko forsøk på å  GNI det inn. Her har ikkje vore temperatur til å skryte av så langt. Det hjelper på nå etterkvart. Når det tippar 20 talet, kan eg vel ikkje som "grønlending" hutre lenger. 
Det var langt unna sola, i skuggen under tak på frukostplassen vår. Der morgonkaffien og ciabattaen  vart nytt, før vår snekkarkyndige son ordna med tak over plassen der me kan følgje med på trafikken og vinke til dei forbipasserande på alle slag kjøretøy; Ape, traktor, personbilar, varebilar, små lastebiler og på søndagar fer det forbi syklistar som trenar til Nordsjørittet. Eg reknar med det må vere Nordjørittet syklistane skal vere med på. Må vel vere det, for det er fart og det å sykle i klump som tel.

Den gamle trykktanken frå Villa Serena (Sofie og Livar sitt puglianske paradis) har endå i år ikkje stetta opp under mine pyromane tendensar. Brenning direkte på bakken av olivenrusk og olivenrask er det lengste eg har brunne det til så langt. Det som har gått raskast opp i fyr og flamme, er greinene frå rosmarinhekken vår. Dei snakkar om bensin til bålet. Kunne like gjerne ha snakka om rosmarin til bålet. Har ikkje kome på å prøve endå, men vil tru det kan fungere ved opptenning av omnen inne og.
Museete madrasstrekk avslørte innmat som hadde sett betre dagar. På bålet med den. Brann gjorde den, saman med greinene frå mimosatreet vårt som ikkje stod mot vindkasta i løpet av vinteren. Langt langt  bak i tanken min veit eg at det kan hende bidreg til KLIMAENDRING denne brenninga av petroleumsprodukt. Litt meir usikkert om det blir mot varmare eller om det blir mot kaldare tider. Same kva så må det vel vera betre å brenne det, enn å slenge det frå seg i ei grøft eller langs ein steingard. Det er rett og slett fælt å sjå korleis mange kastar frå seg både stort og smått, bare det kjem langt nok bort frå deira eigen eigedom.  Eg skal ikkje skryte på meg at eg forstår korleis det heng saman, men nokon har fortalt meg at folk kjenner lite ansvar for fellesområda. Fortau utfor hus i småbyane blir gjerne vaska med kost og fille, medan grøfta like utfor byen må ta til takke med å vere ly for avdanka toalett, gamle kjøleskap,
gamle vaskemaskinar, stolar og sekker med mindre avklara innhald. Ikkje alt på ein plass heldigvis, sånn litt spreidd så det kan vere til hugnad for forbifarande ikkje bare i ein stor dose, men i mange små. 
Døden Puglia kan vere brutal, anten det er ei stålstong som smell til over musenakken eller det er hjulet som fangar ein liten krabat slik at det ikkje lenger er noko problem å få bilete av den. 
Den har sprunge siste turen kan du sei. Flyttar ein blikket litt ut-forbi vegen, litt utanfor steingardane kan ein kvile auga på det fine:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar