Translate

fredag 3. april 2015

NAF, en venn i nøden

Dag for  å vera ute var det i går.  Mest som å gå i eit eventyrland, mellom nykalka trulli og langsmed blomstrande enger. 
Fredfullt er her og. Endåtil tidlegare omtala problem med laushundar er teke hand om. Mine fine blå har fått fylgje av eit avdanka blått kosteskaft. Stil må det vera over det. Sko og skaft kan bli gode turkameratar framover. 
Frukost ute, føremiddagskaffi ute, lunsj ute, mellemat ute. Kunne me då anna gjera enn  ut å eta på kvelden og. Ikkje slik ute under open himmel då på kvelden. Bare slik eta ute.
Mellom dei vene byane i området her finn me Cisternino. Ein dryg halvtime å kjøre frå oss i Villa Felizia,  men kva er vel det når resultatet er utsyn som dette. 



Byen er større enn me trudde. Mista ikkje oversikten heilt, men me runda meir enn eitt ekstra kvartal for å finne att Corsaen. Jau, der stod den akkurat slik me hadde sett den frå oss.
Stad å ete var enkelt nok. Me fekk oss bord heilt oppunder tak. Fekk meny og bestemte oss for kva me ville ha. Tomt for Euro  i lommane. Tek de kort? Nei, dessverre, men det er minibank like over gata. Men det visste me, for der hadde me fåfengt prøvd å få ut pengar like før me stakk over gata for å få oss mat. Nå vart det meir vandring for å finne Bancomat. Den vesle byen var større enn me trudde. 
Banco di Napoli gav oss dei pengane me ville ha. Endelig tid for mat. Første og beste plassen me fann, tok me inn. Ikkje til å tru kor god og mettande mat ein kan få på ein stad Trip Advisor fortel oss er stengt. Godt eg ikkje sjekka nettstaden deira først, for då hadde me rekna med det var slik det skrive stod. Rotollo Vitello med drikke til og kaffi på huset. Ingen upris for så godt eit måltid mat, men heller ikkje direkte billigsalg. 



Parkeringsplassen vår må ha blitt funnen på instinkt. Greitt å vera utstyrt med eige do når ein skal  vera ein stad nokre timar. Frå bilen kom det bare klikkelydar når eg vreid om tenningsnøkkelen. 
Kva gjer ein då seine kvelden langt her sør i Puglia. Mykje styr å ringe kjenningar når ein ikkje kunne vite heilt kva som er gale.
Ufatteleg kva ein fiksar med desse små plastkorta. Ein telefon til Oslo, omtale av problem, informasjon om bil og adresse og så var det bare å venta. 
Det varte og rakk, men etter eit par timar kom ein kar frå Fasano i ein gul Iveco bergingsbil. Framleis bare klikkelydar, men meir skulle ikkje til enn ein kraftig jumpstartar så sveiv bilen som bare det. Nokre folk er bare fødde for jobben dei har. Denne mannen var av det slaget. "Salve", helsa han då han kom 00:30. "Buona notte", svara eg.  "Buona notte" kom då i retur.  "Motore non si avvia" hadde eg lært meg medan me venta.
Me vart formana om ikkje å slå av tenninga på veg tilbake hit til Villa Felizia.  Fekk forklart at eg ville parkere i litt bakke for eventuelt å trille bilen igang att. 

Bare 6 - 7 km til verkstaden AutoPro i San Michele og der reknar eg med at det er mulig å skaffe nytt batteri til vår "macchina".

AutoPro er god. Er vel fast kunde der etterkvart. Service på Giottiline og service på Opel kvalifiserer til fast kunde å rekne. 
Etter litt leiting på lager etter rett type batteri var bilen endå ein gong god som ny. Sjefen kom deretter og målte ladespenning for å vere på sikre sida. Spenninga var god og dermed kan ein runda av med: "Case closed".

2 kommentarer:

  1. Godt det ordner seg, men du kunne jo ha spurt meg om å dra deg i gang. Då hadde det blitt en smule kortere ventetid.

    SvarSlett
  2. Æ me i Italia? He du haurt om lugeparkering? Bilede æ toge lenje ette æg hadde ringt te NAF å itte atta adle di andre så hadde våre ude å ede, sikkart va inne haima sjå sæg sjøl atte.

    SvarSlett