Translate

søndag 29. mars 2015

Så langt frå sanninga ein kan kome.


Martina Franca er såpass stor by at sjølv med innebygd GPS, slik hjernebasert ein som eg har, så er det ikkje alltid helt enkelt å vere sikker på at ein er på rett veg. Den kvelden var me litt usikre på om paraplyen måtte i bruk. Men heldigvis, der borte openberra staden seg. Me kom oss turrskodde fram til Osteria del Coco Pazzo da Stefano

Anne Marie og eg har vore der før med mange forskjellige av våre gjester. Kvar gong har maten vore framifrå. Servering likeså. 
Antipasti for to var mest nok for alle tre, men om ein enn får smaksløkane stimulert nok etter 10 - 12 utsøkte smakar, så er i allefall eg slik laga at eg fort vil ha meir av det som godt er. 

Meir vart denne kvelden Pork Pie for Tor. 
Svinekjøt saman med søt småløk omnsbakt i 
rødvinssaus og lokk av paideig.  
Anne Marie gjekk for lam
Eg gjekk for svinenakke på ei seng av tynnskorne friterte potetskiver delikat anretta ved bordet av Stefano i godt slag. 

Rett og slett ein stad der me får lyst å kome tilbake. Denne gongen var det Tor som var den heldige gjesten vår..

Bare for løye måtte eg ha meg ein kikk på TripAdvisor for å sjå kva omtale dei hadde av denne, slik me ser det veldig gode plassen.
Kven som har hatt ein dårlig dag veit jammen ikkje eg. Eg haller mest mot at Scarlet anten må ha vore ein heilt annan plass, eller så må ho hatt ein utruleg dårleg dag. 

Staden  me gjekk frå for ørtande gong i godt lag, der vart nemnde Scarlet beden om å gå. Dei ville rett og slett ikkje ha henne som gjest lenger den kvelden ho fann det for godt å stikke innom. For meg viser det bare at auga som ser kan vere ganske så avgjerande. Ho kan ikkje ha oppført seg som drømmegjesten vil eg tru. La deg ikkje lure av TripAdvisor når du skal velje kor vil ta eit bedre måltid. Hadde me ikkje visst betre, kunne me trudd at Osteria del Coco Pazzo da Stefano var ein stad ein måtte halde seg langt unna. Så langt frå sanninga ein kan kome.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar