Translate

lørdag 21. mars 2015

Blir me aldri kvitt dei ubedne gjestene våre?

 Gitter på dører og 
gitter på vindauga.
Ikkje mindre enn trippel lås på døra til cisternerommet
Sensorar i alle rom
og radiolink til alarmselskap. 
Hjalp det? Nei. 
Ein skulle mest tru ein var på Jæren. 
Jamfør innbrotsbølga med siste registrerte 
innbrot i Verdalen 20.03.2015
 Her var tydelege spor etter ubedne gjester denne gongen og. 
 Så fryktelig mange har det nok ikkje vore, 
og så fryktelig lenge har dei ikkje halde på. 
Har nok funne lite mat. Det som var att i haust var 
anten i kjøleskap, frysar eller overskap på kjøkken. 
Dei små firbeinte røvarane har nok vore ute etter byggjemateriale. Byggjemateriale til bol. 
Beste materiale tilgjengelig var ull og dametruser. 
Mine fargerike boxerar fekk liggje i fred 
i naboskuffa som også hadde hatt vitjing. 
Trur du dei små krypa gav seg med nedste skuffa? 
Nei, der såg det ikkje ut til at dei hadde vore innom ein gong. 
Heilt til topps i Ikeakommoden måtte dei. Ein skumgummimadrass med trekk på, har sikkert fungert kjempegodt som klatrevegg. 
Har dei rappellert etter fullført ærende?
Spørsmålet som då står att er kva opning 
dei har funne som eg endå ikkje veit om.. 
Eg las nettopp at ei mus treng ikkje større opning enn til hovudet, så klarer den å presse resten av kroppen gjennom etterpå. 
Så fleksibel kunne eg og tenkt meg å ha vore.
 Bak doen er det ei nokså stor opning. Sidan eg ikkje er særleg fleksibel får eg ikkje plass mellom doen og veggen for å ta ein kikk. Ikkje usannsynleg at der kan vera hol i samband med avløpsrøyret sin veg gjennom veggen.
 Røyrgjennomføringane er vel gjerne der eg må leite.
I første omgang får eg prøve med skremselspropaganda. 
Kom ikkje hit og ta av overfloden vår. 
Syns nesten eg høyrer dei høgfrekvente kvina frå PEST REJECT.  Får klare seg med det enn så lenge. 
Blir nok ganske så velprøvde metodar etterkvart. Eit velretta slag i nakken eller litt smågodt å ete, som ikkje er så godt likevel. 
Ho flirer godt der ho sit. 
Ho skulle bare visst kva planar eg har.


1 kommentar:

  1. Kanskje kan du få litt godstoff av oss. Hvis vi har igjen etter våre ubedne gjester. Vi snakkes mot neste helg.

    SvarSlett