Translate

torsdag 19. mars 2015

Liten krok

Den må tidleg bøyast som god krok skal bli. Eg har latt meg fortelja at denne innretninga er for å halde bilar unna veggen. Erfaring seier meg at dei kan vera rett så effektive til andre ting og. Har du først blitt hykka ein gong, går du ikkje meir rundt i svima med nasen i sky. 
Kanskje familien Hausken skal satse på fast avtale på Ospidale Antonio Perrino.  Nå slapp eg unna med ein halv dag i motsetnad til Helge, som hadde 6 døger der sist sommar. Eg slapp fort inn, etter ein dryg halvtime var det tatt røntgen av handleddet. Det var då ventinga tok til. Lenge og lenger enn lenge sat eg på venterommet for akuttmottaket. Mykje å sjå på, men kjedelig i så stor dose. Ein portør henta meg og viste veg opp til kontoret der ortoped venta. Kølapp og ny venting. Fekk der med meg litt av det som kan styrke fordommane mot Italia. Inn i korridoren kom det to væpna politimenn. Dei sveiv litt framfor døra til legen før dei gjekk att. Tibake kom dei endå meir mannsterke. Nå var dei fem væpna menn og midt mellom dei gjekk  ein mann med handjern og wire fastlåst til handjerna. Det var mann i band kan du sei. Kanskje ikkje typen du ynskjer å møte i ei mørk bakgate. Eg tenkte det og du tenkjer vel kanskje det same du og. Ma _ _ _? 

"Molto gentile" sa portøren om legen eg skulle til. Det var OK at eg kom frå Norge. Sjølv hadde han vore på bryllupsreis med Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes.  Med handa stod det ikkje så ille til, og godt er nå det. Ikkje brot eller brest, men kraftig forstuing. Ein del hevelse er der og. Støttebandasje der og då, bandasje med borrelås og spiler fekk eg beskjed om å kjøpe og bruke i tre veker. Ikkje kjøre bil og halde handa mest mogeleg i ro.  Eg som hadde planar om å ta ein tur med Hondaen når eg kom hit ned. Får nok vente til etter påske med det. Ikkje så lett å kjøre Honda med bare ei hand.

Eg ringde Palma for å høyre om eg skulle gå til lege først eller om eg kunne gå direkte til sjukehuset. Medan eg sat og venta på papira dukka ho opp. Lunsj hos henne og beskjed om at var det noko eg trong hjelp til, skulle eg ringe.  Palma er ein raser med mat. Risotto, brød, ost og salat var meny for dagen. Farsdag vart feira  i dag, og då er det zeppola som gjeld. Av ei røre som liknar røra til vannbakkels vert det trylla fram søtmat av klasse. Kakene blir frityrsteikt og fylt eller pynta med vaniljekrem og som her friske bær.

Då eg svinga inn "heime" var porten låst. Låste den ikkje sjølv då eg for. Løfta så blikket og då, då oppdaga eg det mest positive denne dagen førte med seg. Vekstkrafta til ugraset er stor. Siste eg gjorde i haust før eg reiste heim var å frese min del av jorda vår. Mest så ein skulle tru det var å preparere for god ugrasvekst, og det er det vel og. Ugras trivst vel og i luftig og porøs jord.


Her er dei før og etter bileta som Livar rekna med ville koma. Øvste biletet er tatt før Hondaen fekk første start dette året. Utruleg nok er det nederste biletet og tatt før fresaren var dregen i gang.


Forklaringa er nok at Clemente syns det ville vera greitt for oss å feire  påske her utan at me skulle streve med jorda. Kan vel han vite at nettopp fresing er det eg har gledd meg til heile vinteren. Det er noko av det mest avslappande eg kan tenkje meg å gjera. Då er det bare meg og Hondaen som eksisterer.  Passe på kor djupt fresaren går, halde seg nokolunde til ein bein kurs. Alle tankar utanom det, kan bare ta seg ein pause enn så lenge. Ein treng ikkje sitje i ein stressless for å bli stressless. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar