Translate

onsdag 22. april 2015

Ombord på Vestfold kom eg

Fast spalte.    Daglege oppdateringar. Klikk deg innom på:
Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura Latiano
Felizia Villa Felizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Feizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia Villa 


Tok ut i otta i dag. Som ein  Oslotur omtrent, på noko betre vegar enn det me har heime. Eg ville meg ein tur til Sicilia. Mesteparten med midtdele, og det er jammen meir enn godt. Eg oppfattar det slik at italienarar stolar på dei andre trafikantane. I meir saktegåande bytafikk er det greitt. Slepp fram andre og du slepp fram sjølv. Same mentaliteten ser ut til å ligge under hos ein del ved kjøring på veg utan midtdele og fart på både 100 og meir. Det grøssar i meg gong etter gong når motgåande bilar legg seg ut og skal forbi sjølv om det slett ikkje er fri bane. Å legge seg i ly av ein lastebil funkar godt, då har motgåande såpass respekt at dei ventar til den store er forbi.


I billettkø til Messina opplevde eg tigging på eit litt meir avansert nivå enn eg før har vore med på. To menn rundt min alder, veiva og vifta med armane, såg ut til at dei hadde ein viss autoritet og. Der skal bilen din stå vart formidla på ei overtydelig måte. Eg gjekk på eigne ben til billettluka, men kunne dei ha flytta beina for meg hadde dei sikkert gjort det. Billett fekk eg, og betalte gjorde eg. Då eg vende ryggen til billettluka sto dei to med beskjed om dei skulle ha 10 euro for tenestene sine. Eg måtte spør han i luka om eg hadde betalt alt eg skulle for overfarten, og det hadde eg. Greitt at der var andre folk og tilstades, for det siste dei to kameratane såg av meg var ryggen. Kameratane var av det slaget eg helst ikkje ville møtte ålene i eit trongt smau. Lastebilar er gode på mange vis. Eg hengde meg på ein sværing som var på veg ned i hamna.  Det var mest som om billettane til Tau-ferja skulle skaffast på Jernbanestasjonen i Stavanger og så skulle ein finne veg ned til ferjeleiet som best ein kunne.

Eg reknar med at båten sette pris på å få ein  nordmann ombord slik etter gammalt. Vestfold har nok frakta ikkje heilt få nordmenn frå Horten til Moss og motsatt. Påsveist namn på hamn kunne endå lesast: Horten. Nå har den altså fått nye oppgåver, frakt av personar og gods frå fastlandet og over til den store øya som ventar på eit spark frå støvellandet.

Messina er sikkert ein fin by, men verre by å parkere i trur eg knapt eg har vore i. Eg fann meg ein plass der det stod fleire bilar frå før. Spurde endåtil ein fyr på scooter om det var ok. Han var litt usikker, og då eg såg betre etter på eit skilt var det visst eit kollektivfelt.  I ei anna gate fann eg parkering under eit appelsintre. 
Sidan det var bakke ville eg helst ikkje stå for tett bilen bakforbi. Lurer i grunnen på om eg var litt stressa, for ikkje meir hadde eg gått ut av bilen så var der ein av desse søte små i bilverda på plass mellom Opelen og den andre bakfor. Han riksa rett nok litt fram og tilbake, men på plass smatt han med den vesle Cinquecentoen, å den plassen eg hadde sikra meg når eg ville ut av parkeringslommen.
Frukt og blom på same tre til same tid? Eg trur eg må lesa meg opp på dette. Har sett det på sitrontre før. Mykje tyder på at det også gjeld for appelsintre.














Medan eg venta på at timane skulle gå, gjekk eg. Tida går fortare når ein går. Endå eitt par timar att til avtala ankomst airbnb. Fekk litt problem borti gata her. Eg lurer på om nokon har gløymt seg heilt bort. Syns nok at offentlige klokker må stillast til sommartid og vintertid. Her var det ikkje gjort. Stemte i allefall ikkje med verken mobilen eller armbandsuret mitt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar