Translate

fredag 30. juni 2017

Travelt å venta

Ja no skal de høyra: Det er travet å venta time etter time etter time etter time. Og er det vatn ein ventar på, er det helst merkelig kor lamma ein blir. Går mest betre å klare seg utan straum, men om så skulle vore nå her, så hadde det i alle fall garantert vorte varmt. Ikkje det, her ER varmt så det held, men inne med propell i taket eller luftkjøling så er det levelig og midt på dagen. Morgonen er fin, kvelden og natta eg også fine. 
Men det var den ventinga. Etter bortimot 4 dagar utan anna vatn enn kjøpevatn i kjøleskapet og litt dusjvatn i bubilen, var endelig ventinga slutt i går på torsdag. Akkurat det å venta er ikkje ein disiplin eg er særs god i. Når så endelig det kjem folk som kan dette med styring av brønnpumper ikkje mindre enn 135 meter nedi bakken, då blir ein glad, svært glad. 
Etter byte av fleirtrinnsbrytar som skiftar mellom automatisk og manuel styring av pumpa og byte av svidd kondensator var det fryd og gaman att. Vatnet strøymde inn i dagtanken akkompagnert av lyd som fossefall. 3 mann på saka ville koste både skjorte og frakk heime. Nærare ein times arbeid med to frammøte førte til eit krav på ikkje mindre enn 50 Euro. Ja du les rett, 50 Euro. Og då var brytar og kondensator inkludert. Kva lever dei eigentlig av tenkjer eg. I allefall ikkje av å flå nordmennn på videvanke heilt nedpå hælen av Italia.
Men skal det først vera, så skal det vera. Kranen i gjestedusjen var av gammal type med einhandsbetjening. Heime på Vigrest vart der eit par ledige temostatbatteri etter eit dusjkabinett som tok kvelden og frå eit bad i kjellaren som vart så hardt ramma av altfor mykje vatn, sjølv til dusjrom å vera. 7. august 2014 vart både dusjrom og kjellar utsett for flaum, og i staden for å kaste termostatbatteri syns eg det måtte gå an å bruke det her nede i vår andre heim. Byte gjekk heilt ok i badet for husfolket her. Men like greitt gjekk det ikkje på gjestebadet. Når me nå er så heldige at me får besøk til veka er det ikkje triveleg å by på ein dusj med bare hol i veggen der vatnet skule ha støyma i behagelig straumar ned etter varme kroppar. Heldigvis kom det ny røyrleggjar i dag. Han tok mål og noterte kva som måtte til for å gjere jobben. I morgon klokka 7:30 kjem han for å gjere røyrleggjarbiten. Så får eg prøve med mitt amatørskap på det som ikkje er så viktig. Vatn på frifot inni veggen er det vel ingen som vil ha.

Med vatn tilgjengelig tok Hadi og eg oss på tak og fekk sett opp bassenget.  Ingen liten jobb det når bassenget er så "KJEMPESTORT". Hurtigfylling med full kapaitet på tre pumper samstundes. Ei nedi brønnen og to som pumpar vidare frå dagtanken.
Men med slike dimensjonar det her er snakk om, så tek det si tid å fylle opp. Kanskje me kan bada til kvelden når Anne Marie har kome.
For gjester og husfolk har me investert i propellar i taket på begge soveromma. Reknar med det vil falle i særs god smak hos våre to Afis-fullmektigar. Dei er jo godt vane med propellar i arbeidet sitt. Me kan ikkje by på kontrolltårn, men fjernkontroll det skal dei få.  Alle som kjem her i varmen skal få det. Har aldri før prøvd slik vifte i taket. Utruleg effektiv avkjøling. 2 og 3 bordvifter kan på ingen måte hamle opp den svale jamne brisen som aldri tok slutt. Og stillegåande var det. Ei og ei av småviftene bråkar forferdelig mykje meir.

onsdag 28. juni 2017

Fryd og gaman?

Om nokon skulle tru at det å ha hus i Puglia bare er fryd og gaman, ja så må du nok tru om att.  For nokre veker sidan viste det seg at huset var straumlens og etter at dei rette folka hadde tatt seg inn i huset med hjelp av hovudnøklane som ligg i bilen parkert hos Meggie, så var det "bare" hovudsikring som hadde slått ut. Alt vel elles.

Då eg  kom hit og skulle slå av alarmen med hjelp av kontrollen på reservenøkkelknippet, så skjedde der ingenting. Kontroll-lampa lyste like fullt om eg trykte aldri så mykje på avknappen. Får gå inn, så får me heller tåle sirenelyden til dei rykkjer ut frå VigilNova. Mest skuffa måtte eg bare konstatere den store stillheten. Absolutt ingen alarmlyd. Ikkje lenge etter kom VigilNova og eg fekk på eit vis forklart at dei nøklane eg vanligvis brukar var oppe i San Vito. Vår endelaust gode hjelpar Livar baud seg til å kjøre oss ned til Meggie, omtrent 10 km, slik at me kunne få tak i bilen. Men nøklane dei hadde Guido, eiendomsmeglaren me handla hus gjennom. Kort etter at me hadde kome hit hadde eg eller Hadi bruk for vatn, men vatn må kome ein stad frå, og når pumpa ikkje vil jobba, då er her null vatn. Me kom hit mandag ettermiddag, nå går me på 3. døgnet utan vatn i kranane i huset.  Godt at me har med oss nokre liter medbrakt i bubilen. Nok til 3 rundar i dusj så langt, og truleg held det til fleire omgangar med vatn og såpe. Naudløysinga er ikkje optimal, men her er ting på gang. Guido har kontaktar i aust og vest, gjer alt han kan for å skaffe rettvise folk som ikkje skal sko seg på oss "strangieri".  Blir helst feil å sei at det var dumt for oss at reparatøren akkurat hadde mista svigerfar sin, men det dumma var nå at hjelp for oss ikkje var tilgjengelig akkurat til den tid me skulle ønskt. I kveld kjem det folk, og så får me bare håpe alt me kan at ikkje heile sulamitten i den 135 meter djupe brønnen må opp og eventuelt skiftas. Mykje styr, men må ein, så må ein.
I beste fall er det Tor som har svinga hammaren og gjort sitt til at det elektriske anlegget har blitt overbelasta.  

Eg er på ingen måte kyndig innan elektrikken men eg har eit håp, og det er at desse to brende komponentane, kondensator og brytar  har blitt slik på grunn av lynnedslag. Betre tross alt det enn styret med å få opp alt utstyret frå det djupe holet der me normalt får vatnet frå.
Målaren oppe til venstre alfor høg spenning, og det tyda på at pumpa ikkje fungerer, og at det ikkje bare er mangel på struma på grunn av feil i straumskapet. Når så resetknappen vert trykt inn, prøver pumpa å starte, men klarer det ikkje. den kan vere blokkert av ein eller annan grunn.
I gamle dagar, før engelskmennen me handla huset av, då hadde dei cisterne under huset. 4 meter ned i eit mørkt hol. Rundt 12 - 16 kubikk som var tatt i bruk som lagerrom. I fjor sommar var eg ubetenksom, som eg nokre gonger er og fyllte lagerommet eller den gamle cisternen heilt opp. Like til det rann bekk ut under døra til skuret der dagtanken for vatn står.  For å tøme rommet og rydde i alt som hadde vore under vatn, skaffa eg ei pumpe og ein slange. Fekk tømt, men nå er det fullt att. For mykje vatn på feil plass kan du sei. Pumpa hadde eg tenkt kunne kapp-pumpe med den normale pumpa når det KJEMPESTORE bassenget skal fyllast, men me må jo ha tilgjengelig vatn først.
For nedskylling i do og andre oppgaver innan vatn, har eg funne nokre kar til å fylle opp med cisternevatn av kanskje heller tvilsam kvalitet. Drikkevatn og kaffivatn får enn så lenge bli kjøpevatn med eller utan kolsyre. Kolsyra vatn i kaffimaskinen, korleis gjekk det mon tru?

Eg kan ikkje anna enn å ta meg i tanken på korleis det ville vera å verkelig vera utan vatn. Over lang tid. Fins mange som slett ikkje får tak i reint vatn på dagleg basis. Mest så eg kjenner meg litt utskjemt, men fytti grisen så trøttande det er.  
I løpet av ein halvtime skal dei vera her, Guido og reparatøren. 

Alarmproblemet var løyst då batteri i sentraleining vart skifta og i tillegg batteri i telecommando vart bytta ut med eit nytt. Alarmen har heile tida etter at hovudsikringen vart slått på att vore i drift. Bare sirenelyden her lokalt som fall ut pga tomt batteri.


Eitt under av vekster

Her er mykje fint å kvila augene på. Kapersblomen er noko av det finaste me har på tomta vår.
Og opp i et tre klatret han, for han ville Jesus se. Barnesangen får liksom litt ekstra liv nå ein står framfor eit morbærtre der fruktene heng klar for hausting.
Figen au sa dei på Varhaug når eg var ung. Ei slags bedhusbanning vil eg tru. Årets kolleksjon av fikenblad er store nok til å dekke det mest nødvendige. Etterkvart blir nok fruktene klar for konsum.

Fersken høyrer vel helst heime i fruktdisken på Rema, Extra, Mega, Obs, Prix, Marked, Meny, Ica, Joker, Spar. Sidan den eine av eigarane her er TUNGT kooperativt belasta frå barnsbein av vil eg tru at fruktene me finn på treet her må vere kompatible med Extra, Mega, Obs, Prix eller Marked
Tomatplantene har sett røter og tomatar er der, men endå treng nokre veker eller kanskje bare dagar til dei får den fine rødfargen.  Plantene treng visst ikkje så mykje vatn når dei før har røta seg. Vatn fekk dei så lenge brønnpumpa leverte, men det var ein gong då det og ikkje nå. Kjem ganske sikkert tilbake til dette med manglande vatn, om ikkje turkar fullstendig ut.
Gresskar gjekk inn i ein solotilværelse. Heilt aleine stakkar bare omgitt av framande vekster. INgen andre kar å ha lag med.
Å vere høg på pæra er pensum og innlært av Hadi. Nå må du ta deg ei pære er trinn to i den lærdommen.
Radikal beskjæring vil sei å skjære bort radikalt mykje av greiner og lauvverk på oliventrea. Det er om å gjere å få tynne greiner som heng nedover, der blir det frukt. Dei greinene som er høgepå pæra og bare ragar rett til vers, dei brukar all krafta til å produser ved, ikkje til oliven.  Alt nå står trea der som ein svær gjeng med duskedamer, manglar bare korpsmusikken så kunne me kansje fått ei drilloppvisning.
Eg syns å huske at her stod eitt eller anna då me drog etter påskeferien. Ikkje låst, rett og slett diskre servert i eit skur utan dør. Omtrent som ein skulle ha sagt vær så god, forsyn dykk.  Ein sekk med mold som lente seg opp mot trillebåra fekk og vera med. Truleg på trillebåretur
Denne blomstrar så fint i innkjøringa hos naboane. Men dei komande polsk-engelske naboane ser me så langt lite til. Jorda rundt huset blir stelt på beste vis. Traktor og flerie personar i arbeid både i går og i dag. Arbeidsdagen her er forresten helst slutt. Starta ørtidleg, medan temperaturen endå er slik at det går an å arbeide.

mandag 12. juni 2017

Straks før.

Det rykkjer i gassfoten. Kor mange dagar er det nå att til vegen er mitt kongerike? 
Her ser du dagane som er att  til dette året sin sommaravgang for Giottiline, Vigrestad Latiano tur/retur.
Kilometrar i hopetal, skulle mest tru ein måtte ha ein diagnose for å ta slik ein tur, i staden for å gjere det heile unna med 12 - 14 timar i fly inkludert dei timane der ein må stå i kø for å få sjekka om ein er trygg til å sendast opp i lufta.  Benkesliting ligg og inne i dei timane, og det heile er så  u     e   n  delig trøttande. Då er det faktisk slik at 31 kjøretimar der ein legg bak seg 2950 kilometer, kjennest som eit godt alternativ.  
Med ein attpåklatt i passasjersetet, blir det litt anna reiserute enn før. Som om Hadi ikkje har samla mange nok land frå før, så skal han denne sommaren også få med seg Sveits og Lichtenstein. Ikkje meir enn nokre få mil ekstra kjøring, så det går antageligvis greitt. Det meste går i grunnen greitt om ein ikkje set krava høgane enn det ein kan prestere.
Via Caselina 700, Roma, blir base eit par tre dagar for Giottiline medan Hadi og far utforskar Roma. Mykje å sjå er der. Får me bare passe varme kan det sikkert bli fine dagar. På trass av mange Romabesøk har eg aldri vore inne i Coloseum, så der får me nok ta oss tid til å stå i kø for å kome inn. Fins visst muligheter til å unngå kø dersom me kjøper billettar på førehand på nett. Me får vel lov å rekne Vatikanet og som eit land skulle eg meine.















Men det er jo huset; Villa Felizia som er sjølve målet. Mens me ventar må me nøye oss med stillbilete av ein liten del av tunet. Dvs, me får faktisk levande bilete, men så langt har eg ikkje funne måten å streame dette. Så fryktelig interessant er det vel ikkje heller for andre enn oss i husstanden.
Så får me håpe då at alt er så nokolunde som det skal vera. Hadi malte heile huset i påsken, så den biten er ok. 

Idaulico (røyrleggjar) treng me, for armaturet til dusjen på gjesterommet er trøblete. Skulle skifte til termostatbatteri, men av ein eller annan grunn seier gjengene nei. Få på det gamle armaturet då, tenkjer du vel, men der er problemet. Heller ikkje det vil, og sidan det er plastrøyr fram til kranen vågar eg ikkje å ta i altfor mykje. 

Kan jo ikkje risikere at røyret brekk av, med open kirurgi på veggen som resultat.
Elettricista (elektrikar) vil eg og ha, sjølv om eg har ein ingeniør sine ord på at det eg kjenner ikkje er mulig. Det har seg slik at eg på ulike punkt i huset får straum i meg. Kjem armen nedpå Pc-en medan eg skriv, så kjenner eg bare lett prikking. Nokre gonger når eg tappar vatn i kjøkkenkranen blir det litt sterkare, som nåler, heilt forsiktig, og så på dagtanken der det er ei messingkopling,

der kjendest det meir enn godt. Rett og slett ubehagelig.  
For to tre veker sidan slo hovudsikringa av straumen, og eg trur helst det var som resultat av ein eller anna feil i det elektriske systemet. Er det jordinga som er problemet?

Elles er det slutt på tida der ein kan skryte av å ta imot Eu-støtte utan sjølv å vere medlem av Eu. Personlig medlemskap har eg ikkje høyrt om, men i 2012, 2013, 2014, 2015 og 2016 har me fått inn rundt Euro 280 frå ei eller offentlig tilskotsordning til eigedomar med oliventre. Nå er grensa for tilskot sett på Euro 300, så då vert me rett og slett for små. Så langt har det vore eit greitt tilskot til radikal beskjæring, som vart gjort nå i påsken. 

Stakkars tuntreet, det er det som er så avkledd, slett ikkje i stand til å gje oss den gode skuggen me har hatt fleire somrar på rad. Men me finn nok ei råd. Trea er det Clemente som har tatt seg av, og grundig er arbeidet utført. Dette året og neste år blir det lite med oliven, men så frå 2019 og nokre år framover skal hausten bli god, om bare dei andre variablane slår til.

torsdag 18. mai 2017

Mykje styr med liten brytar

Det er sant nok slik at ein ikkje er "der nere" fysisk akkurat nå, men jammen kan ein vera der mentalt. Nokre syns kanskje til og med at ein har "gone mental" på tema. Ikkje heilt samd der, 8 månadar her og 4 månadar der, det gjev kanskje høve til 4 månadar med Norge på førsteplass i tanken og 8 månadar reservert for Puglia.

VigilNova, som ser til at alt er som det skal i Villa Felizia, vil me helst ikkje høyra noko frå. Når det er stille frå den kanten, veit me at alt er greitt.  Dukkar det derimot opp ein mail derifrå, då er den lite velkomen. Erfaringa vår tilseier at bodskapen i mailen sjeldan er varsel om noko bra. Her om dagen hadde ein slik mail lirka seg inn mellom spam og anna uhæme, heldigvis ikkje "Wannacry", men tanken på kva det kunne vera kunne fort få ein på kanten av "Wannacry".  Så var det til alt hell bare stopp i straumen.
Stopp i kamerastraumen hadde alt vist at eitt eller anna var galt, men med kamerastraumstopp kunne det jo vere så enkelt som stopp i nettverket. 
Største problemet med straumstans er likevel ikkjefungerande innbrotsalarm. Batteridrift ei llita tid, men mange kunne kome inn og gå ut og gå inn og gå ut frå no og til sommargjestene er på plass mot slutten av juni. 
I første omgang trudde eg det var avstengt frå Enel si side. Har vore litt vanskelig å få tak i rekninga på straumen, og denne gongen var det meir enn ein månad etter betalingsfrist. 
Guido, meglaren me handla huset gjennom vart kontakta. Han tok på seg å betale inn på vår konto via innbetalingsterminal på Tabacco. Eigedomsskatt, straumrekning og sikkert mange andre typar innbetalingar kan gjerast på tobakskiosken. Forsynt med skanna kopi av rekning stilte Guido for betaling av rekninga tidleg på 17. mai, men nei. Automaten ville ikkje ta imot, rekninga var alt betalt var meldinga som kom opp. Så var ei kjelde til bryet eliminert. Nøklar for internsjekk av huset vart ordna.  Har liggjande eit sett nøklar i Roomsteren som er parkert like sør for Latiano medan sjåførane er i Norge. Guido fekk nummeret til Meggi, ho som tek vare på bilen, og i dag gjorde han og mannen til Meggie avtale om møte ved Villa Felizia. Dei tok seg inn i huset og verre var det ikkje enn at hovudsikringa hadde slått seg av. Ein vipp på brytaren og så er orden gjenoppretta. Kamera går, alarmen er aktivert, vatninga av plantene i kjøkkenhagen er i gang att.






















Då er det bare å ta til å telje dagar. Akkurat i dag er det snakk om
så mange dagar, timar,minutt og sekund  til Fjordline sin Fjordcat legg frå land i Kristiansand. Legg ein til ei lita veke rekk ein  ein svipp innom Lichtenstein og Sveits for å samle land. Roma skal og få eit besøk saman med Vatikanet. 3 nye land for Hadi denne sommaren. 
I mellomtida kan me følgje med på fuglar som kviler seg på toppen av stativet for den pensjonerte bålpanna.


onsdag 3. mai 2017

Andy Warhol, Castello Ursino, Catania.


På trettenhundre-talet vart Castello Ursino bygd. Kongeleg slott for kongedømme av Sicilia.  Store deler av slottet er nå museum, både for faste utstillingar og for ambulerande. Picasso viste dei for to år sidan, Chagall i fjor og nå i år hadde turen kome til Andy Warhol. Ganske så ulike kunstretningar, men skikkeleg interessant.

 Sylvester Stallone hadde vel røter frå Italia, og kan på den måten godt vere den som opnar mi oppleving av utstillinga. 
For coca-colikarar og coca-coladamer må vel dette vere det som bare skulle hatt plass på veggen i stova der heime.
Cassius Clay, seinare kjent under namnet  Mohammed Ali blir heidra på dette viset.
Eg er vel ikkje mellom dei som tyr til vodka så fort. Er faktisk usikker på om eg i det heile tatt har smakt stoffet, men ser du godt etter har eg visst tatt ein dukkert inni der ein stad.
Mao fekk og sin plass mellom dei berømte. Han har jo så absolutt fått seg ein posisjon i verdshistoria. Kanskje han nå i ettertid lettare kunne finne plass i eit skrekk-kabinett.
Denne utgåva av Marylin er laga av optiske firbrar vevd inn eit eit teppe.
Bilete nedst er laga av Swarofski-krystallar.  Går ein nære på, ser ein tydeleg pixlane i biletet kan du sei. 
Chitarra autografata da Michael Jackson con Capello Bianco Fedora a rivista Time 1984 firmata in originale da Andy Warhol
Med bakgrunn i dei kunstverka som var stilt ut i Castello Ursina, så syns eg mest dette og kunne koma inn under same kategori. Ikkje for å snakke ned Warhol, meir for å snakke opp dei som har denne kreative ideen med plastflasker der ein har planta sukkulentar, for så å henge det opp på eit nettinggjerde. 

Når ein fer og flyg slik frå det eine til det andre må ein ha mat.


Sidan eg alt har synt den fantastisk sitron-sorbeten, må eg vel syne hovudretten og. Lekkert dandert med lokalt øl i glaset. Likar du blekksprut, ser du at dette er godt. Likar du det ikkje, nyttar det ikkje same kor mykje skryt ein lagar til, du misser appetitten. Eg mista ikkje appetitten. Neste gong eg kjem til Catania saman med sjefen min, då er sjansen stor for å ta eit besøk hit, både for hovudrett og dessert.

torsdag 27. april 2017

Tid for dessert


Om ein ikkje er heilt nøgd med hovudretten, så kan desserten pynte og lage ei fin avrunding. Når ein så er fullt ut nøgd med hovudretten, treng ikkje gleda over "dolce" vera mindre.  Millefoglie, tusen lag, dandert med som ei skål av jordbær og krem oppi.  Kva som var i den kremen klarer eg ikkje slå fast, men det var truleg ein eller annan ferskost.


Sorbetto al limone smakar alltid godt. I dette tilfellet var det hella over det eg trur må ha vore ein slag sitronsirup. Smaken overgjekk alt eg før har smakt av liknande. Utruleg mange grunnar til å besøke Catania, men denne  må vera definitivt aller beste når det gjeld smak.

Eg har stått nokre gonger på Nordkapp-platået og flirt av turistar som sprang ut av bilane klokka 12 om natta for å oppleve midnattssola. Nå gjorde eg ein snu på det, sørlegaste punkt på Sicilia var innan rekkevidde. Nokre mil å kjøre, dels på motorveg av høg standard, dels på smale landsvvegar med innlagt krongling gjennom små byar.

Isola delle Correnti ber nok namnet sitt med rette. Her vil eg tru havstraumane er ei utfordring om ein kjem frå aust mot vest eller motsatt. Men det er bare ei tru. Sjølv om farfar var skipper på eiga frakteskøyte, så har lite sjømannsblod hamna i mine årer og likeså lite evne til å vurdere kva tilhøve dette neset sør på Sicilia har for retningane og styrken på hav straumane.
Når ein bestiller rom midt i sentrum av Catania by, eige rom med bad, då kan ein vel kanskje ikkje forlange så mykje av utsikten. Den var som de ser noko begrensa, men eg reiser ikkje til Catania for å sitja inne på rommet. Meir enn nok å sjå på av fint når ein bare vandrar rundt.
Slik som denne "papegøyeblomen" eller busken. Hugsar for nokre år sidan, då dei kom i blomsterbutikken på Vigrest.  Då bare måtte eg ha ein slik. Og her er det mange.
Sist eg reiste frå Catania tilbake til huset hadde eg eit uhell på vegen . Bilen vart rett og slett heilt kondemnert. Det er jo ei farleg vegstrekning har eg fått med meg, men det eg opplever som mest risikabelt på turen er på motorvegen like etter avreise frå Catania. På ei strekning av 2 - 3 mil har ein utsikt mot Etna. Det er mest slik at det er vanskelig å ta augene bort frå det mektige fjellet,  men så er det liksom vegen ein kanskje burde bruke augene mest på.
Ho dama som har sett bu i min Gps, ho hugsa visst sist tur ho var med på til desse traktene ho og. I allefall tok ho til med å gjenta og gjenta litt etter at eg hadde kome over til Calabria: "Farlig vegstrekning, kjør forsiktig". Brua, Sfalassa', Bagnara Calabra, som for min del kunne blitt så til de grader fatal, vart passert utan at noko skjedde anna enn at Roomsteren rulla vidare på vegen.


Kunstnaren i Castello Ursino er ikkje gløymt. 
Kva som vart vist får eg heller kome tilbake til.  

torsdag 20. april 2017

Sicilliansk påskedessert

Roomsteren er eit trufast reisefølgje. Først rett så mange mil frå Vigrestad til Latiano like før påske, og skulle ikkje det vera nok får den seg ein tur til Sicilia på toppen. Først onsdag morgon 19. april vart dei andre innbuarane i Villa Felizia denne påsken avlevert på flyplassen i Brindisi. Dei kom seg vel avgarde, sjølv om billetten deira normalt skulle vore kansellert. Brukar ein ikkje TIL billetten, så er der visst nærast automatikk i at returen vert stroken. Men så var det på grunn av streik dei måtte reise sørover med tog, og då blir ikkje returen stroken. Heldigvis for dei, for meg kunne dei svært så gjerne vore med hit sør til Catania. Om kjøreturen frå Vigrestad til Latiano er forrett, opphaldet i olivenlunden hovudrett, så er turen her til storbyen på austkysten av Sicilia desserten. Synd for Hadi og Anne Marie at eg stikk av med desserten heilt aleine, men skule og jobb kallar for dei to.
Eg skal ikkje skrøyte på meg at eg fann staden der eg bur utan hjelpemiddel, men........     Dei gongene eg har vore her tidlegare, har eg budd eit stykke unna sentrum. Nå har eg tatt inn om ikkje heilt inne i det innerste av sentrum, så ganske så langt inn. Kan ikkje setja frå meg den gode bilen kvar som helst, då får eg hente fram alt eg har av mot og mannskap og tråkle meg fram. Tråkle er det det liknar mest på synes eg. Akkurat då eg kom var det skuleslutt, og eg trur helst alle bildører opna seg brått opp rett før eg skulle passere. Så tett trafikk som eg vel aldri før har kjørt i. Heldigvis ikkje mindre enn millimeterklaring, men enn så fort ein kan koma borti noko. Anten fordi ein overser noko, eller fordi ein blir oversett. Gps gjorde at eg fann rett gate. Rett hus fann eg ganske så tilfeldig. Stod bare der og pusta ut, og når eg kikka opp var nummerert på huset 79. Var det ikkje der eg skulle bu?
Frukost her på Piazza Duomo er ikkje å forakte, sjølv om eg fekk feil då eg bestilte. Kaffien var god, og duene likte sikkert den oversøte fikenkaka med 2 røde kirsebær på toppen. Jordbær kjøpt på marked, men kortreiste ut frå smaken å dømme. Søte, rett og slett gallsøte. Jordbær til frukost gjer nytte det og.
Her på Castello Ursini har eg fått med meg nokre størrelsar som Kristen Bø sa det. Han snakka om Jakob og Sigbjørn, eg snakkar om Picasso og Chagall. Jammen må dei ha litt posisjon som utstillingsplas, for det var ikkje kven som helst som fekk vist fram verka sine denne gongen heller. Meir om utstilliga i seinare blogg.
Oppe frå eit av tårna på Castello Ursino ser det slik ut. Etna gøymer seg i skyer. Ikkje røykskyer frå vulkanen, nei heilt normale skyer lik dei me finn alle stader.
Eg er ein overmåte stor beundrar av italienske måtar å parkere på. Her har parkeringskunstnaren klart 2 ting på ein gong. For det første under skilt som forbyr all parkering. Deretter sperrar bilen fortauet ganske så effektivt. Ingen sjans å kome forbi utan å ta turen ut i gata. Rett nok ikkje den mest trafikkerte gata, men "alligavel".
Denne kunsten må eg lærer meg, trur eg. Kan vere nyttig neste gong eg skal parkere i Mesagne.