Translate

lørdag 5. mai 2018

Fort og gale?

Kva er rett og kva er gale? Vanskelig å gje svar på det. Tempo kan vere udiskutabelt, men rett eller gale kan fort verta uendelige rundar med diskusjonar. Enkelte ting er her ikkje raske svar på.

Eg må visst ut og handle ny hengelås til porten. Låsen funkar fint, men eine nøkkelen tok ut på tur og kjem truleg ikkje tilbake av seg sjølv.

Alle som kjenner meg godt veit at eg set stor pris på italienarar, kanskje ikkje mest på kvite som legg egg, men i det store og heile er me omgitt av folk som vil oss vel her nede. Det står eg på, på trass av alle dei umelde forsøka på besøk.
Elles er eg nok ein ganske så hårsår type når nokon blir altfor høge på pæra på min bekostning. Har lenge irritert meg på stilen vår elles utmerka gartnar har lagt seg på når det gjeld rettleiing i småbondedrifta vår. Ei litt forsiktig tilnærming med tydelige antydningar om kva ein bør gjera hadde nok passa betre. Kjefting kombinert med latterliggjering, oppførsel som om han var konge på haugen og eg var ein av hans undersåttar har eg sett lite pris på. Særleg to tidlegare episodar står langt framme i minnet. Den eine då me sist påske kom hit for å feire påske og ha ferie eit par veker. Hadi, Anne Marie og eg stod ute i tunet då "kongen" kom. Han helsa hjarteleg på meg, såvidt på Anne Marie og Hadi oversåg han totalt. Like før heimreise, etter at Hadi og Anne Marie hadde reist heim kom "kongen" på ny. I det han kom var det ikkje det at han undrast over at porten ved fleire høve hadde stått ulåst. "Warum hast du die porte nicht geschlossen?"  i ein tone som skulle eg ha vore ein dritt. Repetisjonar av spørsmålet då eg ikkje gav gode nok svar, heile tida i ein svært så brysk tone. Nærast du må ikkje koma her og koma her. Her er det eg som er "konge", du bare eig plassen.
Aften på slottsplassen.

Utskjelling av naboar som hadde mitt ord på å hente frukt når me allikevel ikkje kunne hente, kjendest og pinleg. Truleg det som var grunnen til eit litt meir avmålt forhold ei tid frå naboane si side. Kunne vel dei vite noko om ein som opererte som "konge" på eiga hand. "Me kan ikkje ha det slik som dette", sa eg til "gartnaren" i påsken 2017. Vanligvis hadde folk her tatt det som ei oppseiing har eg seinare blitt informert om av lokale kjelder.

Det siste "il re" gjorde av arbeid her på tomta var påsken 2017. Stor beskjæring som vart godt betalt. Opprydding av større greiner til ved og brenning vart og betalt for ekstra, fer eg ikkje feil betalte eg 400 Euro for den delen av jobben.

Eg var heilt klar over at her ville vera gras i mengder no når eg kom ned sist i april. Har lenge hatt planar om slåmaskin for å klippe den deler av tomta som ligg frå huset og opp mot vegen. Nå vart det bruk for klippar og for den andre mykje større delen av tomta, 7000 m2 med høgt gras heilt opp mot halvannan meter høge strå.
Ut frå erfaring tenkte eg nok at gartnaren slett ikkje trong vera samd i at klipping var rette måten å slå ned graset på. Tok difor opp spørsmålet med meg sjølv, og bestemte meg for å rett og slett sparke mannen om han begynte med å klage over slåttekaren sitt arbeid. Me hadde avtale sist lørdag eller sundag om at han skulle kome ned hit, han bur i ein liten by om trent 7 km herifrå. Først mandag dukka han opp, og eg fekk faktisk rett. Umiddelbar jammer og klage over arbeidet eg hadde gjort. Datoen var 30. april og har eg forstått rett, kunne eg bøtleggjast om ikkje graset innan den tid var teke hand om. Lurer nokre gonger på om eg er altfor snarsint, og det var nok sinnet som tok meg: Ikkje alltid eg er så direkte, men då fekk han høyra det. "Nå gjekk du over ei grense for meg. Nå vil eg ikkje ha deg lenger her for å stelle MIN eigedom. Nå kan du gå og du treng ikkje kome tilbake." Gartneren har eg opplevd som frekk i måten å snakka til meg på, men ikkje heilt urimelig heller. Nå viste han kor både urimelig og frekk han kunne vera. Skulle ha 300 Euro ekstra, for det hadde vore så mykje å rydde opp etter beskjæringa. 
Det enda faktisk med at han drog avgarde med ein hengelåsnøkkel han sjølv sette verdi på, 300 Euro skulle han ha for å levere den tilbake. Pengar har eg, men dele ut på den måten: nei. Ferramente eller den lokale "Malden på torget"  fører solide låsar til ein kostnad av seksti til sytti Euro.

Du rykker tilbake til start får ein av og til beskjed om når ein spelar. Blir mest som eit spel dette her og, men eig eg staden vil eg i det minste ha eit ord med i laget når reglar skal lagast.

Nabo Lina hadde besøk av son sin Giovanni, kone og barn. Han bur i Roma og jobbar med IT. Han var tolk då ny avtale om stell av jorda vart gjort. Mindre enn eit døgn etter at "kongen" måtte abdisere, kjørte ein etterfølgjar rett inn og overtok. Ikkje som konge, mmen som innleigd arbeidskraft. Giovanni kviskra meg elles i øyret at ein god del av oliventreveden vår hadde blitt annektert. Han sa det ikkje for å auke sinnet mitt, som han sa. Det var bare noko dei hadde sett. 

Slåttekaren sitt arbeid nedover på tomta var brått ikkje så mykje verdt lenger, men flott å sjå på jorda som vart horva opp med hjelp av traktor og skålhorv. 

Her skal nok framleis vere bra. Når sola går ned eine dagen er det oftast etterfølgt av soloppgang dagen derpå. Me går vidare i spenning på kva mon livet seinare vil by på

torsdag 3. mai 2018

Rett i dass

Me har eit utedass på tomta vår. Til forskjell frå norske av det slaget, er dette litt meir luksuriøst.  Det er ganske solid bygd, i mur. Kvitkalka innvortes og utvortes. Mest som eit lite smykke nedpå parsellen.
Lite oppmerksomhet har det fått. Har liksom bare stått der, for det meste oversett. Ein omgang kalk har det nok fått sidan me overtok her i otober 2012, men det er det heile. Ut med rutle som har vore lagra der. Fram med Kärcher, vatn og straum.
 Det flassa frå veggene,  men veggen stod urokkelig.
Sjølve doskåla ser betre ut enn på ein normal utedass. Vatn manglar, men det fins bøtter nå med vatn ein kan bera med seg når trongen melder seg. Sjølvaste dokosten har overlevd, og det ganske lenge, minst 6 år.
 Oppheng for handklede eller hylle for dasspapir?
Ventilasjon er teken vare på ganske så effektivt med stor luke i veggen dekka med myggnett.
Hol i veggen, nærmast som ein liten sluk kom og fram under laga av gammalt skrot. Einaste eg ikkje fann, som i allefall var vanleg på dei utedassa eg var innom i mi utedasstid, var bilete av kongefamilien og vekeblad til å slå i hel tida med pressrier.

Mange gonger er det slik at først når ein er i gang med noko fysisk så kjem kreative tankar til overflata. Då gjelds det om å ta vare på dei og vege for og imot, ikkje sleppe tankane unna som bare tull.
Me har planar om eit lite anneks. Rundt 20 kvadratmeter skal vera mulig i følge reglar som gjeld på området. Om kommunale myndigheter her lokalt vil godta søkand om eit slikt lite ekstra bygg på tomta er endå usikkert.

Den kreative tenkninga i går under dassvasken går ut på at denne bygningen kan brukast på to ulike vis. Her må ny dør på plass, dør som svingar utover. Får me lov å bygge anneks i tilknytning til denne dassen, kan me oppgradere til WC. Eige vatn har me, eigen septik likeså. Kloakkrøyr er lagt klar like til muren på utedassen, slange for vassforsyning skal ikkje vera urimeleg krevjande å få på plass. Doskåla kan truleg brukast om att, treng bare ein veggheng cisterne til spylevatn. Anneks med eige vannklosett må vel vera bra.

Skulle så gå til at dei kommunale nede i Latiano held fast på at området der me er er "protected area", så får me heller søke om bruksendring. Gamledassen kan bli lagerrom for oppå jorda basseng for 26000 liter vatn. Vatnet blir tappa ut ved lagring, så ikkje uroa deg, der er plass. Motor til jordfresar og klippeskjær, lauvblåsar, kantklippar og motorsager pluss anna me kanskje må bruke skoskei for å lirke på plass, det skal gå inn ein heil del. Då slepp me i tilfelle unna med lagring av syklar og utemøbler inne i huset. Me får nå sjå.
Rastlause meg finn fort ein grunn til å ta ut på tur når ein kjem så langt som utpå kvelden. I går hadde eg eit halvt blomkål og litt bacon saman med kvit saus ferdig i kartong. Ein omgang i steikeomnen så var eg mett. Ikkje eg som var ein tur i omnen, der var det blomkålet, bacon og den kvite sausen som hamna før det kom på tallerken og vart til mette for meg.

mandag 30. april 2018

Slektskap til stor litteratur

Vidunderet kom til "gards". Alt dette graset som i verste fall kan føra til bøtlegging om det får stå og tørka, det fekk nå ein fiende som skulle gjera kort prosess med det heile.  Det let seg gjera å festa det nye apparatet på motoren til jordfresaren. Honda motoren starta som alltid på første trekk i snora. Men så var det dette knivbladet då. Fram og tilbake gjekk maskinen, men å få knivbladet til å gjere det same såg det ut til å vera lite råd med.
Etterkvart såg eg at dei to girspakane var kopla saman med eit stag. Har ikkje forstått heilt kva som skjer ved hjelp av det staget og kvifor det skal vera på ved fresing. Når eg tok det av, vart kuttaren aktivert og det var tid for slått.
Og du verda som den slo denne nyvinninga på bruket. Eg kjende mest som eg vart ein del av den store litteraturen, mest som eg skulle vera i litt slekt med Isak Sellanraa, langt ute rett nok. Nobelprisen til Hamsun kom mykje på grunn av Markens grøde. Mest litt morosamt at eg går her og kjenner eg har litt til felles med Isak. 
Så står  det att det store spørsmålet: Kva gjer eg med høyet. Har frå ulike kjelder fått gode forslag men endå ikkje kome til nokon konklusjon.
Elling Aarsland Er det fare for regn så hesje du. Eg har ein magefølelse av at du ikkje får nerbør før te hausten. 

Lik detteVis fleire reaksjonar
Svar16t
Geir Hausken Elling Aarsland den følelsen kan fort vera rett
Handsam


Svar16t

Svar16t
Elling Aarsland Er det nokon litt større tomter/gardsbruk tilsals rundt deg ? [vil jo ikkje ner i tomtestørrelse) Litt lei regn.
Handsam


Svar16t
Geir Hausken Små parsellar, større teigar, her er mykje forskjellig. Einaste ulempe er vel at du får driftstøtte frå Brüssel om bare storleiken er litt større enn vår eigedom. Fekk omtrent 380 Euro årleg støtte i 4 år, men så auka kravet til storleik slik at vår drift er for liten.
Leiv Karsten Medhaug Skal du hesja eller tek du det som flathøy og tørkar det på bakken ? Lykke til med slåtten og høytørken😊🌞
Lik detteVis fleire reaksjonar
Svar1d
Livar Dubland Gløym hesjing. Sæting om kvelden og kasting om morgenen gjør nok susen. To-tre dager så kan du legge ut annonse på Subito.it eller henge opp plakat i vegkanten..Handsam
KLIPP og lim frå Facebook var mest meir komplisert enn det å klippe graset.

lørdag 28. april 2018

Hjelp til slåtten

Det vart seine kvelden, helst natt før bilen trilla inn på eigedommen  vår på Cda Coltura. Månelyst og slik umiddelbart såg det ut til at alt var i orden. Det er synd å seie det, men utfrå erfaring held eg det aldri usannsynlig at eit eller anna kan ha hendt.
Morgon kom med daggry i aust. Skimtar så vidt konen til trulloen hos Lina naboen vår.  Klokka er ein gong mellom 5 og 6. Soloppgang her er klokka 05:52 i dag 28. april.  Skal ein leika bonde, må ein opp for å få noko gjort. 
Her er meir enn nok gras å ta av. Einaste problemet er at om ein dryg månad visnar det om ein ikkje gjer noko med det. Då representerer det stor brannfare. Ein fyr her i nabolaget sa det kan føre til bot heilt opp til 1000 Euro om ein ikkje sørger for å kutte ned graset innan ein viss dato. 
Dette helikopteret sveiv nokre rundar over her i går. Sjekkar kommunen om parsellane er stelt?  Er ein litt konspiratorisk kunne ein gjerne tenke det. Eg trur heller det var eit elicottero frå  AugustaWestland som har fabrikk ikkje langt frå flyplassen i
Brindisi. Truleg testflyging.



Så var det dette graset då. Burde kanskje fått meg buskap så graset kunne gjort nytte for eg. Først og fremst må eg slå.Hadde eg hatt langorv, ljå, bryne og slipestein kunne eg kanskje nådd over ein del, men 8 mål med gras ville nok ta meir energi enn det eg har. Godt det fins hjelpemiddel som lettar arbeidet. Gruppo Falciante var bestilt på ein verkstad i Mesagne. Då eg var der første dagen hadde ikkje øskja kome. Då eg var innom andre dagen fekk eg beskjed om at øskja var grapsa i transporten, det ville ta ei heil tid før ny klippeaggregat kunne koma. Drog då vidare til Leroy Merlin som har alt innan jarnvare, tre og elektrisk og you name it.  Der på hylla over "meine spielzeug" som Clemente seier, der stod det ei litt sliten øskje som såg ut til å innehalde det eg var på jakt etter. Etter å ha geberda litt med ekspeditøren som sjølvsagt ikkje snakka norsk, kvifor skulle han forresten det. Større grunn til at eg burde snakka litt italiensk, men eg har vel kome til at vesle hjernen min av ein eller annan grunn meir enn slit med å få glosene til å festa seg.

Til kassen bar det, og ein kunne mest tru at grapsinga av øskja og det inni som kunne knusast var bestillingsverk.  "Gruppe av kuttarar" kosta hos Leroy 237 Euro mindre enn på den plassen eg hadde bestilt. Opprinneleg plass vart varsla og bedne om å stoppe ny ordre frå Benassifabrikken lenger nord. Når det gjeld øskja som stod i hylla på Leroy er det mest så eg lurer på om det kan vere eit klippeaggregat eg har tinga der før, men som aldri kom. Kven veit?
I kassa var det fram med medlemskortet hos Leroy. Tente 435 punkt på denne handelen, og det kjem til avtrekk på ein seinare handel.
Lurer du på om eg fekk til å montere og få gang på grasklypparen, så må du venta nokre dagar. Men straks her er nok å melde får du eit lite vink på Facebook.



torsdag 12. april 2018

Ver er viktig

Sjekk ver og føreforhold før du legg i veg på bubiltur. Eg får jo gjera litt tur utav det når det først har blitt slik at italienarane sjølv er best til å fikse den døra på bubilen som nokre andre italienarar herpa i fjor.

Det meste er klart. Ventar på innlevering av fraktegods. Utanom det er eg "fit for fight" eller "adatto per la lotta" som det kanskje heiter på italiensk. Mil etter mil skal slukas, omtrent 200 i talet. Held me oss i globusterminologi blir det nedoverbakke heile tida.

Eit par dagar må eg halde ut i Poggibonsi, medan Giottiline får kjærleg pleie hos Eurodue. Derfrå er det beine vegen til Villa Felizia. 770 kilometer, 7 timar og 46 minutt å kjøre etter det Google Maps kjem fram til. Erfaringa mi syner at eg fort kan legge til både 3, 4 og 5 timar til dei berekningane. For å sleppe å sove innelåst på ein bubilverkstad har eg skaffa meg overnatting på 
Albergo Italia Der bør det gå greitt å  vera ein eller to dagar. Ikkje noko råflott plass nettopp, men rimeleg og mykje skryt frå tidlegare gjester.  Frukost inkludert, då slepp eg å leite etter ein anna stad for det. Leite ville eg vel kanskje ikkje trenge, for det brukar ikkje vere langt mellom stadene der ein kan få espresso eller cappuccino. Eg trur eg lurer med meg ein sykkel bak på bilen, så kan eg kome meg litt rundt medan bilen får den pleie den treng.
Litt ille å fare herifrå når våren først har kome. Men så kjem eg fram til norsk sommar.  Og når eg sist i mai tek fatt på retur, blir det truleg som å koma til tidleg italiensk vår.
Ein svipp heimom blir det forresten også tid til. Før dette med bubilen var organisert, hadde eg jo alt skaffa billettar for fly. Får seie det slik, så set Anne Marie pris på selskap av meg når ho flyg. Spesielt ved landing kan det vere bra å ha ein mann som avledar i det flyhjula tek bakken. Ho set såpass stor pris på det, at kanskje me ikkje bør sitje ved sida av kvarandre. Er eg for ivreg i det å avlede kan det veldig godt hende ho bortimot flyg i lufta, for temperament har ho når ein bare trykkjer på rette knappane. 

fredag 6. april 2018

Fersk fotosafari på Cda Coltura

Velkommen til ein litt oppdatert kikk inn  i  Pugliaverda vår.
Foto: Terje Nord-Varhaug
Her treng ein ikkje vera redd at trea vart skamklipte. Pistrete greiner er forvandla til frodige kostar, som når tida får arbeide vil bere rikeleg med oliven. I det minste får me nå tru det.   
Fins ikkje papir på det, men etter erfarne folk sitt augnemål er dette treet mellom 200 og 250 år gammalt.  Då kjem me tilbake til 1750 til 1800. Brukande gammalt kan du sei. 
Foto: Terje Nord-Varhaug
Grønt gras og einsamt gammalt dohus. Går det som me vil, får dohuset selskap etterkvart. Kombinert innretning skal det bli. Lager for alt som nå må inn og ut av gjestesoverommet, og soverom når den trongen melder seg ved større innrykk av gjester.
Foto: Terje Nord-Varhaug
Salig blanding av ugras og fennikel.  Leitar ein godt kan det vel hende ein kan finne tomatar og som har frøa seg. Eit år fant me faktisk ein tomatplante 100 meter nedpå tomta. Korleis planten hadde kome dit veit eg ikkje, men rimeleg å tru fuglar eller hundar hadde hjelpt til på ferda.
Foto: Terje Nord-Varhaug
Sprekken mellom plattingen og muren rundt terrassen får varmebehandling mot ugras.  Har visst gløymt litt her. 
Liljene er flyttliljer. Vaks litt ein annan stad, før ein mann som veit å bruke spade slik spade skal brukas rett og slett spadde dei opp, og deretter spadde dei ned akkurat her.
Foto: Terje Nord-Varhaug
Kven skulle vel tru at eg nokon gong skulle glede meg til høyonn på eiga tomt?  Eg høyrer i allefall ikkje med mellom dei som kunne tru slikt. Men av og til vert realitetane annleis enn det ein trur. Fakta pr i dag er at hadde eg vore der nå, skulle eg gått laus på graset med stor iver. Godt maskineri kan vere til god hjelp. Gjev du meg ei eller anna som sviv og lagar lyd så er det utruleg kva eg kan få unna. 
Foto: Terje Nord-Varhaug
Enn som eg gledar meg.

tirsdag 3. april 2018

Det blir fort ein ekstra Italiatur av slikt





Det lagar seg, det lagar seg.  
Korleis ei ramponert  bubilsdør kan bli til Pugliatur kan du få høyra litt om her.
Då Giottiline Graal Y400 stod parkert heilt aleine langt ute på Contrada Coltura  utanfor huset vårt i Latiano, vart den utsett for innbrot. Hadde fantane hatt vit nok til å gå inn ei av dørene i førarhuset, så hadde det ikkje vore noko stort problem. Eitkvart  Iveco-verkstad ville klare å skaffe ny standard-dør. Annleis med bubilsdøra.
Døra inn i huset tok det to månadar for å erstatte med ny. 
Den måtte lagas etter mål, og 26. september fekk den plass der den  nå er.
Bubilsdøra treng ikkje mindre enn 9 månadar på å bli ny. Årsakene til det er mange. Bilen er ikkje heilt ny lenger. Nokre kilometer på baken har den. Akkurat passert 100 000 km på 12 år syns eg forresten ikkje er så ille. Når det gjeld tilgang på deler er det derimot ganske mange år. Ekvipasjens eleganse kjem delvis av at veggene er bua. Fint for augene, ganske så vanskelig å tak i deler som passar.
Abobil på Bryne fekk ikkje svar frå Giottiline fabrikken i Poggibonsi som ligg ein snau times kjøretur sør for Firenze. 
Norli Bil Roa AS på Hadeland er importør av merket for Norge. Eg reiste austover i starten av november full av forventning om at dette skulle la seg løyse. Fekk gjort avtale med forsikringsselskapet Eika om at me fekk vente med oppgjer til etter utført reparasjon. Uti februar fekk eg endelig avklart at ny dør ikkje let seg skaffe frå fabrikken i Poggibonsi for Nordli Bil Roa AS heller. Sidan veggen er bua, må døra og vere det. Etter 12 år finns det ikkje fleire dører på lager heller, det vart mest som om eg fekk heile døra i fleisen. 
Skulle eg bare gi opp, og bygge om den øydelagde døra? I eit siste kjepphøgt øyeblikk sa eg til dei på Nordli Bil at eg fekk bruke kontaktar eg hadde i Italia. Har før vore innom på Eurodue i Poggibonsi og fått ny støytfangar bak på bilen. 
Tok kontakt der pr e-mail, og eit par dagar etter dukka det opp eit svar. Det er då ein lurer på kor materialistisk ein eigentlig er. Euforisk lukkekjensle fekk meg så høg at eg nesten gjekk gjennom taket. Når noko ein trur er umulig, viser seg å likevel vere mulig, då blir eg både letta og glad.
Det blir fort ein ekstra Italiatur av slikt. Så mykje meir input treng eg ikkje før heile turen er nærast ferdig planlagt. 
Litt detaljar stod rett nok att, som det å få avtalt sikkert med Eurodue kva tid eg kan koma dit. Min italiensk er lite å skryte av, heller bør eg vel skjemmast djupt og inderleg. Mange gode forsett gjennom seinaste åra, men resultatet let vente på seg. Ein venn som har gjort byas av seg ville gjere seg på telefonen til Poggibonsi tenkte eg for å få på plass tid for reparasjon. Men nei, han var meir smålåten enn eg trudde. Ei apotekdame frå Catania vart redninga, etter litt venting var Eurodue klar for å gjera avtale. 23. april blir det dørsskifte på bilen, pluss litt anna smårusk eg håpar dei kan fikse. 
Heldigvis vart ingenting av det tekniske øydelagt den gongen eg klinte meg inntil ein gammal Hyundai Getz. Eigaren fann eg ikkje. Politiet vart kontakta, men det er nå meir enn to år sidan, så eg trur ikkje det skjer noko meir på den fronten. Bilen var forresten ganske så herpa frå før av. Tyggi og tape er glimrande til Donald-reparasjonar lik dei eg gjer, men det held ikkje i lengda. 
Eurodue har jo jobba ganske langt inn i materien før. Då vil eg tru dei klarer litt utvortes jobbing og.
Ikkje på vår bil, men dei har tydeligvis fagkunnskapen på plass. På vår bil er det bare litt smårusk med skjørtet som bør ordnas.
Hadde det ikkje vore mykje enklare å få sendt døra hit tenkjer du kanskje. Faktisk ikkje. Blir nokså det same i kroner og øre for døra, men då hadde eg ikkje fått fiksa det andre. Håkull går god for rekneskapen min når det gjeld frakt,  og momsing av dør ved innførsel.
I staden for at Håkull får rundt rekna Nkr 8000 for frakt, blir det nokre tusen på Fjordline og resten fordelt på diverse Tankstelle nedover i Tyskland og Italia. Men ikkje minst, eg får mitt lenge etterlengta møte med


Truleg er der ganske så frodig nå på denne tida. Det tek til å bli passelig varmt, det heile er rett så velbehagelig.
Heimreisa treng eg vel ikkje tenkje på, men det blir vel ein gong det og. Tek meg ein tur heimom for å hente med nedover Anne Marie den 14. mai. 

Elles blir vel ikkje dagane heime frå 9. til 14.mai ein heilt vanlig parentes i mitt liv.  Ein farfar i livet  skal det bli. Ei lita ei er venta å sjå dagsens lys rundt 20. april.  Prosessen med døra har tatt 9 månadar. Tek eg ikkje feil, er det omtrent den tida det tek for eit lite under å utvikla seg slik at ho er klar for møtet med mor, far og farfar. Onklar, tanter, besteforeldre og farmødre er vel ikkje så interessert i det vil eg tru, sjølv om dei sørgjer for å vere i nærleiken når underet skal skje.

Det blir truleg eit imponerande 17.mai tog ein eller annan stad i Puglia. Me i Latiano, Marina Franca og Ceglie Messapica er sprekkhuga alle mann til å få gå i tog. Kven som skal står for musikken har me ikkje avtala endå, men flagg må me ha. 


Denne er vel nasjonaldagen verdig. Kven fiksar ei slik ei?