Translate

torsdag 12. april 2018

Ver er viktig

Sjekk ver og føreforhold før du legg i veg på bubiltur. Eg får jo gjera litt tur utav det når det først har blitt slik at italienarane sjølv er best til å fikse den døra på bubilen som nokre andre italienarar herpa i fjor.

Det meste er klart. Ventar på innlevering av fraktegods. Utanom det er eg "fit for fight" eller "adatto per la lotta" som det kanskje heiter på italiensk. Mil etter mil skal slukas, omtrent 200 i talet. Held me oss i globusterminologi blir det nedoverbakke heile tida.

Eit par dagar må eg halde ut i Poggibonsi, medan Giottiline får kjærleg pleie hos Eurodue. Derfrå er det beine vegen til Villa Felizia. 770 kilometer, 7 timar og 46 minutt å kjøre etter det Google Maps kjem fram til. Erfaringa mi syner at eg fort kan legge til både 3, 4 og 5 timar til dei berekningane. For å sleppe å sove innelåst på ein bubilverkstad har eg skaffa meg overnatting på 
Albergo Italia Der bør det gå greitt å  vera ein eller to dagar. Ikkje noko råflott plass nettopp, men rimeleg og mykje skryt frå tidlegare gjester.  Frukost inkludert, då slepp eg å leite etter ein anna stad for det. Leite ville eg vel kanskje ikkje trenge, for det brukar ikkje vere langt mellom stadene der ein kan få espresso eller cappuccino. Eg trur eg lurer med meg ein sykkel bak på bilen, så kan eg kome meg litt rundt medan bilen får den pleie den treng.
Litt ille å fare herifrå når våren først har kome. Men så kjem eg fram til norsk sommar.  Og når eg sist i mai tek fatt på retur, blir det truleg som å koma til tidleg italiensk vår.
Ein svipp heimom blir det forresten også tid til. Før dette med bubilen var organisert, hadde eg jo alt skaffa billettar for fly. Får seie det slik, så set Anne Marie pris på selskap av meg når ho flyg. Spesielt ved landing kan det vere bra å ha ein mann som avledar i det flyhjula tek bakken. Ho set såpass stor pris på det, at kanskje me ikkje bør sitje ved sida av kvarandre. Er eg for ivreg i det å avlede kan det veldig godt hende ho bortimot flyg i lufta, for temperament har ho når ein bare trykkjer på rette knappane. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar