Translate

fredag 15. juli 2016

Når eg ser ein liten fuggel

Sauene er her, men kvar er den gode hyrden? 

Eg hadde venta meg ein Vitalis figur slik som han vandrings-mannen som tok seg av Remi i boka Frendeløs av Hector Malot. Ein mann med vest, hatt og skreppe for mat og anna nødvendig for ein ferdamann. 

Men kven hadde dei vel funne til å passe på desse sauene? Denne flokken var tiltrudd ein mørkhuda mann som går heilt i eitt med bakgrunnen.  Kanskje svart arbeid?
Flokken hadde ein som såg etter dei. 

Ikkje alle har det. Då me i dag var på tur dei 6 - 7 kilometrane opp til San Vito møtte me ein liten Opel på eit av dei smalaste partia, la eg meg mest oppå steingarden på mi side, men Opelføraren nølte. (meir enn eg gjorde med min Opel nede i Calabria sist haust) Såg ikkje ut til at han våga å smyge seg forbi. Han rulla ned vinduget og spurte etter vegen til Carovigno. Først forstod eg ikkje kva ha spurde etter, for Carovigno ligg nord for San Vito, og me var rundt 5 kilometer sør for byen. Full sol og gode høve for å orientere seg etter den. På stotrande engelsk måtte stakkaren spørje etter vegen frå ein nordmann som er ganske så lommekjent på campagnaen her mellom San Vito, Latiano og San Michele. Eg tilbaud han å vente, så kunne han snu og legge seg på hjul.
Biletet vart viss like uklart som hans ide om kvar i verda han var.

Vamp har ein fantastisk fin tekst av Ingvar Hovland. Ein kar frå Kunduz har mest fått den på hjernen. Så innimellom muntrasjon med italiensken: "Pasta, spaghetti, mozarella, makaroni" er det Odin Staveland som får konkurranse. Det er godt å le innimellom taka.


Det fins ein fryd
i kver antyding av et liv
Det står ein lyd
fra fuglatrekk
som seie alt ska falla vekk

Det fins ein klang
i malm og løv
som seie alt skal bli te støv
Som nattens rov
ska alt bli glømt
av denna lov e alle dømt

Men hvis eg ser
ein litn fuggel
så fyke lavt på gylne vinger,
då plukke eg an ner
med mine hender.

Så kanskje synge
du ein sang
om himmerik og fjerne land
om smale smau
og vildenvei
om trygge havn og farbar lei

Ja hvis eg ser
ein liten fuggel
så fyke lavt på gylne vinger,
då plukk eg an ner
med mine hender.

sæ føre vinden deg avsted
når minnet ditt e lyst i fred
Det finnes trøst,
det fins ei havn
for kver ein savna, kvert et navn

Ja , hvis eg ser
ein liten fuggel,
så fyke lavt på gylne vinger,
då lukk eg an ner
Med mine hender.

Så kanskje synge
du ein sang
om himmerik og fjerne land
Om smale smau
og vildenvei,
om trygge havn og farbar lei.

                                                                                                     Når det går  heitt for seg inni hovudet, er hamna i Brindisi ein god stad for å kjøle ned ein smule. Litt godt og kjølande i kjeften gjer underverk. Rett nok er det vel ikkje denne kjeften som treng mest kjøling, det er vel heller den litt lenger ned i bloggen som har bruk for det.



                                                                          Betty har hatt mange prominente gjester før. Arnt Håvard er ein gjestene vår som sette stor pris på is her nede ved promenaden i hamna. Reidar,  Asgeir, Eva, Odd Olav, Jorunn, Mons Tore, Aasa, Oddvar, Line er alle gode referansar for staden med ørten forskjellige smakar på isen. Straciatella og Siciliana er mine favoritter.




Etter litt heftig farvatn å segle i, ser det ut til at skipet har stemna inn i rolegare farvatn. Me ser fram til å få neste innrykk av gjester på mandag kveld. Då kan lista over gode referansar på Cafe Betty auke med minst eitt par nye namn.
  
Me får prøve å synge med i sangen:
Om smale smau
og vildenvei,
om trygge havn og farbar lei.

søndag 10. juli 2016

Skal ein lite på Tripadvisor.com?

Me har fått forsterkningar på tomta. Anne Marie melde ankomst til Aeroporte Internazionale di Bari - Karol Wojtyla på fredag 8. juli klokka 17:05.  At ein får rabatt på bilforsikring når ein har luftkjøling inne i bilen, har eg tidlegare ikkje heilt forstått. Utruleg så fort ein gløymer. I ein 24 år gammal Audi er einaste kjølinga og reguleringa av kjøling opp og ned med sidevindauga. Temperaturen blir nokså konstant, men vindsuset blir jo rimeleg nok meir intenst etter om ein opnar eller lukkar vindauga. På motorveg i 120 blir lydnivået såpass høgt frå den gamle travaren at ein kan bli halvgal i hovudet av mindre. 35 grader er nokså konstant, kan minne litt om å setje seg til midt i luftstarumen frå ei hårføne.

Midtvegs til Bari hadde me ein god pause i Polignani a Mare.
Mat må me ha, og det oppdraget var det Bruno og Maria som fekk. Eit lite salumeria på eit hjørne midt i byen var godt for 18 år sidan då eg fekk lurt meg unna eit kobbel av Comeniuslærarar på sightseeing innimellom arbeidet med papir og planar for Comenius samarbeidet. Akkurat på den plassen ved torget i Polignano fekk eg veldig god påsmurt mat. Like godt denne gongen, og fritt for svin. Fekk mest som eit lite show frå Bruno si side der han flaksa med vengene og kakla som skulle han vore ein kalkun eller tacchino som det visst heiter på talemålet her. "Muselman?" spurte ha mitt reisefølgje. Ja svara han, og til meg "Muselman" er muslim på pashto.


I 4 år har me delt gledene her i Villa Felizia. For Anne Marie er det stort å gå mellom dei ulike trea og hauste det som er av frukter. Akkurat nå har fersken blitt oppetne av oss eller fuglar. Hadi har gjort gode innhogg i aprikosene. Plommer har og funne vegen ned i feriefolket sine magar. Her blir mandler, valnøtter og fiken etterkvart. Epler og pærer de vokser på tre, og når de bli modne så faller de ned. 
Denne gamle baderegla kan få  nytt her ute på campagnaen. Anten heilt konkret, slik det har skjedd med plommer, fersken og aprikos, eller om ein vil i meir overført betydning i bassenget. 
Tidlegare år har eg vore rett så stolt av det som har sett bra ut og som i tillegg med mine målemetodar har vore bra. Eit lite elektronisk apparat måler Ph og mengde klor. Måling etter gammal metode med kjemisk reaksjon og vurdering av fargendring på væska opp mot fargeskala har gitt same resultat som den elektroniske dingsen.  Eg er ingen ingeniør, men hadde for nokre år sidan tok eg imot råd  frå ein ingeniør i ein norsk kommune der han hadde ansvar for 4 store basseng. 
Men dette året såg det ikkje ut for at eg skulle klare å halde vatnet reint. Altfor lite gjennomstrøyming i filteret. Skimmeren funka ikkje slik den skal, suget inn mot pumpa var altfor putlete. Lite av blokker frå tre og insekt som mislukkast i å gå innfor  landing på vatn vart fanga slik at eg etter ei dag eller to kunne tømme grovfilteret. Etter mange rundar kom eg på å kjenne etter i den ventilen som fører vatn ut av bassenget, og der lag kjelda til bryet. Eit centimetertjukt lag med med rusk og rask funka som ekstra filter og effektiv brems av vanstraumen. Brått kunne både pumpe og sandfilter friskmeldas. Nå er vatnet oppe att i den standard eg ynskjer det skal ha. Vil ikkje teste det som drikkevatn, men absolutt innbydande til å senke heite kroppar i. Og så ser det så fint ut om ein bare gjer seg bryet med å finne rett plass å ta biletet frå.
Det vart kveld neste dag lørdag, og med 6 personar og transport snautt 20 km vart det til at begge bilane fekk lufta seg. Bubilen har stått i ro i 2 veker nå, så det var nok bare greitt å la den få trille nokre mil. Vegane her er tronge, atfor tronge for slike bilar, men ein får bare ta det med ro. Tenkte ikkje så nøye på det med aircondition, men du og du så godt, sjølv på kvelden når det hadde blitt mørkt. Gradestokken på eit apotek inne i Francavilla Fontana synte 30 grader og då var klokka 9.

Til hjelp når ein vil ha ein stad å ete, kan Tripadvisor vere ok. I alle fall om dei som skriv og dei som les er nokolunde oppegåande.  
Al Monumento såg ut til å vere ein grei stad å gå. Kjende att staden, har vore der før.  Så kom neste steg: Finne omtale av plassen. Første omtale var utruleg nok på norsk, dei har sine måtar å ordne seg på dei som driv slike sitar. 

Såg greitt ut også når det gjaldt omtale.  Anten les eg fryktelig fort, eller så er eg ganske utruleg surrete. Eg las faktisk heile teksten før det gjekk opp for meg kvifor den virka så kjent.

Vil du ha fasit på kven som skreiv denne omtalen, får du gå inn på Tripadvisor.com og leite. Svaret er vel såpass opplagt, at om du må bruke fasit trur eg helst du er like surrete som meg.

onsdag 6. juli 2016

Og vannet steg. . . . . . . . . .

Her er meir enn nok vatn. Kjeldene er vel utømelige i kort tidsperspektiv. Lever ein slik me for stor del gjer mange av oss: "Etter oss kjem syndefloden", ja så treng me vel ikkje tenkje i anna enn her og nå.
Engelskmennene me kjøpte huset av for 4 år sidan hadde skaffa seg permanent vatntilførsel ved å bore etter dei gode dråpane. 135 meter rett ned. Nedi botn der ein stad surrar og sviv ei pumpe som forsyner både oss,  Sofie og Terje med vatn av god kvalitet. (Dei to sistnemnde hentar drikkevatn her rett som det er) Å levere vatn til fylling av 26000 litar med vatn i bassenget er vanligvis heller ikkje noko problem. Ned i brønnholet går det ein vatnledning, i tillegg til ein ledning som gjev straum til pumpa. Ledningen er kanskje endå lenger enn lunta mi, men jammen kan den og vere lang. Tok jaffalt ganske lenge før eg forstod kvifor pumpa nede i brønnen ikkje starta og stoppa som den skulle. At pumpa i dagtanken stoppa når den ikkje hadde meir vatn å pumpe forstod eg, men kva skulle eg vel gjera?
Prøvde å lage meg eit system med manuell stopp og start av begge pumper etter eit system som brått dukka opp i hovudet. Pumpene arbeidde greitt nok dei, men hovudet? 
Før den makelause bønnen vart bora, samla dei overflatevatn frå taket i ein cisterne under huset. 2*2*3 omtrent 4 meter under golvet i huset. Førre eigar hadde rimeligvis ikkje brukt for dette lageret av vatn og etter søknad om bruksendring vart det lager. Eg trur der er ein vinkelslipar nedi der. Der er diverse anna og, men akkurat kva hugsar eg ikkje. Kunne kanskje fått låne dukkarutstyr av Ubaldo for å sjekke, men mindre bry me ei lensepumpe. Var nå litt redd for å møte ein vannslange og nedi der, så eg trur eg fann rett løysing.

Det har seg slik at ein av dagane me skulle ut på tur, tenkte eg at 10 minuttars gang på brønnpumpa ville vere lurt. Det hadde faktisk vore lurt og, om eg bare hadde hugsa på å slå den av  i det me for avgarde. Vel heimkomne att etter mange varme timar på tur er Hadi førstemann som ser der som skjer. Brønnpumpa går framleis, nå er det fullt i den gamle cisternen og kjøkkenhagen der me ikkje har fått planta noko i år, er det som bli vatna. Kapasiteten på pumpa der nede i mørket 135 meter under beina våre kan me ikkje klage på.
12 kubikk eller 12000 liter på fire - fem timar er slett ikkje gale.




For dei som endå plaskar med i alt vatnet, kan det meldast at problemet truleg var at flottøren som skulle starte og stoppe brønnpumpa hadde hengt seg.  Litt risting og litt dunking på den så funkar den att. Kor lenge er ikkje godt å vite. Må nok skifte den før me reiser herifrå, eller slå av straumen til pumpa heilt.

Kor mykje kosta så det heile? Måtte kjøpe pumpe til Euro 25. Kjøpte slange og, litt tjukkare enn vanleg hageslange.Slange var dyr, heller det enn billeg slange som ikkje vare ein sesong før den må kasserast.  Framtida med fylling og tøming av basseng blir lys og lett rett og slett. Lensepumpa skal få hjelpe til. Det vil bli som ein våt draum å få på plass bassenget til sommarsesongen. Kanskje det kan bli råd med dukkertar i haustferien og nå? 

ACTION?

Stille og fredelig stig sola opp i aust. Ungdommane har fri og held senga. Sjølv trøsjeverket av ein kaffimaskin klarer ikkje vekkje dei. At stovelufta blir avfukta og får jamn temperatur på 25 grader hjelper nok og på sovehjarta.
Bassenget i hagen her var oppe i 30 grader på eit par dagar. Det kom faktisk vatn i det etterkvart, men det var ganske stressande å få det til. (Meir om det i neste bolk) 
Strendene langs med Adriaterhavskysten liknar ganske mykje på strendene på Nærland eller på Brusand. Fin mjuk sand, sanddyner med marehalm begge stader. Litt forskjell i vatnet rett nok. Ein frys seg ikkje akkurat forderva om ein vågar seg uti her. Gildt med ungdommar som har endelaust med energi når dei får kjølt ned kroppane litt.
Ei viss dame som er her på vitjing etterlyste ACTION. Me tok den dryge timen i bil nordover til Fasano der både Zoofari og Fasanolandia lokka. 
Eit lite overblikk før me inntek scena.
Me stod  i kø, men kom aldri så langt at me fekk tur. Det gjekk etterkvart opp for oss at banen var stengt og at me var dei einaste som stod i kø. Eg var no bare glad til, for dette trur eg hadde tatt knekken på ein gammal skrott. For min del ville det nok halde i lange banar med skrekken i augene på dei som kunne tatt turen.
Pariserhjulet derimot. . . . . . . .
Det er bare koselig. Flott utsikt mot havet me bada i eit par dagar tidlegare.

Framleis litt lite ACTION, men trass alt betre enn å sitje med beina på bordet utanfor Villa Felizia.
Saktegåande moro kan ein vel kalle dette.
Men kom an då, her går det unna. Stor dose skrekk og ein liten porsjon fryd. Litt ulik blanding. Ikkje bare eg som var glad då eg kom uskadd ned att. Innvortes gjekk det vel helst heilt ålveltes. Hovudet hang forresten framleis på, i alle fall så langt eg veit.
Dei tre sekstenåringanen fekk ikkje nok med ein tur. Gruppepress?
Zoofari vart det mindre av. 35 grader i lufta utan airconditon og 5 personar klemt saman i ein 24 år gammal blikkboks var ingen god kombinasjon for dei to gamle. Dei ville afrikanske dyra fekk fred frå oss i denne omgangen.
Italia hadde kamp mot Tyskland her om kvelden. Den fekk me med oss på fortau i Latiano der dei hadde rigga projector og stort lerret. Vel, Line Attaullah og Oddvar fekk nå med seg kampen. Hadi tok seg ein  l a a a n g   spasertur. Eg sat nå der samen med ei andre. Då det var 5 minutt att av kampen tok eg til å undrast på kven som hadde raud målvakt. Er eg SÅ treig, eller er eg bare SÅ interesssert i fotball?

onsdag 29. juni 2016

FOR STOR FOR STOL


Det var gjestene som skulle koma som var det viktigaste i går. Etter å ha flaksa med vengene frå Sola til København, vidare derifrå til München
 og så siste etappe til Bari var dei framleis ganske så oppegåande. Me pakka oss tett inn i bilen og tok avganrde Ceglie. Livar ymta frampå om pizzastopp der på den sraden der dei servere Ceglie sin beste pizza. Nå har ikkje eg smaka på pizza frå alle stader i Ceglie der slik spise blir servert, men det me fekk servert fekk ståkarakter og vel så det. Pris snakkar me ikkje om. 6 menn og ei dame gjekk frå bordet og var ikkje akkurat bråsvoltne lenger.
At niese Line  og broder Oddvar vil bruke eit par veker av ferien sin her, er det vel ingen som har problem med å skjøna. Akkurat nå melder stokken 26 grader, klokka er 08:35, frukost tid er fleksibel for både gjester og huset sine eigne folk. Det bles litt, sola skin frå skyfri himmel, badevatnet er klar, alt er gjort for eit triveleg opphald vidare. 
Feller fins i mange former. Denne er tilpassa eit liv i vatn. Om bare sirkuasjonspumpa jobbar, så er skimmeren i full sving med å fange både insekt og lauv og frø som landar i bassenget og held seg flytande. Det som søkk til botna treng manuell innsats. Då brukar eg ein slags vannstøvsugar som faktisk er utruleg effektiv.  
I fjor kjende eg meg mest lurt etter å ha kjøpt felle for mygg. Den kosta nokre tusingar, men medlemstibod på Coop Byggmix heim gjorde at fella var innan rekkevidde.

Eg har ein teori om at myggen ikkje høyrer med mellom dei som les. Om så skulle vera, hadde den nok halde seg langt unna denne innretninga, men det gjer den ikkje. I staden for å meske seg med friskt og ferskt blod frå folka her på tomta, let den seg lure. Ikkje alt som luktar godt er godt. Myggen endar i eit lite kammer der den med hjelp av varme og frisk gjennomlufting rett og slett blir dehydrert. Etter det reklamen fortalde  om fella, kunne ein tøme restane av mygg, på videoen som følgde med såg det mest ut som ein tømte svart mjøl ut av siste stoppestad for myggen medan den endå var i live. 

Hvis ingen går i fella, men passer seg for den, skal alle sammen snart få feire jul igjen! 
Ho skulle nok høyrt på mora si denne vesle nesevise som virra rundt på golvet på soverommet mitt i natt. Emmentaleren frista. Siste gong denne vart frista, men eg er redd ho har både forelde og sysken.
Så ganske gale er det nå forresten ikkje. "Det er naturen", som Meggi sa. Me bur ut på campagnaen, og der er det slik.  Forresten gjev det godt høve til å rapportere siste nytt på musefronten, og det reknar eg med må vere rett så interessant for dei som tek seg bryet med å lese.

Eit forbrukarspørsmål til sist: Kor lenge etter at du har fått noko kan du klage på kvaliteten?
 

Eg kan ikkje begripa kvifor det alltid er dei stolane eg set meg på som held slik dårlig kvalitet. Når eg set meg på ein murkant eller ein stein, då har eg aldri opplevd at det har gitt etter. Plaststolar, kvilestolar og nå hagestolar derimot, dei samarbeider dårleg. Vel er magen stor og tung, men eg har då sett andre med både dobbelt så stor og endå større mage utan at dei går rundt med tekst på magen: 
FOR STOR FOR STOL. 
Nå er det forresten ikkje magen ein sit med heller, det er baken ein brukar til det. Kan de forstå at eg ikkje forstår dette?

mandag 27. juni 2016

Pugliaprosjektet sommaren 2016

Turen vår til Puglia sommaren 2016 starta endelig. Attaullah, Hadi og Geir er i gang på denne sommaren sitt prosjekt. 2995 kilometer på veg, pluss ein del sjømil som me måtte ha hjelp til. Både Fjordline og ColorLine er brukbare, men sidan bare Superspeed kunne by på plass ombord, var det sjølv sagt den me måtte ta avgarde med. 

Morgonbåtane til Hirtshals låg klar i hamna, me var like klar . To sovande karar i bilen og eg kvilelaust vandrande rundt der ørtidleg på morgonen. Det slo meg der dei låg stille ved kai og samla krefter til neste dags arbeid, at den vesle like gjerne kunne vore ein litt overdimensjonert livbåt for den største. 

Apropos livbåt, her er det vel meir snakk om livbil. For å sei det slik er eg glad me slapp turen til Puglia på denne måten. Ein stakkars nederlendar på sitt livs tur kanskje til Norge, og så enda heile ferda på ein redningsbil på kaien i Kristiansand på veg attende til heimlandet. Ikkje for det, reiser ein på den måten slepp ein problem med stadige kvile og migepausar. Ein kan sitje bak rattet om så i fleire døgn vil eg tru.
Me legg fastlandet bak oss, Frå no av er det spaghetti, makaroni, mozarella som gjeld. 

Etter ein del mils  kjøring melder min trong seg til ikkje bare å gå på do, eg må faktisk sova innimellom eg og. Attaullah og Hadi finn roen i skuggen medan eg kviler i bilen.
Sugerrøyr er ein fin fin  ting. Matlysten manglar det ingenting på. KFC smakar godt, i alle fall der me hadde stopp for påfyll av drivstoff for dei tre karane på tur.

Å  blåse er heller ikkje dumt. Tjukke lag i tunet  med turka lauv frå oliventreea våre,  då er det godt å få litt hjelp av motordriven feiekost. Feiekostførar trengs og. Bra at ein ikkje treng førarkort for å føre den motoriserte feiekosten.
I fjor sommar spådde carabinierien i Latiano at eg ville kome dit nå i juni 2016 for å rapportere heile huset stole. Så galt var det ikkje. Det var faktisk ikkje fjerna noko som helst. Det vil seie, litt av jobben min var fjerna. Clemente har fore over øvre del av tomta med skikkeleg jordfresar. Han tenkjer vel med rette at då er det lettare for meg med "meine spielzeug" som han seier. Eg held på at Honden er akkurat passe for meg. Ikkje minst startar den på første snortrekk kvar einaste gong.

Me har jo som dei som har lese min blogg før veit, vore plaga av både firbeinte og tobeinte ubedne gjester. Dei tobeinte har nok vorte avskrekka av VigilNova, den lokalevarianten av Verisure. Dei firbeinte derimot, dei let seg visst ikkje avskrekke av noko som helst. Inni sovesofaen, og mellom puta og madrassen i senga på master bedroom der låg det lager av mat for eventuelle hardare tider framover. Når me kom så langt som ned til senga der gjestene skal sova, ja så hadde det vore gjester der før. Såg mest ut som det hadde vore ein heimefødsel der. Utruleg kor mykje Vanish hjelper mot. Fjernar alle spor etter musefødslar ville vel vore ein fin reklametekst vil eg tru.
Men men, som ho sa Meggi på Taverna di Pascalone: Det er bare naturen, det er slik.
Eg fekk forresten mest helse på den eine, den natta me kom fram hit. Det vil seie seint fredag kveld, rundt midnatt. Ho, vsele søte musa,  pila litt fram og tilbake på golvet, såg ikkje ut til å vere  redd i det heile.  Ho har nok aldri høyrt Alf Prøysen si vise: Viss ingen går i fella. Den vesle søte som dansa seg inn under vaskemaskinen, kan fort bli den som innvier fella.


Kor mange bein har s desse?  Beinlause eller einbeinte? 
Stakkarane valde feil plass å utfalde seg på. 3 på soveromsgolvet og ein på veg opp mot taket på badet. Lurer på kva den ville der? Kanskje den undrast på det den og den og før den fall i flisegolvet med noko som mest likna eit plask. Fekk tydeleg sjå at snigelen er eit blautdyr.

onsdag 1. juni 2016

på italiensk territorium?

 
Hadde ikkje hatt noko imot å gå ombord i denne, heimehøyrande i Genova. Ikkje plent for anna enn at eg då truleg hadde vore på italiensk territorium. Når kjempa ligg til kai i Stavanger, blir husa i Gamle Stavanger små, mest som leikehus. Costa Pasifica, systerskip til Costa Concordia som havarerte, ruvar så det er eit syn.
Kva båt av desse to eg helst ville reist til Italia med veit eg ikkje heilt. Kjem an på kva som ville gå fortast?
Kanskje denne hadde toppa begge dei to andre, både den store og den vesle. Georgetown var heimehamn for design som absolutt kan vekkje åtgaum. Utvortes flott som få, innvortes truleg endå flottare. Fiffen gøymer seg bak svarte ruter slik at me som bare er velståande nordmenn og gallrike verdsborgarar, me fekk ikkje så mykje som eit lite glimt av innsida. Hadde ikkje vore heilt feil å reise til Brindisi med denne. Har nå forresten sett liknande båtar der før. Middelhavet er heldigvis ein leikeplass som ikke skil mellom kong Salomo og Jørgen Hattemakar. 
Vil du vita kva Stavanger Aftenblad kan opplyse om denne båten finn du opplysningar HER

Får nøye meg med Superspeed, no med ny avreisedato. 23. juni frå Kristiansand vart brått til 22. juni. Eg oppdaga at dei to skulegutane våre, Attaullah og Hadi får sommarferie ein dag tidlegre enn det eg hadde fått med meg. Og å venta ein dag meir enn heilt naudsynt, det er fullstendig uaktuelt.

lørdag 16. april 2016

Nedteljing vert aldri feil

Det er viktig å halde styr på kva tid sommarferien er.  Kanskje ekstra viktig nå som eg ikkje har ferie lenger. Nokre vil vel seie at eg har ferie året rundt, men slik kjennest det ikkje.  Siste skuledag før sommarferien er bare historie. Den sitrande forventninga til første skuledag etter sommarferien er også borte. Sanneleg godt ein kan lage seg sine eigne merkedagar, dagar ein kan sjå fram til og gleda seg til.

Med fiks ferdig ferjebillett frå Risavika til Hirtshals 12. juni, skulle alt vere klappa og klart for den etterkvart årvisse turen sør gjennom dejlige Danmark, Tyskland, Austerrike og Italia.  12. juni var siste mulighet å reise før prisane tok ein godt jump oppover.  Sov kjør, sov kjør, sov kjør, sov kjør. Etter eit ukjent tal repetisjonar skulle eg vera framme ved målet Latiano  i god tid før Line og Oddvar kjem for å låne land og seng i eit par veker hos oss "der nere" som me seier.
Oddvar har vore i Puglia før, og fekk heilt klar meirsmak. Får satse på at han ikkje blir altfor skuffa når det går opp for han at OPERA i Grottaglie ikkje lenger eksisterer, og at han av den grunn ikkje vil kunne ta reprise på eit måltid mat som i følge fotografen førte til eit henført salig uttrykk då han sommaren 2013 var der for å nyte det bordet kunne by på.
Foto: Livar
Han blir sikkert ingen vanskelig gjest å ha nå som han skal ha med seg nokon som kan passe på han.

Av minst to grunnar har reiseplanen blitt endra.
1)
Skuleåret 2015/2016 må bli slutt før ferda sørover tek til.  Me som har vore to i fleire år, har brått  blitt fire. Me må ta omsyn til eit par 16-åringar som skal bli ferdige med skuleåret før det  kan bli snakk om å reise til Italia. Dei gledar seg til varmen i Italia. Italiavarmen liknar truleg på varmen i Afghanistan.
2)
På den tida i sommarsesongen, siste halvdel av juni, let det seg ikkje gjere å reise  med bubil på Fjordline, alt er alt på noverande tidspunkt reservert etter det heimesida deira viser.

       
Då blir Colorline frå Kristiansand god å ty til.  (trykk på sørlandsbyen, så får du vite kor mange dagar det står om før me stiller opp på kaien for avreise med Superspeed) 

Skal ein til  Italia MÅ ein reise så snart høvet byr seg. Det viste seg at skulen for Attaullah og Hadi tok sommarferie ein dag tidlegare enn det eg rekna med. Nokre kroner i gebyr for å flytte avreisa ein dag fram reknar me ikkje på. Det viktigaste er å kome seg avgarde så fort som bare råd.





Billetten for sommarstart med Fjordline, vart på grunn av diverse omstende omgjort til Sommarslutt med same selskap. 14.august må me stille på kaien i Hirtshals og vere klar for retur over Nordsjøen. 

Innan den 11. august skal me ha pakka ned jordisk gods og gull, alt me helst vil finne att seinare. Utruleg mykje der er plass til på eit soverom.  Høgt under taket er det. Hadde me hatt trong for å overnatte veldig mange, kunne me sikkert lasta i høgda, kanskje så mange som 4 soveplassar over kvarandre og med to slike soveriggar kunne me hyst 8 stk på gjesterommet.
Me rekk truleg og innom flyplassen i Bari den dagen turen nordover startar. Denne sommaren reiser Anne Marie  mot normalt til Bari i staden for Brindisi. Me som skal reise med bil har 4 heile dagar på turen og det vil klare seg. I mangel av Livar som co-driver eller hovudsjåfør for ein sovande bileigar må me ha såpass tid til å legge bak oss dei 2600 kilometrane det er før me kan ta det med ro ombord i Bergensfjord eller Stavangerfjord.

Nå med korrektur frå eigen friviljug korrektør.