Translate

søndag 10. juli 2016

Skal ein lite på Tripadvisor.com?

Me har fått forsterkningar på tomta. Anne Marie melde ankomst til Aeroporte Internazionale di Bari - Karol Wojtyla på fredag 8. juli klokka 17:05.  At ein får rabatt på bilforsikring når ein har luftkjøling inne i bilen, har eg tidlegare ikkje heilt forstått. Utruleg så fort ein gløymer. I ein 24 år gammal Audi er einaste kjølinga og reguleringa av kjøling opp og ned med sidevindauga. Temperaturen blir nokså konstant, men vindsuset blir jo rimeleg nok meir intenst etter om ein opnar eller lukkar vindauga. På motorveg i 120 blir lydnivået såpass høgt frå den gamle travaren at ein kan bli halvgal i hovudet av mindre. 35 grader er nokså konstant, kan minne litt om å setje seg til midt i luftstarumen frå ei hårføne.

Midtvegs til Bari hadde me ein god pause i Polignani a Mare.
Mat må me ha, og det oppdraget var det Bruno og Maria som fekk. Eit lite salumeria på eit hjørne midt i byen var godt for 18 år sidan då eg fekk lurt meg unna eit kobbel av Comeniuslærarar på sightseeing innimellom arbeidet med papir og planar for Comenius samarbeidet. Akkurat på den plassen ved torget i Polignano fekk eg veldig god påsmurt mat. Like godt denne gongen, og fritt for svin. Fekk mest som eit lite show frå Bruno si side der han flaksa med vengene og kakla som skulle han vore ein kalkun eller tacchino som det visst heiter på talemålet her. "Muselman?" spurte ha mitt reisefølgje. Ja svara han, og til meg "Muselman" er muslim på pashto.


I 4 år har me delt gledene her i Villa Felizia. For Anne Marie er det stort å gå mellom dei ulike trea og hauste det som er av frukter. Akkurat nå har fersken blitt oppetne av oss eller fuglar. Hadi har gjort gode innhogg i aprikosene. Plommer har og funne vegen ned i feriefolket sine magar. Her blir mandler, valnøtter og fiken etterkvart. Epler og pærer de vokser på tre, og når de bli modne så faller de ned. 
Denne gamle baderegla kan få  nytt her ute på campagnaen. Anten heilt konkret, slik det har skjedd med plommer, fersken og aprikos, eller om ein vil i meir overført betydning i bassenget. 
Tidlegare år har eg vore rett så stolt av det som har sett bra ut og som i tillegg med mine målemetodar har vore bra. Eit lite elektronisk apparat måler Ph og mengde klor. Måling etter gammal metode med kjemisk reaksjon og vurdering av fargendring på væska opp mot fargeskala har gitt same resultat som den elektroniske dingsen.  Eg er ingen ingeniør, men hadde for nokre år sidan tok eg imot råd  frå ein ingeniør i ein norsk kommune der han hadde ansvar for 4 store basseng. 
Men dette året såg det ikkje ut for at eg skulle klare å halde vatnet reint. Altfor lite gjennomstrøyming i filteret. Skimmeren funka ikkje slik den skal, suget inn mot pumpa var altfor putlete. Lite av blokker frå tre og insekt som mislukkast i å gå innfor  landing på vatn vart fanga slik at eg etter ei dag eller to kunne tømme grovfilteret. Etter mange rundar kom eg på å kjenne etter i den ventilen som fører vatn ut av bassenget, og der lag kjelda til bryet. Eit centimetertjukt lag med med rusk og rask funka som ekstra filter og effektiv brems av vanstraumen. Brått kunne både pumpe og sandfilter friskmeldas. Nå er vatnet oppe att i den standard eg ynskjer det skal ha. Vil ikkje teste det som drikkevatn, men absolutt innbydande til å senke heite kroppar i. Og så ser det så fint ut om ein bare gjer seg bryet med å finne rett plass å ta biletet frå.
Det vart kveld neste dag lørdag, og med 6 personar og transport snautt 20 km vart det til at begge bilane fekk lufta seg. Bubilen har stått i ro i 2 veker nå, så det var nok bare greitt å la den få trille nokre mil. Vegane her er tronge, atfor tronge for slike bilar, men ein får bare ta det med ro. Tenkte ikkje så nøye på det med aircondition, men du og du så godt, sjølv på kvelden når det hadde blitt mørkt. Gradestokken på eit apotek inne i Francavilla Fontana synte 30 grader og då var klokka 9.

Til hjelp når ein vil ha ein stad å ete, kan Tripadvisor vere ok. I alle fall om dei som skriv og dei som les er nokolunde oppegåande.  
Al Monumento såg ut til å vere ein grei stad å gå. Kjende att staden, har vore der før.  Så kom neste steg: Finne omtale av plassen. Første omtale var utruleg nok på norsk, dei har sine måtar å ordne seg på dei som driv slike sitar. 

Såg greitt ut også når det gjaldt omtale.  Anten les eg fryktelig fort, eller så er eg ganske utruleg surrete. Eg las faktisk heile teksten før det gjekk opp for meg kvifor den virka så kjent.

Vil du ha fasit på kven som skreiv denne omtalen, får du gå inn på Tripadvisor.com og leite. Svaret er vel såpass opplagt, at om du må bruke fasit trur eg helst du er like surrete som meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar