Translate

mandag 20. april 2015

Kan mat bli for god?

Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura, Latiano

Reknar med det kan vere minst like interessant som "Bergenbanen, dråpe for dråpe" eller "Hurtigruta, vindkast for vindkast".

Livet her går sakte vidare. Siste rapportane frå velinformerte kjelder tyder på at skaden i handleden er i ferd med å verte hela. Går jo an å ta det med ro litt til, utnytte heile potensialet kan du sei.

Mat er her nok av, og går ein på dei rette plassene kan ein få teste smaksløkane på saker som før aldri har funne vegen inn mellom mine lepper. På vegen mot La Silvana MÅTTE eg bare stoppe for å få med dette: 

Søndagslunsj på La Silvana, meir treng ein ikkje seie for dei som kjenner staden. For dei som ikkje kjenner staden, kan det kort oppsummerast: 

Slett ingen mare å sitje til bords der. Det vil sei, mare var det, rett og slett MARE. Eine sjøretten etter den andre, mest så eg etterkvart knapt kunne forstå at havet kunne by på meir etande. 




Eg trur eg overlet namngjevinga til dei mest ihuga av dykk som les her. Dette er altså bare eit lite utval av det som i løpet av 4 kjekke timar kom på bordet.
Noko anna som er bra med sjømat, er at ein kan eta seg stappmett utan å bli bortimot uvel slik ein kan bli når ein et vel mykje kjøt. Så lurer du kanskje på korleis eg som alltid er så forsiktig i matvegen kan vite noko om det? Kanskje ser du for seg svaret, men det vil eg absolutt ikkje høyre.
Heimvegen via Fasano gav utsikt i klasse med både blomstereng og frutta di mare.  
Her kan vere ganske så bratt her i sør når ein bare kjem litt unna flataste slettelandet der me held hus. Når vegen hallar 18% nyttar det ikkje lenger å halde att på motoren. For å sei det slik, er det godt at han som var på handel av ny brukt motocultivatore  ikkje hadde bakker av dette slaget å klatre opp eller renne ned. Det kunne fort vorte farleg for han bak mopedstyret inni Apen.

lørdag 18. april 2015

WEBCAM, nå og frå Villa Felizia


HER kan du laste ned bilete frå Villa Felizia.

Nytt bilete blir lasta opp ein gong i timen

onsdag 15. april 2015

Rundt og rundt

Å gå Rundvegen rundt heime på Vigrestad er ingen stor kunst. Ikkje er runden så veldig lang heller. Lett nok å få god rundetid.
Nå trur du kanskje det er i ferd med å gå rundt for meg. I alle fall om eg fortel om siste prosjektet. Rundt huset vårt, Villa Felizia ligg det mange småbyar og minst ein ganske stor. 
Går det an å gå rundt dei, utan at det til sist går rundt for meg sjølv?
Eg er godt i gang kan du sei. Med å gå. Brindisi gjekk eg rundt for ei veke sidan, den dagen Anne Marie reiste tilbake til Vigrestad. Som de ser legg eg etter meg små blå punkt på mi vandring. Dette gjer det lettare etterpå å dokumentere at eg verkelig har gått, ikkje bare på kartet. 
San Vito dei Normanni har eg lagt bak meg mange gonger tidlegare, men så var det desse små blå punkta som måtte fordelast for å gjennomføre prosjektet på skikkeleg vis.
I dag har Francavilla Fontana blitt sirkla inn. Kva byar er så att? San Michele Salento, Oria, Carovigno og Ceglie Messapica. 
Då eg runda eit av siste gatehjørna i dag, var det mest som eg tok til å lure: Er det rett og slett så gale? Synsbedrag? Går det rundt no? Nei, det var dette eg såg.




Spenstige former kan du sei. Lurer på kva kommunen heime ville sagt til slike sprelske linjer, kommunen som i si tid ikkje umiddelbart klarte å seie ja til eit jærhus midt inne i eit byggefelt på Jæren.

mandag 13. april 2015

Lokal KLIMAENDRING

Ikkje noko forsøk på å  GNI det inn. Her har ikkje vore temperatur til å skryte av så langt. Det hjelper på nå etterkvart. Når det tippar 20 talet, kan eg vel ikkje som "grønlending" hutre lenger. 
Det var langt unna sola, i skuggen under tak på frukostplassen vår. Der morgonkaffien og ciabattaen  vart nytt, før vår snekkarkyndige son ordna med tak over plassen der me kan følgje med på trafikken og vinke til dei forbipasserande på alle slag kjøretøy; Ape, traktor, personbilar, varebilar, små lastebiler og på søndagar fer det forbi syklistar som trenar til Nordsjørittet. Eg reknar med det må vere Nordjørittet syklistane skal vere med på. Må vel vere det, for det er fart og det å sykle i klump som tel.

Den gamle trykktanken frå Villa Serena (Sofie og Livar sitt puglianske paradis) har endå i år ikkje stetta opp under mine pyromane tendensar. Brenning direkte på bakken av olivenrusk og olivenrask er det lengste eg har brunne det til så langt. Det som har gått raskast opp i fyr og flamme, er greinene frå rosmarinhekken vår. Dei snakkar om bensin til bålet. Kunne like gjerne ha snakka om rosmarin til bålet. Har ikkje kome på å prøve endå, men vil tru det kan fungere ved opptenning av omnen inne og.
Museete madrasstrekk avslørte innmat som hadde sett betre dagar. På bålet med den. Brann gjorde den, saman med greinene frå mimosatreet vårt som ikkje stod mot vindkasta i løpet av vinteren. Langt langt  bak i tanken min veit eg at det kan hende bidreg til KLIMAENDRING denne brenninga av petroleumsprodukt. Litt meir usikkert om det blir mot varmare eller om det blir mot kaldare tider. Same kva så må det vel vera betre å brenne det, enn å slenge det frå seg i ei grøft eller langs ein steingard. Det er rett og slett fælt å sjå korleis mange kastar frå seg både stort og smått, bare det kjem langt nok bort frå deira eigen eigedom.  Eg skal ikkje skryte på meg at eg forstår korleis det heng saman, men nokon har fortalt meg at folk kjenner lite ansvar for fellesområda. Fortau utfor hus i småbyane blir gjerne vaska med kost og fille, medan grøfta like utfor byen må ta til takke med å vere ly for avdanka toalett, gamle kjøleskap,
gamle vaskemaskinar, stolar og sekker med mindre avklara innhald. Ikkje alt på ein plass heldigvis, sånn litt spreidd så det kan vere til hugnad for forbifarande ikkje bare i ein stor dose, men i mange små. 
Døden Puglia kan vere brutal, anten det er ei stålstong som smell til over musenakken eller det er hjulet som fangar ein liten krabat slik at det ikkje lenger er noko problem å få bilete av den. 
Den har sprunge siste turen kan du sei. Flyttar ein blikket litt ut-forbi vegen, litt utanfor steingardane kan ein kvile auga på det fine:





onsdag 8. april 2015

Litt Freia melkesjokolade er ikkje å forakte

Skal eg vera heilt ærleg, og det bør eg jo vera, så er det litt stusslig slik like etter at Anne Marie lytta til pliktene som kallar. Jobb i morgon for henne. Godt ho ikkje reiste via Charles de Gaulles Paris, for der er det streik. Nye streikar seinare i månaden  og, men etter varsling nå, blir det ikkje noko tull den dagen eg reiser. Det er nå lenge nok til at eg slett ikkje treng å uroe meg heller. Nå som både gjest og inventar i huset har reist, er der ingen att til å synas synd på den uheldige mann som gjekk ålveltes i pur uforstand. Kan skjøna ein må halde auge med var ein trør.

Eg har lova meg sjølv at motorsag det er ingen heilt aleina aktivitet. Heldigvis har eg ikkje lova Anne Marie dette, ho er bare veldig samd i at det er lurt å la vere å bruke slike hjelpemiddel. Eg tok med overfallsalarmen som er kopla til VigilNova. Trebuskane som skulle vekk stå oppe ved vegen. Nå er dei vekke. Ingenting anna er vekke. Alle fingar, arnmar føter osv er framleis på plass.

Siste kveld før me reiser, anten begge eller bare den eine, så fell det naturleg å ha ein siste middag hos Meggi og Pascalone. Butikken hadde gått godt i påska. Fulle hus, dag etter dag. Travelt, men då er det gjerne ikkje så farleg at tysdagkvelden enda med bare fire gjester. Eit tysk par og så oss. Der var i tillegg innom ein for å kjøpe ferdig grilla kjøt. det er nemlig mulig det og. Pascalone si pølse er bare fantastisk. Han lagar den sjølv, grov, saftig og full av smak. Ein kan sikkert finne betre pølser om ein leitar, men eg kjenner ikkje den store trongen til å leita. Kjøtet som kjem frå grillen er ikkje ringare. Rett lagra, skal kjøtet modnast slik at det ikkje treng anna enn lett grilling, det er ferdig mørna før steikinga tek til. Øl har eg ikkje så mykje greie på, men når Meggi spør om eg vi ha hennar øl, då er det enkelt å svara. Eitt lett lyst øl, som passar veldig godt min smak. Tiramisu er vel nærast nasjonalkake/dessert her i landet. Fælt oppskrytt om eg skal sei mi meining. Varianten på Taverna di Pascalone derimot. I byen (Stavanger) seier dei "tennen løybe i vann". Her er det snakk om foss. Mascarpe og krem kombinert med noko som minner om tørka sukkerbrød. Når det får stå ein del timar trekkjer sukkerbrødet til seg fukt og smak frå ost og krem. Litt smak av likør har dei vel og oppi om eg ikkje tek feil.



Tid til ei lita byvandring før retur til Villa Felizia. Latiano er ikkje den mest spektakulære av dei italienske byane eg kjenner til. Men sin sjarme har den, har me funne ut.


I dag startar regimet. På grunn av diverse feiringar framover, ikkje i mai eller juni i år, men sånn ein gong litt lenger fram, har eg planlagt eit siste forsøk på å få klemme kroppen min inn i finaste drakta eg har. Det er ganske mange kilo sidan eg sist hadde den på. Hadde det bare gått an å lirke og presse og smørje med olje eller såpe, slik eg måtte gjere når ringen måtte av pga forstuinga av handleddet. Då fekk eg den av ved å presse frå utsida av ringen. Nytta ikkje på noko måte å ta tak i ringen og lirke.
Så får me då sjå til 17.mai 2016 kva antrekk det blir.

Blomkålbukettar, både grøne og kvite, frityrkokt i frityrgryte frå Lidl  
saman med tomat, salat, mortadella og skinke skal visstnok vera ganske så effektivt. 
Frukostdessert er ganske godt det og. Kaktusane utanfor husete vårt ber grøde så det held. Guido, meglaren spurde om å få hauste i september, og det fekk han sjølvsagt. Han var innom her om dagen og hadde med seg vareprøve. Kaktusfiken som ein får tak i heime og, faktisk på Vigrestad, blir dyppa i ei kalkblanding som tydeligvis fungerer som ei slag konservering. Søte og friske på smak etter å ha blitt lagra i eitt halvt år. 
Etter å ha kjørt Anne Marie til flyplassen fekk eg det føre meg at eg ville finne ut omtrent kor langt det er rundt indre by Brindisi. Ikkje meir enn ca 8 km fann eg ut, men då var nå dagens trim unnagjort.

Eg har ingen ambisjon om å ta opp komnkurransen med Trine. Matblogg skal dette ikkje vera, men så er det nå slik at det er lett å ta bilete av slikt som ligg på fat eller tallerken. Her er dagens lunsj, rødløk, terna bacon og tomat. Smakar faktisk ganske godt. 







Kva skal ein ha til kaffien då?   Ikkje så lett det for slike som meg som aldri kan få nok av det søte når eg skal prøve å unngå både kjøl og sukker. Finn nok ei råd tenkjer eg. Til kaffien etter lunsj var det Emmentaler i terningar som vart løysinga. 
Går dette godt framover har eg liggjade ei halvplate Freia Melkesjokolade. Skulle vekta gå for fort nedover, er det bra å ha noko å kompensere med.

Litt utsyn på korleis dagane går her sør

fredag 3. april 2015

NAF, en venn i nøden

Dag for  å vera ute var det i går.  Mest som å gå i eit eventyrland, mellom nykalka trulli og langsmed blomstrande enger. 
Fredfullt er her og. Endåtil tidlegare omtala problem med laushundar er teke hand om. Mine fine blå har fått fylgje av eit avdanka blått kosteskaft. Stil må det vera over det. Sko og skaft kan bli gode turkameratar framover. 
Frukost ute, føremiddagskaffi ute, lunsj ute, mellemat ute. Kunne me då anna gjera enn  ut å eta på kvelden og. Ikkje slik ute under open himmel då på kvelden. Bare slik eta ute.
Mellom dei vene byane i området her finn me Cisternino. Ein dryg halvtime å kjøre frå oss i Villa Felizia,  men kva er vel det når resultatet er utsyn som dette. 



Byen er større enn me trudde. Mista ikkje oversikten heilt, men me runda meir enn eitt ekstra kvartal for å finne att Corsaen. Jau, der stod den akkurat slik me hadde sett den frå oss.
Stad å ete var enkelt nok. Me fekk oss bord heilt oppunder tak. Fekk meny og bestemte oss for kva me ville ha. Tomt for Euro  i lommane. Tek de kort? Nei, dessverre, men det er minibank like over gata. Men det visste me, for der hadde me fåfengt prøvd å få ut pengar like før me stakk over gata for å få oss mat. Nå vart det meir vandring for å finne Bancomat. Den vesle byen var større enn me trudde. 
Banco di Napoli gav oss dei pengane me ville ha. Endelig tid for mat. Første og beste plassen me fann, tok me inn. Ikkje til å tru kor god og mettande mat ein kan få på ein stad Trip Advisor fortel oss er stengt. Godt eg ikkje sjekka nettstaden deira først, for då hadde me rekna med det var slik det skrive stod. Rotollo Vitello med drikke til og kaffi på huset. Ingen upris for så godt eit måltid mat, men heller ikkje direkte billigsalg. 



Parkeringsplassen vår må ha blitt funnen på instinkt. Greitt å vera utstyrt med eige do når ein skal  vera ein stad nokre timar. Frå bilen kom det bare klikkelydar når eg vreid om tenningsnøkkelen. 
Kva gjer ein då seine kvelden langt her sør i Puglia. Mykje styr å ringe kjenningar når ein ikkje kunne vite heilt kva som er gale.
Ufatteleg kva ein fiksar med desse små plastkorta. Ein telefon til Oslo, omtale av problem, informasjon om bil og adresse og så var det bare å venta. 
Det varte og rakk, men etter eit par timar kom ein kar frå Fasano i ein gul Iveco bergingsbil. Framleis bare klikkelydar, men meir skulle ikkje til enn ein kraftig jumpstartar så sveiv bilen som bare det. Nokre folk er bare fødde for jobben dei har. Denne mannen var av det slaget. "Salve", helsa han då han kom 00:30. "Buona notte", svara eg.  "Buona notte" kom då i retur.  "Motore non si avvia" hadde eg lært meg medan me venta.
Me vart formana om ikkje å slå av tenninga på veg tilbake hit til Villa Felizia.  Fekk forklart at eg ville parkere i litt bakke for eventuelt å trille bilen igang att. 

Bare 6 - 7 km til verkstaden AutoPro i San Michele og der reknar eg med at det er mulig å skaffe nytt batteri til vår "macchina".

AutoPro er god. Er vel fast kunde der etterkvart. Service på Giottiline og service på Opel kvalifiserer til fast kunde å rekne. 
Etter litt leiting på lager etter rett type batteri var bilen endå ein gong god som ny. Sjefen kom deretter og målte ladespenning for å vere på sikre sida. Spenninga var god og dermed kan ein runda av med: "Case closed".

søndag 29. mars 2015

Så langt frå sanninga ein kan kome.


Martina Franca er såpass stor by at sjølv med innebygd GPS, slik hjernebasert ein som eg har, så er det ikkje alltid helt enkelt å vere sikker på at ein er på rett veg. Den kvelden var me litt usikre på om paraplyen måtte i bruk. Men heldigvis, der borte openberra staden seg. Me kom oss turrskodde fram til Osteria del Coco Pazzo da Stefano

Anne Marie og eg har vore der før med mange forskjellige av våre gjester. Kvar gong har maten vore framifrå. Servering likeså. 
Antipasti for to var mest nok for alle tre, men om ein enn får smaksløkane stimulert nok etter 10 - 12 utsøkte smakar, så er i allefall eg slik laga at eg fort vil ha meir av det som godt er. 

Meir vart denne kvelden Pork Pie for Tor. 
Svinekjøt saman med søt småløk omnsbakt i 
rødvinssaus og lokk av paideig.  
Anne Marie gjekk for lam
Eg gjekk for svinenakke på ei seng av tynnskorne friterte potetskiver delikat anretta ved bordet av Stefano i godt slag. 

Rett og slett ein stad der me får lyst å kome tilbake. Denne gongen var det Tor som var den heldige gjesten vår..

Bare for løye måtte eg ha meg ein kikk på TripAdvisor for å sjå kva omtale dei hadde av denne, slik me ser det veldig gode plassen.
Kven som har hatt ein dårlig dag veit jammen ikkje eg. Eg haller mest mot at Scarlet anten må ha vore ein heilt annan plass, eller så må ho hatt ein utruleg dårleg dag. 

Staden  me gjekk frå for ørtande gong i godt lag, der vart nemnde Scarlet beden om å gå. Dei ville rett og slett ikkje ha henne som gjest lenger den kvelden ho fann det for godt å stikke innom. For meg viser det bare at auga som ser kan vere ganske så avgjerande. Ho kan ikkje ha oppført seg som drømmegjesten vil eg tru. La deg ikkje lure av TripAdvisor når du skal velje kor vil ta eit bedre måltid. Hadde me ikkje visst betre, kunne me trudd at Osteria del Coco Pazzo da Stefano var ein stad ein måtte halde seg langt unna. Så langt frå sanninga ein kan kome.