Translate

onsdag 18. mars 2015

Ankerfeste i Puglia

Det var som å kaste ut sluken i håp om å få napp. Brått sette sluken seg fast i botnen. Ankerfestet i 
Puglia  var etablert. Heilt frå første gong eg snakka med Palma 23. desember 1997 har ho vore dette faste punktet me har manøvrert ut frå.  På ei sprakande telefon linje frå Brindisi, heilt på hælen av Italia gjorde me dei første avtalane som førte oss vidare, først til samarbeid mellom skulane våre i prosjekt støtta av EU og så vidare som ferievenner og nå heilt til det punktet der me har sommarhus bare nokre kilometer frå kvarandre.
 Ho saman med mannen Ubaldo i Serranova, me i Latiano.  Stella var rektor på samarbeidsskulen Scuola Media Statale Dante Alighieri. Me har hatt glede av henne også etter at samarbeidsprosjektet tok slutt. Sommaren 2005  fekk me låna leiligheten hennar ei dryg veke. Medlemskort i strandklubb fekk me og låne frå ein av lærarane som jobba på Stella sin skule. Det er nemlig slik på ein del strender i Italia, at du må betale, men her er nok av  frie strender og til at ein kan bli både avkjølt på kroppen og våt i håret. Nokre bakkar er bratte og tunge å gå.  Eg har etterkvart oppdaga at italiensk er nettopp som ein bratt bakke. Før i verda var det slik at ord sat klistra etter ganske så kort tid. Nå ser det ut til at limet som skal halde dei nye orda på plass ikkje har så mykje festeevne lenger. Å plukke opp det som vert sagt og dele inn i ord, er ein ting. At eg av og til lukkast i å ta litt av innhaldet i det som vert sagt, er heller ikkje så galt. Men når eg kjem så langt som til å leite fram ord for å prøve å utrykke eit eller anna, då heng eg ikkje med lenger. Det hadde vore så gildt å kunne snakke litt kvardagsleg og enkelt med Lina og Netta, dei to systrene som er våre nærmaste naboar. "Sei un insegnante di inglese e quindi non si parla italiano" har Lina sagt meir enn ein gong. Eg ser ikkje den for henne sjølvsagte linken mellom engelsk og italiensk. Men for Lina er det annleis, ho nærast slår seg på knea, ristar på hovudet når ho undrast over mine manglande evner i italiensk. Nå er det forresten slik at kommunikasjon kan gå føre seg utan at ein plent treng så mange ord.  Ein kopp espresso seier ofte nok. Når Giovanni, han som hjelper med det tyngste arbeidet i hagen plasserer ein pose på 3 - 4 kilo med sitronar på bordet ved inngangen vår etter at han har oppdaga at det er folk i huset, ja då ser eg det som ei handling som skal vise at me er velkomne. "De sgu bo folk i husan" gjeld nok like mykje i Puglia som i Norge.  Ikkje til å koma forbi at  veldig mange små hus, villette, lami og trulli står tomme. Me fekk oss parkeringsplass ei heil tid før me fekk bil. Eg var innom og fekk meg mat på Taverna di Pascalone i Latiano. Kom i snakk med ho som serverte. Seinare fann eg ut at det er ho som driv Tavernaen saman med mannen sin. Bilar skal ikkje stå utan tilsyn må vita. Om du får deg bil, kan du parkere den hos oss bak høge murar når du reiser til Norge. 
Meggi og Pascalone har me etterkvart lært å kjenne som retteleg gilde folk, gjestfrie og hjelpsame så me kunne ha litt å lære nokon og einkvar. Det var Meggi som kjapt og effektivt skaffa kontakt med lækjar når Helge hadde pådratt eg nyreskade i kollisjon på banen med keeper frå motstandarlaget.  Slik smått om senn har eg tenkt dei skal få smake seg gjennom litt av dei norske smakane.  Nyrøykt laks og Mors flatbrød er testa. Pinnekjøt var ikke noko problem saman med kålrabistappe kokt på Vigrest og frose ned for transport.Finnbiff blir vel neste middag me vil by dei på, men nå blir det bare ei enkel reinsdyrpølse innkjøpt på Byrkjedalstunet. Eg fekk forresten kjeft på tysdag kveld då eg kom. Sidan eg visste at flyet mitt landa i den tida Meggi gjer klar for servering på restauranten, skulle eg ordne skyss frå flyplassen sjølv. Det vart taxi og det syns den private parkeringsvakta mi lite om. Det var som å kaste pengane rett ut av vindauga. Men mat fekk eg. Alle antipasti rettane kom på  bordet etter tur. Sidan sist var utvalet utvida med trippa. Høyrest kanskje lett og godt ut, men nei. Det har smaka forferdelig når eg før har fått det. Det er kuvom og straks eg får ein bit i munnen er det som om eit heilt melkerom inntek arenaen. Slik har det vore dei få gongene eg har blitt lurt til å forsyne meg av delikatessen. Eg trong ikkje vera høflig, for Meggi likte det ikkje sjølv. Såg litt annleis ut enn det eg har smaka på tidlegare. Det var nok med bittelitt. Det var faktisk bittelitt godt og. Ikkje ganske så påtrengjande kusmak. Fekk eg betala etterpå?  Nei, eg var jo gjest og heime der bilen har budd dei siste 4 månadane, der hadde ho ingenting å servere.

onsdag 25. februar 2015

Dobbelt heldige rett og slett

Det er vel kanskje litt forvirrande når ein fer frå stad til stad og vegane er meir enn mange. Meir enn nok av høve til å kjøre seg vill. Gps er ikkje plent det beste, med mindre ein likar seg i hjulspor med gras som kostar under og gjer sitt beste for å halde understellet reint. Brått må ein stoppe eit bel, blomane ropar etter å bli ein del av den digitale tidsalder. Gult bare er kult. Om det så er ugras, gjer vel ikkje noko så lenge det ikkje er eg som skal få det vekk. Finn ein bare vegen mellom stadene nemnt nedafor, er ein vel belåten.
Me har jammen vore heldige med huskjøpet i Puglia. Dobbelt heldige rett og slett.  Frå før kjende me bare nokre få innfødde i området.  Kollegaer frå tidligare samarbeidsprosjekt med Vigrestad ungdomsskule, no Vigrestad storskule der eg arbeidde frå 1994 til 2014. 
Etter kvart har me og blitt kjende med ikkje innfødde, stort sett delvis eller heilt utflytta rogalendingar.



Pedellen og pedellina har markert seg som sterkt deltakande profilar i vår annektering av 8,5 mål land midt i olivenlundane mellom San Vito, San Michele og Latiano.  «ME tæge dette», var Sofie sine ord etter at me hadde hatt runden  i det som då vart kalla Villa Julie. Anne Marie og eg var hjartans enige, og slik vart det. I oktober 2012 var alle formalitetar på plass. Huset betalt med ein kurs på Nok 7,36 for  € 1.  Hadde blitt ganske mykje dyrare om me skulle gjort handelen i dag. Fantastisk god hjelp har det vore når Livar seinare har hjelpt oss med både det eine og det andre. Einaste hjelpa som ikkje har gått godt, er hjelp me skulle få med hønehald. Ei uproduktiv høne og ei anna høne som viste seg å vere hane, var liksom ikkje det me hadde tenkt oss.

Sommaren 2012, då me fann denne for oss flottaste plassen på jorda, høyrde me snakk om eit par frå Sandnes som var ventande saman med ein skokk med ungar i alle aldrar. Dei var ute i same ærend som oss. Hus ville dei ha, og hus fekk dei. 
Heldige oss. Ikkje bare hus i Puglia, men og mange nye venner. Treng du lys i tunnelen tek du turen til Ikea. Nei ikkje Ikea Bari, det klarer seg med Ikea Forus. I lampeavdelinga der treff du Lill Karin. Triveleg dame det har vore gildt å bli kjent med. Gaute med det gode gliset er ofte å sjå der Lill Karin er. Me er heldige som kjenner han, og heldige må dei vera, dei han køyrer på skuleveg heime i Sandnes. Han er svær til å lage mat og, men eg trur nok Lill Karin gjer meir enn å sørge for leselys til oppskriftsbøkene når  dei lekraste rettar skal lagas til.

Ikkje lenge etter vår etablering i området, vart me gjort merksame på ein utflytta Varhaugsbu som og ville gjera Puglianar av seg. 
Villa, ikkje langt frå Ceglie, med eit stykke jord til og eit udyr mest som sjølve styggen. Terje er ein koseleg mann, som eg helst trur har bomma litt på karriere. Det var operastjerne han skulle ha vore, i alle fall ut frå  stemmeprakt og stemmebruk å døme.  Målfrid er endå ikkje pensjonist, og difor har det blitt mindre fartstid i Ceglie på henne. Gildt å bli kjent med henne og.

Aksel og Lise Lotte bur litt lenger vekke frå oss, der oppe i Cisternino. Dei må  vera dei einaste eg kjenner som har eiga rundkjøring inne på eigedomen sin.
Oljekunnskap til fingerspissane har resultert i pris i USA på særs god kvalitet på olivenolje produsert frå eigne tre.

Trullo Pernoll med innhald skulle mest hatt ein heil blogg for seg sjølv. I ein trullo som er som ein draum, har Gaute og Signe slege seg til ro. Dei har blitt residente og held trullo der sør i Puglia heile året rundt. Det oser kvalitet av både hus og hage. 

Skulle på ingen måte sagt nei takk til byte av medium for avkjøling på den heitaste tida av året.  Vår stamp innbyr ikkje til dei lange symjetaka, men som avkjøling duger det jo.  Noko av det som gjer bebuarane her ekstra interessante, er vekerapporten eg er så heldig å  stå på mottakarlista til. Mange glupe tankar på både store og små spørsmål. Eg hugsar spesielt ein kommentar til kritikk frå norske media til arbeidstilhøva for lausarbeidarar på landsbygda i Italia. Fritt sitert: Alle innvandrarane kan vel ikkje leva av å vandre gatelangs eller strandlangs med heile butikken på skuldrene. 

mandag 16. februar 2015

Kva medisin hjelper på reisesjuke?

Det kriblar, ja det er som noko kryp over ryggen,  det klør i fingrane. Ein tur over tastaturet er det som trengs. Endå er det ein god del dagar att til eg let AirFrance bera meg på venger til Puglia. Men det er nå rart med det, eg ser fram til reisa som om eg aldri før skulle ha vore der. Det ligg myke hugnad i tanken om å fara sørover. Om det enn er aldri så langt borte både i tid og avstand, så er det dei nære tinga langt der sør som lokkar. Det åtte og eit halvt mål store stykket ute på campagnaen på hælen av støvellandet har blitt litt heime. 
Har blomane frå sist sommar overlevd?
Har huset fått stå i fred?
Blir det noko utover året å hauste frå appelsin- og sitrontre? Eller frå ferskentreet, eller epletreet, eller pæretreet, eller plommetreet.
Korleis ligg det an med oliventrea som nokså nådelaust vart rydda opp i sommaren som var?  Alle strevarane, greiner som bare vaks oppover mot lyset, vart fjerna og gjort om til småved. Smågreiner og rusk som ikkje vart funne verdig for omnen vart brent straks. Blir det oliven på trea til hausten att? Håpar det blir ein god haust, slik at Clemente kan få betaling for strevet med å passe på den delen av eigedomen der oliventrea rår grunnen. Han får jo olje som betaling for jobben, og då må det helst bli noko olje av det.
Me kjøpte oss bil for snart to år sidan. Ein enkel og grei Opel Corsa. 
Det store med den er at den går på gass i tillegg til bensin. Skiftar automatisk til gass, så lenge der er noko på tanken. Reservehjulet er bytta ut med gasstank. Skulle det bli behov for reservehjul får me klare oss med tettestoff på boks saman med eigenprodusert pressluft. Bilen har kompressor, ikkje i drivlinja slik som Mercedes, nei bare til å fylle luft. Enn så lenge har den bare blitt brukt til fylling av trillebårehjul og jordfresarhjul.

Eg sjekka akkurat kor mykje det ville ha kome på å leige bil komande året. Nokre tusingar , ja faktisk godt over 20 ville det kome på, og det før drivstoff er 
inne i biletet. Får nok vera glad 
til med bilen sjølv om det ikkje 
vart draumebilen. I kampen 
mellom det praktiske og Fiat, 
gjekk det praktiske av med
sigeren. 
Nå kunne rett nok den eine varianten her hatt plass til meir enn ein bare ein S-pose og den andre ville vel kunne frakte sikkert 6 gester til og frå flyplassen, men bånn gass med Opel er ikkje gale det heller.
Livet på Cda Coltura er ganske så sosialt. Me har fått mange gode minne frå tida me har agert olivenbønder i småskala. Alltid gildt med besøk, få lov å dela med seg litt av det me har vore så heldige å  få hand om. Anne Irene og Arnt Håvard var dei første til å innta villaen. Knut og Helge var innom påsken 2013, Olav Johan, Marit, Åse Marie, Bjørn, Jorun, Ingeborg, Sissel, Reidar var innom i løpet av sommaren 2013. Sist sommar fekk me besøk Knut og Helge, dvs det var ikkje lange stunda Helge sette av i Villa Felizia. Han ordna seg med opphald på Ospidale Antonio Perrini mesteparten av tida han var på hælen av støvellandet i sør. Mona og Tor Sveinung  tok over der Helge og Knut slapp før Asgeir og Eva inntok plassen. Eg visste jo frå gammalt av at Asgeir var glad i det som putra og bråka (totaktslyd av Saab), men at han kunne bytte ut den lyden med bråket frå ei billeg motorsag  var eg ikkje klar over. Trefelling på tvers over vegn på trass av både tau og sterke mannfolk. Nå er der ikkje så mykje trafikk på vegen, så før det kom nokon var vegen rydda. Reidar tok den lange vegen på to hjul og mange kubikk mellom beina. Då han hadde kvilt seg nokre dagar, ein dag ekstra pga av veret, vende han nasen nordover att.
I haustferien var det Alemayehu og Synnøve som kom innom. Dei jobba iherdig, spesielt la eg merke til Alemayehu.  Han prøvde seg med ei kvit lygn som slo veldig godt an hos meg. Ein dag Synnøve og Anne Marie var ute og handla, jobba han med å lempe opp stein på steingjerdet. Då dei kom tilbake kunne han fortelje dei at politiet hadde vore innom og sjekka om det gjekk føre seg svart arbeid på tomta.

Nå til påske reiser eg nedover ei veke før Anne Marie. Ho får reisefølge av Tor, som gleder oss med besøk ei lite veke før sjølve påskeveka.

Litt planar har eg, men det blir helst småputl. Endå veks det på toppen, om enn ikkje så grøderikt som før. Likevel nok til at det vel ikkje kjennest heilt meiningslaust for parrucchiere/frisøren oppi Ceglie å gå laus med saks og kam på det som er att.



Euronics fekk inn ein støvsugar til garantireparasjon sist i september. 

Knappen for av og på virka bare i ei stilling, av. Ingen hjelp i å bruke stikk-kontakten for å få den i gang. Ho som tok imot garantivarene, lova å ta vare på den til mars. Ho skulle passe ekstra godt på at den ikkje hamna mellom uavhenta saker.
Elles gler eg meg til fresing. Det ristar i heile kroppen, bråkar gjer det og, men avslappande som knapt noko anna. Det er vel rett og slett ikkje rom for tankar utover det som trengs for å halde kursen nokolunde bein og sjølv halde seg på beina. Litt voldsom ugrashandtering, men det må nå vera betre enn den økologiske gifta ein av ekspertane snakka om. Eg har forresten kome til at det han snakka om, truleg var nedbrytbare ugrasmiddel.

Eg veit endeleg godt at vêrmeldingane nå for dei to siste vekene i mars er lite presise. 
Det er nok mest statistikk, men litt gildt er det då å sjå at etter statistisk metode kan me rekne med 10 grader meir enn på Vigrest, ein del meir sol kan me nok og rekne med. Det blir sikkert godt vårvêr. 
Nå er det vel nokon som saknar eitkvart her. Eigar av bil og medeigar i hus, er vitale personar i galleriet av nordmenn i Puglia. Andre fins og, dei får vente til eit anna høve med å få omtale.

onsdag 21. januar 2015

Eg tel og tel og talet vert mindre og mindre

Medan eg tel og tel dagar til avreise Puglia og talet vert mindre og mindre, arbeider eg med idear for korleis me kan skaffe oss fleire sengeplasser i Villa Felizia. Påbygg til huset er parkert. Sjølv med søknad og framlagde arkitektteikningar vart det ikkje noko råd på det sporet. 

Så får ein bare vera kreativ og prøve om ein kan få til noko anna. 

Eit anneks i tilnytning til eit lite utedo kan kanske vera ein måte å få det til på. Til det eksisterande bygget er det lagt fram nye avløpsrøyr som endar i dobbel septiktank. Vatn har me sjølv så det skulle ikkje vera noko stort problem å leggje røyr dei få metrane som skal til frå huset. Tidlegare har det vore slik at der det ikkje er tak over, der reknar ein det ikkje som eigen bygning. 
Om det er på denne måten framleis, er eg litt usikker på, men kanskje det kan vera dette sporet me skal halda oss til.
Do under eksisterande tak, dusj under open himmel og soveplass innanfor murvegger, men med tak av lettare konstruksjon enn det som vanleg er. Då blir det heile ein god del mindre ulovleg enn om me finn på å setje opp tilbygg utan godkjenning. 

Teikninga over er bare ei prinsippskisse, men der må vere plass til ei dobbelseng og ei køyseng. Det heile skal bare rome plass til søvn og vask, difor krympar me det ned så mykje som me bare kan.

Kor mange dagar er det forresten att til avreise Puglia?   
Fram til 17. mars er det 54 dagar rekna frå i dag 21.jan.

lørdag 25. oktober 2014

Nedtelling til neste Pugliatur

Roma er mellomstasjon på veg til Latiano.

lørdag 18. oktober 2014

AirFrance på mandelslang

Eg trudde eg var ferdig med reisinga etter å ha kome til Sola, men ikkje denne gongen. Sjølve turen gjekk greitt nok den, men det er ei mare med alle køane på dei ulike flyplassane. Spesielt i Brindisi, for der syns eg dei er lite flinke på organisering av køane. 
Då er det endå eit punkt på lista over klagemål på som gjeld Puglia, men sett bort frå desse tre punkta er vel alt anna som i Paradis.

 A: Laushundar
 B: Forsøpling
 C: Innsjekking på Aeroporto di Salento, Brindisi.

Fekk mail ein dag før heimreisa frå AirFrance om at nå kunne eg sjekke inn online. Når eg så sjekka inn, fekk eg beskjed om at slik innsjekking ikkje var mulig frå Brindisi.  I avgangshallen stod det eit par automatar, og dei måtte eg prøva. Ikkje slike einarma bandittar, men ikkje heilt ufarlege desse heller. Det er sikkert ikkje mulig, men tenk allikevel om eg gjorde noko feil og blokkerte billetten? Maskinene les av datastripa i passet, og ut kom gevinsten: Ombordstigningskort for Brindisi - Roma og Roma - Paris. Så var det kø. Bagage drop stod det på skiltet over skranken, men det var same kø som for dei som ikkje hadde sjekka inn og fått boardingcard frå automaten. Slikt tek tid, men litt underhaldning fekk eg. Intasure ringde frå England for fornying av forsikringa på Villa Feilizia.
Etter kø for innlevering av bagasje var det kør for sikkerhetssjekk. Tek til å bli vane med det nå etterkvart, men det er nå litt av eit styr der ein på strømpelesten listar seg gjennom metalldetektoren med ei beltelaus bukse som ein håpar ikkje endar opp rundt anklane.
I Roma går det heldigvis rolegare for seg. Bare å forflytte seg til ny gate. Storkofferten blir teken hand om av systemet. I Paris er det full pakke att med nytt boardingpass. Automaten gav høve til å velgje norsk, men det gjorde sitt til at eg ikkje fekk hjelp av ho som var er for å hjelpe til. Eg kan ikkje norsk, sa ho på fransk. God tid til å klikke feil på automaten, så eg klarte meg utan hjelp. Eg kunne tenkt meg å hatt eit ord med i laget i måten desse progrmma er laga på. Når einaste alternativ for å kome vidare ligg i ein knapp med teksten: Gå videre for å registrere bagasje, då tenkjer eg det kunne vore ein knapp til med teksten: Ingen bagasje, gå videre her.

På Sola var det kaldt i kortarma skjorte frå Embraer 190 og inn i ankomsthallen. Litt snop i TaxFree får eg tid til før bagasjen kjem. Eg har ein broder som har bruk for varer frå kjølerommet på TaxFree-butikken.

Flya AirFrance brukar er ikkje så store, så bagasjebandet hadde ein enkel jobb. Då teksten siste bagasje på bandet kom opp. forstod eg at oplysninga eg gav i Paris viste seg å stemme. Det vart liggjande to koffertar og svive på bandet. Folk forsvant medan eg stod att med lange auge. Ingen blå koffert dukka opp. Eg måtte bare innsjå at dei mandlane som ikkje vart hausta av vår gode olivenansvarlege, dei stakk AirFRance av med til sist.

Det vart litt ekstra tid på Sola ettersom eg måtte melde 1 stk blå koffert for sakna. Omtrent slik såg den ut:



Veslekoffert fekk bli med heim til Vigrestad.


Storekoffert stakkar fekk ein ukjend skjebne. 
Kvar den vart av er det ikkje mange som veit. 
Eg måtte ta ein liten Ingrid Espelid her, 
for kofferten er ute på reis aleine. 
(Koffertane er heilt like bortsett frå storleiken.)

Tre veker gjev dei seg sjølv som frist for å finne den bortkomne. Om det var mandlene som ikkje var gode nok for AirFrance sa dei lite om i dag lørdag då dei ringde og sa frå om at kofferten hadde kome til Sola. Eller kanskje ingen i AirFranc trong nye bokserar. Eg rekna litt på kva det ville koste å erstatte koffert og innhald og vart helst øvejidde. Langt på veg til 12000,-. Hadde ikkje rekna med så høg verdi. 
Eg måtte spørje sjåføren som kom med kofferten midt på dagen i dag om han hadde kjørt ned til Paris for å få den opp hit så fort. 
Eg fekk ingen overnatting i Paris på veg sørover. ei god erstatning må dei ha tenkt det kunne vere å la kofferten overnatte på Charles de Gaulle før første fly til Stavanger etter det flyet der kofferten ikkje sørgde for å kome med. 

tirsdag 14. oktober 2014

Påskeførebuingar

Pugliaåret er på hell. Anne Marie drog nordover i dag 
(mandag 13. okt 2014), medan eg blir att og tek siste opprydding og klargjering for at huset skal overvintre best mulig.  Ja, det vert vinter her og. Har opplevd snø og minusgrader, men du kan sei det gjekk fort over. Det var i februar 2013. Etter det eg skjønar, er det akkurat februar som er den suraste av månadane. Elles var her forresten surt nok ein av dei siste dagane:



Hagl i kråa ved inngangsdøra møtte oss. Var ikkje kaldt, men skikkeleg surt.

Opphaveleg hadde ikkje februar  i Italia namn. Det var bare ein slags namnlaus mellomfase. Første månad var mars, deretter kom dei etter tur med nummer. Restane av nummerering har me endå både i norsk og italiensk i september (sjuande) eller settembre, oktober (åttande) eller ottobre, november  (niande) eller novembre og til sist desember (tiande) eller decembre. Me har framleis eininga deci både i lengde og holmål. Deci er det same som ti.

Me fekk vere statistar på eit matkurs hos to driftige damer som trong statistar til reklamefilm for matkursa deira. 
Linken går til Livar Dubland  sin blogg
Eventuell arena for kurs i matlaging i forno a legna, 
endå midt i opprydding etter sommar og haust.
Har ein først ein sjanse om å kaste ut ein ide, kan ein visst bare gjere det. Sidan me har forno a legna kasta eg vel heimkomen ut ideen om eventuelt å låne ut  plassen her for kurs i bruk av vedfyrt steinomn og alle dei lekre rettane ein kan lage der. Pizza er bare ein av dei, Brød har me ettervart og noko erfaring med. Endåtil vannkringler med oppskrift frå Hardanger har blitt laga i omnen. Kunne jo vera ein ide, var første respons frå kurshaldarane. Bortimot full påskemeny var neste respons. Kva det blir til, får me bare vente og sjå.

Å ha tak på kva ein skal gjera på taket er ein heil jobb. Produktutviklinga er tydeligvis stor på området. Det eg trudde var ein bankers måte å vedlikehalde takfugene på, viser seg å vere bare ein i eit mylder av metodar. Pascalone sende meg til Zizzi  her i Latiano. Du må ikkje gå til Leroy var bodskapen. Om det var lokalpatriotismen som slo ut, eller visse om at beste stoffet var å få lokalt er eg usikker på. Kjem nok til å gå på Leroy vidare og eg. Far sa rett nok: "Handle heime, det er dyrt å køyre", men her må eg i bil uansett. 5 minutt meir eller mindre har lite  seie då



KIBO heitte stoffet som fungerte som ein smøremembran. Kvitt i kanna, blått etter påsmøring og fargelaust etter herding. 

Han som bygde soltaket er fælande flink til å jobbe aleine. Reiste stolpane og la på bjelkar og takbord, så å seie bare med hjelp av eigne hender og føter.



Ein stad må han ha det frå.                      Kan det vera frå meg? 

Jordfresaren fekk køyrt seg i hardaste laget. Ein altfor stor stein kilte seg, og fjerna ein bolt og ein mutter. Dekselet vrei seg og der stod eg med bare to hender og trong tre. Det var slik tvinga kom i hus, og nytte har den gjort. 




Kva er det eigentlig du held på med? 

Det gjekk liksom opp for meg der eg stod ute og gav eit par dukar ein omgang med strykejernet. 


Eg driv med påskeførebuingar og det i god tid før jul.

Ikkje bare påskeførebuingar. Eg jobbar og for å ta vare på godt naboskap. Netta, ho som held til like over garden, syns kaktusane våre blir vel store. Eg lova henne i sommar då eg måtte fara heim fælt så fort at eg skulle stusse kaktusane slik at treet hennar får både lys og luft.  


Sjølve arbeidet 




med å få ned kaktusblada er ikkje så ille. Kanten av ei spade og eit velretta slag, meir trengs ikkje. Men stammane er det verre med. Der må eg til med motorkraft, 500 kroners saga frå Jula Forus jobbar godt som bare det. Nokre av stammane er så trena at eg lurer mest på om det kunne bli ved av det.


Så er me brått ute på tenkt vedhandel: Eg vil ha 1 famn bjørkeved, 1/2 famn eik og så 1/2 famn kaktusved.  Eg syns eg høyrer det.

søndag 12. oktober 2014

Gode våpen treng ein

Litt ekstra varme kan vera godt nå som det er haust her på Cda Coltura. Eit velig tips ville gjerna ha namnet på området endra til C.da Coltura, men eg trur eg i solidaritet med dei som held til her på traktene i tidlegare tider heretter brukar Cont. Cultura slik det står på eit gammalt skilt på ein trullo like ved her.



Varmepumpa her i huset har kjørt i DRY funksjon, det vil sei bare avfukting, ingen kjøling eller oppvarming.  Det kjennest helst som avkjøling.


Eg tenkjer med både skru og grekk på kva som kunne openberra seg her når eg ein gong i mars sette nøkkelen i døra, og vart møtt av ein illsint sverm som ville ut på tokt.
Reknar med det kunne vore ille nok om dei fann på  å ta ei mellomlanding midt i fleisen. Godt at kvelden vart litt kjølig. 
Kor dei har kome inn er meir enn eg veit, men at dei skal ha vandra nedover pipa som er nærare 5 meter, det trur eg ikkje. Har nok heller krope inn trekkventilen på omnen, for så å slå seg til i døra mellom glaset og støyperjernet. Sakte men sikkert ramla dei ned, kravla noko gjorde dei, men ikkje faretruande. Mitt våpen vart gassbrennaren, tok endåtil ein av vepsane i glideflukt. Dårleg flygeevne etter at vengene brann opp kan du sei.



Hadde eg kunna laga slike fine nett, kunne eg ha bruka det som våpen. Men det ville vera seigpining og langsam død og pine. 



Om denne edderkoppen er særleg storforlangande, eller om det er eddekoppverda sitt svar på leilighetskompleks veit eg ikkje. Flott syn på morgonkvisten i dag sundag 12. oktober.

Me tek oss ein tur til kysten nå i dag. Kanskje siste bad dette året?

Ei altfor kort veke

Ei veke går fort skjønar du. Sundag hadde eg to turar til Aeroporto di Salento.  Den første var for gjester, men dei er nesten som familie å rekna. Siste henting var for Anne Marie som måtte opphalde seg ein del timar (10) i Roma i vente på ledig sete hit ned til Brindisi. Ho hadde heldigvis godt selskap i Anne Irene, Arnt Håvard, Torfinn og Oli som starta ei heil veke i Roma same dag. Dei kom alle med same fly grytidleg frå Sola.


Ein av kveldane tok me turen til Alberobello som er rett så fascinernde anten den er overfylt med turistar eller ikkje. Sesongen for i år er meir enn på hell. Når det i tillegg regna, var her lite folk på ferde for å få med seg trullibyen.  Me fann oss ein bitteliten kafe med eit severingslokale i 2. etasje på sikkert ikkje meir enn 20 m². Der vart det ganske så folksomt etter at me hadde slått oss ned. 



Kort etter kom det påfyll, omtrent 25 amerikanske sykkelturistar ramla ålveltes opp trappa og inn i lokalet. Den jærske stilla vart avbroten av høglytte forsøk på å organisere seg ein plass ved eit ledig bord. Syklistane som hadde tilbrakt 73 km på sykkelsetet den dagen.

For eit par-tre år sidan, la eg merke til ei spesiell omraming av ei dør i Grottaglie. Når me så kjøpte oss hus her i Puglia, tenkte eg det kunne vera fint om ein laga til noko tilsvarande rundt inngangsdøra på vår Villa Felizia. Alltid gildt å planleggja. Nokre gonger er det gildt å gjennomføra planane og. Her blir nok litt anna å henga fingrande i i første omgang, men eg utelukkar ikkje kopiering. Lite sjanse for å bli saksøkt, for her langt ute på campagnaen er det nok ikkje mange butikkeigarar frå Grottaglie som kjem.









Torsdag, siste kveld før Synnøve og Alemayehu sette seg på flyet til Sola, tok Livar initiativ til endå eit restaurantbesøk. Denne gong til Grottaglie. Etter ein god runde i keramikkbyen leia GPS-en oss til adressa for kveldens utskeiingar i matvegen. Me fann bare ein delikatesse og vinbutikk, og kom til at me måtte ha registrert feil adresse. Då kom det ein gestikulerande og svært så pratsom kar ut og lurte på om me var i ei gruppe på 8 som hadde bestilt bord. Me visste me skulle vera sju, men svara ja då me forstod at vin og delikatessebutikken også var ein restaurant. Ein ganske så fin ein endåtil, om ein dømer ut frå utvalet av vinar. 

                                       

Eg som ikkje har særleg greie på slikt flytande, kan lite lesa ut av etikettar, årgangar og druesortar. Det er vel helst verre enn å banna i kyrkja om eg seier eg endå ikkje har smakt rødt som smakar betre enn cola. Om det er meg det er noko gale med, eller dei vinane eg har smaka, veit eg ikkje. Blir meir på dei andre når eg klarer meg med øl eller cola. Kom tilbake med det kvite, det er noko heilt anna.
Æ dar nogen andre Jærbua hær? He me dæ kje jillt?


Trøffel skal vera noko av det verkelig finaste du kan la passere framom smaksløkane. Vaktelegget var godt og veldig passeleg stort til å vere ein av mange forrettar. Om tynne skiver av trøffel bidrog noko særleg til smaksopplevinga, er eg usikker på. Kanskje smakløkane mine burde vore skylt med litt rødt for å få fram den fine nyansen av eksklusiv sopp? 



Kva er så neste rett før me må tilbake til Jordbærpikene og M44?