Translate

tirsdag 14. oktober 2014

Påskeførebuingar

Pugliaåret er på hell. Anne Marie drog nordover i dag 
(mandag 13. okt 2014), medan eg blir att og tek siste opprydding og klargjering for at huset skal overvintre best mulig.  Ja, det vert vinter her og. Har opplevd snø og minusgrader, men du kan sei det gjekk fort over. Det var i februar 2013. Etter det eg skjønar, er det akkurat februar som er den suraste av månadane. Elles var her forresten surt nok ein av dei siste dagane:



Hagl i kråa ved inngangsdøra møtte oss. Var ikkje kaldt, men skikkeleg surt.

Opphaveleg hadde ikkje februar  i Italia namn. Det var bare ein slags namnlaus mellomfase. Første månad var mars, deretter kom dei etter tur med nummer. Restane av nummerering har me endå både i norsk og italiensk i september (sjuande) eller settembre, oktober (åttande) eller ottobre, november  (niande) eller novembre og til sist desember (tiande) eller decembre. Me har framleis eininga deci både i lengde og holmål. Deci er det same som ti.

Me fekk vere statistar på eit matkurs hos to driftige damer som trong statistar til reklamefilm for matkursa deira. 
Linken går til Livar Dubland  sin blogg
Eventuell arena for kurs i matlaging i forno a legna, 
endå midt i opprydding etter sommar og haust.
Har ein først ein sjanse om å kaste ut ein ide, kan ein visst bare gjere det. Sidan me har forno a legna kasta eg vel heimkomen ut ideen om eventuelt å låne ut  plassen her for kurs i bruk av vedfyrt steinomn og alle dei lekre rettane ein kan lage der. Pizza er bare ein av dei, Brød har me ettervart og noko erfaring med. Endåtil vannkringler med oppskrift frå Hardanger har blitt laga i omnen. Kunne jo vera ein ide, var første respons frå kurshaldarane. Bortimot full påskemeny var neste respons. Kva det blir til, får me bare vente og sjå.

Å ha tak på kva ein skal gjera på taket er ein heil jobb. Produktutviklinga er tydeligvis stor på området. Det eg trudde var ein bankers måte å vedlikehalde takfugene på, viser seg å vere bare ein i eit mylder av metodar. Pascalone sende meg til Zizzi  her i Latiano. Du må ikkje gå til Leroy var bodskapen. Om det var lokalpatriotismen som slo ut, eller visse om at beste stoffet var å få lokalt er eg usikker på. Kjem nok til å gå på Leroy vidare og eg. Far sa rett nok: "Handle heime, det er dyrt å køyre", men her må eg i bil uansett. 5 minutt meir eller mindre har lite  seie då



KIBO heitte stoffet som fungerte som ein smøremembran. Kvitt i kanna, blått etter påsmøring og fargelaust etter herding. 

Han som bygde soltaket er fælande flink til å jobbe aleine. Reiste stolpane og la på bjelkar og takbord, så å seie bare med hjelp av eigne hender og føter.



Ein stad må han ha det frå.                      Kan det vera frå meg? 

Jordfresaren fekk køyrt seg i hardaste laget. Ein altfor stor stein kilte seg, og fjerna ein bolt og ein mutter. Dekselet vrei seg og der stod eg med bare to hender og trong tre. Det var slik tvinga kom i hus, og nytte har den gjort. 




Kva er det eigentlig du held på med? 

Det gjekk liksom opp for meg der eg stod ute og gav eit par dukar ein omgang med strykejernet. 


Eg driv med påskeførebuingar og det i god tid før jul.

Ikkje bare påskeførebuingar. Eg jobbar og for å ta vare på godt naboskap. Netta, ho som held til like over garden, syns kaktusane våre blir vel store. Eg lova henne i sommar då eg måtte fara heim fælt så fort at eg skulle stusse kaktusane slik at treet hennar får både lys og luft.  


Sjølve arbeidet 




med å få ned kaktusblada er ikkje så ille. Kanten av ei spade og eit velretta slag, meir trengs ikkje. Men stammane er det verre med. Der må eg til med motorkraft, 500 kroners saga frå Jula Forus jobbar godt som bare det. Nokre av stammane er så trena at eg lurer mest på om det kunne bli ved av det.


Så er me brått ute på tenkt vedhandel: Eg vil ha 1 famn bjørkeved, 1/2 famn eik og så 1/2 famn kaktusved.  Eg syns eg høyrer det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar