Translate

lørdag 18. oktober 2014

AirFrance på mandelslang

Eg trudde eg var ferdig med reisinga etter å ha kome til Sola, men ikkje denne gongen. Sjølve turen gjekk greitt nok den, men det er ei mare med alle køane på dei ulike flyplassane. Spesielt i Brindisi, for der syns eg dei er lite flinke på organisering av køane. 
Då er det endå eit punkt på lista over klagemål på som gjeld Puglia, men sett bort frå desse tre punkta er vel alt anna som i Paradis.

 A: Laushundar
 B: Forsøpling
 C: Innsjekking på Aeroporto di Salento, Brindisi.

Fekk mail ein dag før heimreisa frå AirFrance om at nå kunne eg sjekke inn online. Når eg så sjekka inn, fekk eg beskjed om at slik innsjekking ikkje var mulig frå Brindisi.  I avgangshallen stod det eit par automatar, og dei måtte eg prøva. Ikkje slike einarma bandittar, men ikkje heilt ufarlege desse heller. Det er sikkert ikkje mulig, men tenk allikevel om eg gjorde noko feil og blokkerte billetten? Maskinene les av datastripa i passet, og ut kom gevinsten: Ombordstigningskort for Brindisi - Roma og Roma - Paris. Så var det kø. Bagage drop stod det på skiltet over skranken, men det var same kø som for dei som ikkje hadde sjekka inn og fått boardingcard frå automaten. Slikt tek tid, men litt underhaldning fekk eg. Intasure ringde frå England for fornying av forsikringa på Villa Feilizia.
Etter kø for innlevering av bagasje var det kør for sikkerhetssjekk. Tek til å bli vane med det nå etterkvart, men det er nå litt av eit styr der ein på strømpelesten listar seg gjennom metalldetektoren med ei beltelaus bukse som ein håpar ikkje endar opp rundt anklane.
I Roma går det heldigvis rolegare for seg. Bare å forflytte seg til ny gate. Storkofferten blir teken hand om av systemet. I Paris er det full pakke att med nytt boardingpass. Automaten gav høve til å velgje norsk, men det gjorde sitt til at eg ikkje fekk hjelp av ho som var er for å hjelpe til. Eg kan ikkje norsk, sa ho på fransk. God tid til å klikke feil på automaten, så eg klarte meg utan hjelp. Eg kunne tenkt meg å hatt eit ord med i laget i måten desse progrmma er laga på. Når einaste alternativ for å kome vidare ligg i ein knapp med teksten: Gå videre for å registrere bagasje, då tenkjer eg det kunne vore ein knapp til med teksten: Ingen bagasje, gå videre her.

På Sola var det kaldt i kortarma skjorte frå Embraer 190 og inn i ankomsthallen. Litt snop i TaxFree får eg tid til før bagasjen kjem. Eg har ein broder som har bruk for varer frå kjølerommet på TaxFree-butikken.

Flya AirFrance brukar er ikkje så store, så bagasjebandet hadde ein enkel jobb. Då teksten siste bagasje på bandet kom opp. forstod eg at oplysninga eg gav i Paris viste seg å stemme. Det vart liggjande to koffertar og svive på bandet. Folk forsvant medan eg stod att med lange auge. Ingen blå koffert dukka opp. Eg måtte bare innsjå at dei mandlane som ikkje vart hausta av vår gode olivenansvarlege, dei stakk AirFRance av med til sist.

Det vart litt ekstra tid på Sola ettersom eg måtte melde 1 stk blå koffert for sakna. Omtrent slik såg den ut:



Veslekoffert fekk bli med heim til Vigrestad.


Storekoffert stakkar fekk ein ukjend skjebne. 
Kvar den vart av er det ikkje mange som veit. 
Eg måtte ta ein liten Ingrid Espelid her, 
for kofferten er ute på reis aleine. 
(Koffertane er heilt like bortsett frå storleiken.)

Tre veker gjev dei seg sjølv som frist for å finne den bortkomne. Om det var mandlene som ikkje var gode nok for AirFrance sa dei lite om i dag lørdag då dei ringde og sa frå om at kofferten hadde kome til Sola. Eller kanskje ingen i AirFranc trong nye bokserar. Eg rekna litt på kva det ville koste å erstatte koffert og innhald og vart helst øvejidde. Langt på veg til 12000,-. Hadde ikkje rekna med så høg verdi. 
Eg måtte spørje sjåføren som kom med kofferten midt på dagen i dag om han hadde kjørt ned til Paris for å få den opp hit så fort. 
Eg fekk ingen overnatting i Paris på veg sørover. ei god erstatning må dei ha tenkt det kunne vere å la kofferten overnatte på Charles de Gaulle før første fly til Stavanger etter det flyet der kofferten ikkje sørgde for å kome med. 

3 kommentarer:

  1. Fine Geir. Kan fortelle at i dag når jeg sjekket inn i Brindisi kl 0600 var 4 desker klar for innsjekk, skulle tro de hadde lest bloggen din. Tok ca. 6 minutt i kø. Sikkerhetssjekk gikk med sko på beina og uten å løsne buksebeltet. Så vel hjemme nå.

    SvarSlett
  2. Dei ser nok sine folk an er eg redd.

    SvarSlett