Translate

onsdag 1. oktober 2014

Il mio nome è Geir. Io lavoro a campagna.

Come ti chiami? Mio nome e Geir
Quanti anni hai? Ha cinqantanove anni

Hva heter du? Mitt navn er Geir 
Hvor gammel er du? Jeg er femtini år 

Ikkje nett nokon revolusjonerande framgang, men sakte sakte glir det inn. At Michela, læraren, er ei ytterst sympatisk ung dame er på ingen måte  noko hinder for læring.
Men ein ting ser eg, det å vera aleine elev i heile to timar i strekk, det er i allefall ei påkjenning for eleven. Har igrunnen visst det lenge sett frå ein lærar sin ståstad. Ein kan vanskeleg halde like stort læringstrykk i meir enn ein snau time. Siste halvtimen er  vel helst  slik at augene flakkar endå meir enn til vanleg, skal lite til for å bli avleda.

Heime på campagnaen vart det litt arbeid. Under alle oliventrea er lauvet blese til sides i ringar. Under dei største trea har eg sett fyr på. Beste måten å bli kvitt lauvet på. Blir det liggjande, rotnar det og blir seigt og klebrig. Under normale forhold med oliven som fell på bakken når dei er mogne er det best om bakken er reinast mogeleg. 

Fekk og sjå at mitt gode gamle Canon EOS 350D er meir dugande enn mobilen om ein skal få bra bilete.



















Når det gjeld dyreliv har eg tidlegare nemnt dette med hundar. Ikkje hundar i band eller hundar i garde. Nei slike som spring lause utan eigar som kan roa ein med at nei, han er ikkje farleg,
han er så gild så. Det er rett så utriveleg å møte eit kobbel på fire fem slike. Dum grunn til at sykkelen mest ikkje vert brukt, men slik er det. 
Firfisler er her meir enn fire fem av. Kor eg enn snur meg, så piler det ein liten skapning i ein  fart som hadde han noko vondt i hælane. Tydeleg at det må vore eit godt år for arten, for her er mest små, ungdommar tenkjer eg det må vera. Skulle eg fått bilete av ei firfisle vil eg tru eg måtte stille med meir tolmod enn det eg har.


Frå Wikipedia
Med gekkoane er det likeeins. Det held til ein eller fleire i lagerrommet, det som har hatt besøk av tjuvar eit par gonger. Gekkoen spring lett som det oppover og bortover veggen. Syns den ser litt ut som de skulle vera laga av same stoff som Laban seigemannen i pose. Det mest spesielle med den er nettopp evna til å ta seg fram oppetter vegger. Grunnen er føter som er designa for å klare slik vertikal forflytning.
Frå Wikipedia
I nemnde lagerrom er det fleire som trivst. rett nok var her bare hylsteret att, men det lag på ein bjelke oppunder taket. Slangen som ein gong har vore inni må sikkert ha synst at den bjelken var ein trygg og god stad for hamskifte. Omtrent 40 cm lang har den truleg vore. Satsar på at det er av den snille sorten, den som ikkje har gift i kjeften. Piskeslange er namnet den ber. Viper, som er den andre sorten, vil me absolutt ikkje vita av. Slett ikkje innandørs.
Skinnmanøver?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar