Translate

søndag 12. oktober 2014

Ei altfor kort veke

Ei veke går fort skjønar du. Sundag hadde eg to turar til Aeroporto di Salento.  Den første var for gjester, men dei er nesten som familie å rekna. Siste henting var for Anne Marie som måtte opphalde seg ein del timar (10) i Roma i vente på ledig sete hit ned til Brindisi. Ho hadde heldigvis godt selskap i Anne Irene, Arnt Håvard, Torfinn og Oli som starta ei heil veke i Roma same dag. Dei kom alle med same fly grytidleg frå Sola.


Ein av kveldane tok me turen til Alberobello som er rett så fascinernde anten den er overfylt med turistar eller ikkje. Sesongen for i år er meir enn på hell. Når det i tillegg regna, var her lite folk på ferde for å få med seg trullibyen.  Me fann oss ein bitteliten kafe med eit severingslokale i 2. etasje på sikkert ikkje meir enn 20 m². Der vart det ganske så folksomt etter at me hadde slått oss ned. 



Kort etter kom det påfyll, omtrent 25 amerikanske sykkelturistar ramla ålveltes opp trappa og inn i lokalet. Den jærske stilla vart avbroten av høglytte forsøk på å organisere seg ein plass ved eit ledig bord. Syklistane som hadde tilbrakt 73 km på sykkelsetet den dagen.

For eit par-tre år sidan, la eg merke til ei spesiell omraming av ei dør i Grottaglie. Når me så kjøpte oss hus her i Puglia, tenkte eg det kunne vera fint om ein laga til noko tilsvarande rundt inngangsdøra på vår Villa Felizia. Alltid gildt å planleggja. Nokre gonger er det gildt å gjennomføra planane og. Her blir nok litt anna å henga fingrande i i første omgang, men eg utelukkar ikkje kopiering. Lite sjanse for å bli saksøkt, for her langt ute på campagnaen er det nok ikkje mange butikkeigarar frå Grottaglie som kjem.









Torsdag, siste kveld før Synnøve og Alemayehu sette seg på flyet til Sola, tok Livar initiativ til endå eit restaurantbesøk. Denne gong til Grottaglie. Etter ein god runde i keramikkbyen leia GPS-en oss til adressa for kveldens utskeiingar i matvegen. Me fann bare ein delikatesse og vinbutikk, og kom til at me måtte ha registrert feil adresse. Då kom det ein gestikulerande og svært så pratsom kar ut og lurte på om me var i ei gruppe på 8 som hadde bestilt bord. Me visste me skulle vera sju, men svara ja då me forstod at vin og delikatessebutikken også var ein restaurant. Ein ganske så fin ein endåtil, om ein dømer ut frå utvalet av vinar. 

                                       

Eg som ikkje har særleg greie på slikt flytande, kan lite lesa ut av etikettar, årgangar og druesortar. Det er vel helst verre enn å banna i kyrkja om eg seier eg endå ikkje har smakt rødt som smakar betre enn cola. Om det er meg det er noko gale med, eller dei vinane eg har smaka, veit eg ikkje. Blir meir på dei andre når eg klarer meg med øl eller cola. Kom tilbake med det kvite, det er noko heilt anna.
Æ dar nogen andre Jærbua hær? He me dæ kje jillt?


Trøffel skal vera noko av det verkelig finaste du kan la passere framom smaksløkane. Vaktelegget var godt og veldig passeleg stort til å vere ein av mange forrettar. Om tynne skiver av trøffel bidrog noko særleg til smaksopplevinga, er eg usikker på. Kanskje smakløkane mine burde vore skylt med litt rødt for å få fram den fine nyansen av eksklusiv sopp? 



Kva er så neste rett før me må tilbake til Jordbærpikene og M44?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar