Translate

lørdag 4. oktober 2014

Fjernstyrt shopping

Kva gjer ein når ein sit aleine ein lørdagskveld og ventar gjester utpå søndagen. Ikkje bare gjester forresten, fjernstyringa kjem og. 
Det har vore att og fram ei veke, men til sist sa doktoren ja. Det er greitt å reise. 

Ho skulle ha kome hit tysdag, men då var det endå slik at reise vart frårådd. Maratontur vert det nå sjølv om starten i kveld bergar ein ekstra halvtime i morgon tidleg. Overnatting i Rosselandsvegen Bryne hos Alemayehu og Synnøve gjer turen til flyplassen ein halv time kortare. Alt 05:25 tek flyet av retning Riga, deretter Roma. Anne Marie var så sein med bestillinga av billett pga at det var så usikkert med heile reisinga. Det gir 10 timar venting i Roma, men då blir det mogeleg med ein snartur inn til byen. Lunsj  på plassen framfor Panteon er visst planen. Anten ho høpp av flyet her eller der er ho omgjeven av venner.  Det der flyet til Air Baltic blir som eit slags venner og venners venner fly. Anne Marie har reisefølgje med Alemayehu, Anne Irene, Arnt Håvard,  Oli,  Synnøve og Torfinn.
Alemayehu og Synnøve har fly vidare hit utan den gall-lange ventetidan på Fiumucino. Eg skal hente dei på Aeroprto Salentino Brindisi kl 15:40.  Klokka 22:40 er det ny bytur, då er det Anne Marie som skal hentas.


Apropos fjernstyring. Eg fekk det så over meg i dag. Du må ta deg ein tur ein eller anna stad der du kan shoppe. Det må ha vore ho der heime som på underleg vis fekk meg av garde. Eg enda på HappyCasa. Nokså ny butikk. Eg gjekk systematisk til verks sidan eg kjende med beordra. Ho er i grunnen utruleg slik Anne Marie. Ho let meg endåtil tru at det er eg som bestemmer, men så trekkjer ho i trådane på ei måte som gjer at eg ikkje merkar styringa.


Søppelsekker som passar søppelkassen er då greitt å ha. Sugerøyr for heimelaga slush er heller ikkje dumt. Innretning til å ha på gasskokaren når ein bare skal ha putrekoking gjer det enklare med nettopp putrekoking.  Frosken med solcellelading av lys var nå litt surrete, men eg kunne ikkje stort la han innta hagen her aleine, nei selskap må han ha. Tvinga viste seg seinare å vere tvingande nødvendig, men ikkje til det som var formålet.  Tvinga vart kjøpt i eit forsøk på sjølv å tvinge saman deksel og rotor til jordfresaren. Ein altfor stor stein kilte seg då eg sist brukte fresaren. Mutrane og boltane har eg skjønt må gås over, men ein nokså vital bolt gav seg. Heile sulamitten vrei seg som i smerte. Eg slapp taket i dødmannsknappen som må haldast inne for at Hondamotoren skal sviva.  Men første bruk av tvinga vart å halde på plass zanzariere som skulle tilpassast døropninga. Baufil til 60 kr gjorde nytte ei stund, men bladet var ikkje særleg seigt. Etter kort tid sprakk det i fleire bitar. Ikkje det at insektplaga er så veldig stor nå, men når det først var kjøpt vil eg helst få det opp med det same. Ferramentaen oppe i byen hadde blad som nok har ein noko høgare kvalitet enn det som følgde med det første eg kjøpte.

Sidan ho eg er glad i kjem i morgon måtte eg nesten ein tur innom blomsterbutikken og. 

Det vart fint ja.

Etter ei veke på italiensk språkskule hadde eg helst venta  å bli så god at eg kunne sei eg snakkar flytande italiensk. Noko skuffa vart eg, men skuleveka var ikkje fånyttes den. Det viktigaste eg lærte eller rettare sagt innsåg, var at skal språket koma inn under skinnet, så må nok skuleguten bruke noko tid på jobbing. 
Eit av spørsmåla på L'Acanto var:
                                 Cosa ti piace di Puglia?
Det eg likar med Puglia er klima, folk og maten. Dei som kan studerer profilen min ser vel ganske så fort kva som har første prioritet.
Ci sono qualche cosa che non ti piace su Puglia?
Eg likar ikkje laushundane på Campagnaen, og så likar eg ikkje forsøplinga heller. Michela var SÅ enig, både om hundane og søppel som ligg og flyt på dei mest utrulege stader. Kontrastane blir liksom så store når ein i eine grøfta finn alpefiolar i nydelig blomstring

og snur ein seg rundt så er det alt anna enn nydeleg blomstring. Kanskje det er vidare bygging av steingarden med alternativt materiale? Alle italienske bad skal visst ha bidet, men dette er vel ikkje noko bad


 Det ser ikkje heilt godt ut, Ikkje er det nok spesielt fenomen her sør heller. Verste eg har sett var langs vegen forbi Benevento, då var det mest som eg hadde kjørt meg vill og hamna på ei fylling.



Michela forklara det slik at alle italienarar brydde seg mykje om hagen heime, det som var innanfor gjerdet. Alt det andre var det lite ansvarskjensle på. Såg det tydeleg i dag då eg var på handleturen min. Ein eldre mann, sei 15 år eldre enn meg, henta ei handlevogn. I den låg det litt papir, og kvar hamna vel det? Sjølvsagt på asfalten like ved. Han såg seg ikkje rundt eingong for å sjekke om nokon såg han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar