Translate

mandag 16. februar 2015

Kva medisin hjelper på reisesjuke?

Det kriblar, ja det er som noko kryp over ryggen,  det klør i fingrane. Ein tur over tastaturet er det som trengs. Endå er det ein god del dagar att til eg let AirFrance bera meg på venger til Puglia. Men det er nå rart med det, eg ser fram til reisa som om eg aldri før skulle ha vore der. Det ligg myke hugnad i tanken om å fara sørover. Om det enn er aldri så langt borte både i tid og avstand, så er det dei nære tinga langt der sør som lokkar. Det åtte og eit halvt mål store stykket ute på campagnaen på hælen av støvellandet har blitt litt heime. 
Har blomane frå sist sommar overlevd?
Har huset fått stå i fred?
Blir det noko utover året å hauste frå appelsin- og sitrontre? Eller frå ferskentreet, eller epletreet, eller pæretreet, eller plommetreet.
Korleis ligg det an med oliventrea som nokså nådelaust vart rydda opp i sommaren som var?  Alle strevarane, greiner som bare vaks oppover mot lyset, vart fjerna og gjort om til småved. Smågreiner og rusk som ikkje vart funne verdig for omnen vart brent straks. Blir det oliven på trea til hausten att? Håpar det blir ein god haust, slik at Clemente kan få betaling for strevet med å passe på den delen av eigedomen der oliventrea rår grunnen. Han får jo olje som betaling for jobben, og då må det helst bli noko olje av det.
Me kjøpte oss bil for snart to år sidan. Ein enkel og grei Opel Corsa. 
Det store med den er at den går på gass i tillegg til bensin. Skiftar automatisk til gass, så lenge der er noko på tanken. Reservehjulet er bytta ut med gasstank. Skulle det bli behov for reservehjul får me klare oss med tettestoff på boks saman med eigenprodusert pressluft. Bilen har kompressor, ikkje i drivlinja slik som Mercedes, nei bare til å fylle luft. Enn så lenge har den bare blitt brukt til fylling av trillebårehjul og jordfresarhjul.

Eg sjekka akkurat kor mykje det ville ha kome på å leige bil komande året. Nokre tusingar , ja faktisk godt over 20 ville det kome på, og det før drivstoff er 
inne i biletet. Får nok vera glad 
til med bilen sjølv om det ikkje 
vart draumebilen. I kampen 
mellom det praktiske og Fiat, 
gjekk det praktiske av med
sigeren. 
Nå kunne rett nok den eine varianten her hatt plass til meir enn ein bare ein S-pose og den andre ville vel kunne frakte sikkert 6 gester til og frå flyplassen, men bånn gass med Opel er ikkje gale det heller.
Livet på Cda Coltura er ganske så sosialt. Me har fått mange gode minne frå tida me har agert olivenbønder i småskala. Alltid gildt med besøk, få lov å dela med seg litt av det me har vore så heldige å  få hand om. Anne Irene og Arnt Håvard var dei første til å innta villaen. Knut og Helge var innom påsken 2013, Olav Johan, Marit, Åse Marie, Bjørn, Jorun, Ingeborg, Sissel, Reidar var innom i løpet av sommaren 2013. Sist sommar fekk me besøk Knut og Helge, dvs det var ikkje lange stunda Helge sette av i Villa Felizia. Han ordna seg med opphald på Ospidale Antonio Perrini mesteparten av tida han var på hælen av støvellandet i sør. Mona og Tor Sveinung  tok over der Helge og Knut slapp før Asgeir og Eva inntok plassen. Eg visste jo frå gammalt av at Asgeir var glad i det som putra og bråka (totaktslyd av Saab), men at han kunne bytte ut den lyden med bråket frå ei billeg motorsag  var eg ikkje klar over. Trefelling på tvers over vegn på trass av både tau og sterke mannfolk. Nå er der ikkje så mykje trafikk på vegen, så før det kom nokon var vegen rydda. Reidar tok den lange vegen på to hjul og mange kubikk mellom beina. Då han hadde kvilt seg nokre dagar, ein dag ekstra pga av veret, vende han nasen nordover att.
I haustferien var det Alemayehu og Synnøve som kom innom. Dei jobba iherdig, spesielt la eg merke til Alemayehu.  Han prøvde seg med ei kvit lygn som slo veldig godt an hos meg. Ein dag Synnøve og Anne Marie var ute og handla, jobba han med å lempe opp stein på steingjerdet. Då dei kom tilbake kunne han fortelje dei at politiet hadde vore innom og sjekka om det gjekk føre seg svart arbeid på tomta.

Nå til påske reiser eg nedover ei veke før Anne Marie. Ho får reisefølge av Tor, som gleder oss med besøk ei lite veke før sjølve påskeveka.

Litt planar har eg, men det blir helst småputl. Endå veks det på toppen, om enn ikkje så grøderikt som før. Likevel nok til at det vel ikkje kjennest heilt meiningslaust for parrucchiere/frisøren oppi Ceglie å gå laus med saks og kam på det som er att.



Euronics fekk inn ein støvsugar til garantireparasjon sist i september. 

Knappen for av og på virka bare i ei stilling, av. Ingen hjelp i å bruke stikk-kontakten for å få den i gang. Ho som tok imot garantivarene, lova å ta vare på den til mars. Ho skulle passe ekstra godt på at den ikkje hamna mellom uavhenta saker.
Elles gler eg meg til fresing. Det ristar i heile kroppen, bråkar gjer det og, men avslappande som knapt noko anna. Det er vel rett og slett ikkje rom for tankar utover det som trengs for å halde kursen nokolunde bein og sjølv halde seg på beina. Litt voldsom ugrashandtering, men det må nå vera betre enn den økologiske gifta ein av ekspertane snakka om. Eg har forresten kome til at det han snakka om, truleg var nedbrytbare ugrasmiddel.

Eg veit endeleg godt at vêrmeldingane nå for dei to siste vekene i mars er lite presise. 
Det er nok mest statistikk, men litt gildt er det då å sjå at etter statistisk metode kan me rekne med 10 grader meir enn på Vigrest, ein del meir sol kan me nok og rekne med. Det blir sikkert godt vårvêr. 
Nå er det vel nokon som saknar eitkvart her. Eigar av bil og medeigar i hus, er vitale personar i galleriet av nordmenn i Puglia. Andre fins og, dei får vente til eit anna høve med å få omtale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar