Translate

onsdag 25. februar 2015

Dobbelt heldige rett og slett

Det er vel kanskje litt forvirrande når ein fer frå stad til stad og vegane er meir enn mange. Meir enn nok av høve til å kjøre seg vill. Gps er ikkje plent det beste, med mindre ein likar seg i hjulspor med gras som kostar under og gjer sitt beste for å halde understellet reint. Brått må ein stoppe eit bel, blomane ropar etter å bli ein del av den digitale tidsalder. Gult bare er kult. Om det så er ugras, gjer vel ikkje noko så lenge det ikkje er eg som skal få det vekk. Finn ein bare vegen mellom stadene nemnt nedafor, er ein vel belåten.
Me har jammen vore heldige med huskjøpet i Puglia. Dobbelt heldige rett og slett.  Frå før kjende me bare nokre få innfødde i området.  Kollegaer frå tidligare samarbeidsprosjekt med Vigrestad ungdomsskule, no Vigrestad storskule der eg arbeidde frå 1994 til 2014. 
Etter kvart har me og blitt kjende med ikkje innfødde, stort sett delvis eller heilt utflytta rogalendingar.



Pedellen og pedellina har markert seg som sterkt deltakande profilar i vår annektering av 8,5 mål land midt i olivenlundane mellom San Vito, San Michele og Latiano.  «ME tæge dette», var Sofie sine ord etter at me hadde hatt runden  i det som då vart kalla Villa Julie. Anne Marie og eg var hjartans enige, og slik vart det. I oktober 2012 var alle formalitetar på plass. Huset betalt med ein kurs på Nok 7,36 for  € 1.  Hadde blitt ganske mykje dyrare om me skulle gjort handelen i dag. Fantastisk god hjelp har det vore når Livar seinare har hjelpt oss med både det eine og det andre. Einaste hjelpa som ikkje har gått godt, er hjelp me skulle få med hønehald. Ei uproduktiv høne og ei anna høne som viste seg å vere hane, var liksom ikkje det me hadde tenkt oss.

Sommaren 2012, då me fann denne for oss flottaste plassen på jorda, høyrde me snakk om eit par frå Sandnes som var ventande saman med ein skokk med ungar i alle aldrar. Dei var ute i same ærend som oss. Hus ville dei ha, og hus fekk dei. 
Heldige oss. Ikkje bare hus i Puglia, men og mange nye venner. Treng du lys i tunnelen tek du turen til Ikea. Nei ikkje Ikea Bari, det klarer seg med Ikea Forus. I lampeavdelinga der treff du Lill Karin. Triveleg dame det har vore gildt å bli kjent med. Gaute med det gode gliset er ofte å sjå der Lill Karin er. Me er heldige som kjenner han, og heldige må dei vera, dei han køyrer på skuleveg heime i Sandnes. Han er svær til å lage mat og, men eg trur nok Lill Karin gjer meir enn å sørge for leselys til oppskriftsbøkene når  dei lekraste rettar skal lagas til.

Ikkje lenge etter vår etablering i området, vart me gjort merksame på ein utflytta Varhaugsbu som og ville gjera Puglianar av seg. 
Villa, ikkje langt frå Ceglie, med eit stykke jord til og eit udyr mest som sjølve styggen. Terje er ein koseleg mann, som eg helst trur har bomma litt på karriere. Det var operastjerne han skulle ha vore, i alle fall ut frå  stemmeprakt og stemmebruk å døme.  Målfrid er endå ikkje pensjonist, og difor har det blitt mindre fartstid i Ceglie på henne. Gildt å bli kjent med henne og.

Aksel og Lise Lotte bur litt lenger vekke frå oss, der oppe i Cisternino. Dei må  vera dei einaste eg kjenner som har eiga rundkjøring inne på eigedomen sin.
Oljekunnskap til fingerspissane har resultert i pris i USA på særs god kvalitet på olivenolje produsert frå eigne tre.

Trullo Pernoll med innhald skulle mest hatt ein heil blogg for seg sjølv. I ein trullo som er som ein draum, har Gaute og Signe slege seg til ro. Dei har blitt residente og held trullo der sør i Puglia heile året rundt. Det oser kvalitet av både hus og hage. 

Skulle på ingen måte sagt nei takk til byte av medium for avkjøling på den heitaste tida av året.  Vår stamp innbyr ikkje til dei lange symjetaka, men som avkjøling duger det jo.  Noko av det som gjer bebuarane her ekstra interessante, er vekerapporten eg er så heldig å  stå på mottakarlista til. Mange glupe tankar på både store og små spørsmål. Eg hugsar spesielt ein kommentar til kritikk frå norske media til arbeidstilhøva for lausarbeidarar på landsbygda i Italia. Fritt sitert: Alle innvandrarane kan vel ikkje leva av å vandre gatelangs eller strandlangs med heile butikken på skuldrene. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar