Translate

fredag 18. april 2014

Trullo Pernoll

Det er ikkje første gong i dag at der er prominente gjester på Trullo Pernoll. Journalistar heimefrå har alt vore der, og i dag var det me som var dei heldige. Det gjekk ut bod om at utvalde nordmenn i Puglia skulle få kome til lunsj hos Signe og Gaute ikkje langt frå Locorotondo. Me gleda oss på førhand, og det var såvisst ikkje fånyttes. 
Kokkelering er ein kunst som står høgt i kurs mellom oss besøkjande. Nå er ikkje maten einaste grunnen til at me  har skaffa oss tak over hovudet her sør i Italia, men ein ganske så viktig grunn er det for min del.  
Me er vane med at gulerøter skal vere oransje. Her fekk me gule, og lilla i tillegg. Frå nå av veit me det er mogeleg å skaffe gulerøter som passar til dei lilla serviettane.  
Oliven som desse trudde me bare kunne brukast til olje. Her hadde vertskapet plukka oliven litt tidleg og gitt dei ein omgang med salt, vatn, kvist av fennikel og myrte og laurbærblad. Etter ei viss tid kan det brukast som appetittvekkjar. 
Som antipasti fekk me husets frittata med artisjokk og foccacia med rikeleg med løk.

Baccalao med r  i  i  k  e  l  e  g  med olivenolje. Noko av det beste me laga på skulekjøkken for Maggi i hine harde dagar 1968 -71 var nettopp baccalao. Den var kjempegod hugsar eg, den beste retten me lærte å laga. I mellomtida har eg både kjøpt og laga. Dagens var i absolutt toppklasse. 
 Lill Karin Auglend, Lene Auglend og verten sjølv; Gaute Birkeland.
 
 Lene, Gaute, Målfrid, Signe, Sofie, Livar, 
Terje og Egil (halvparten av paret Lene+Egil)
 Geir, Gaute og Lill Karin
 Målfrid og vertinne Signe
 Radarparet frå Varau, Livar og Terje.

Krake søkjer make heiter det, og jammen trur eg det er tilfelle. Eg spurde Gaute litt om kva som gjorde at Puglia vart staden der han og Signe ville slå seg til og vere pensjonistar. Gjestfrihet er eit nøkkelord. Gjestfrie folk søkjer gjestfrie folk tenkjer eg. Anten har vertskapet vårt i dag alltid vore gjestfrie, eller så er dei blitt smitta i store doser av den lokale varianten av gjestfrihet. 
Anne Marie sikra seg ISBN 88-8229-785-5  
Ganske så stor sjanse for at den hamnar i vår 
ekslusive bokhylle der bøkene er få og utvalde,  


og alle som ei handlar om mat.

torsdag 17. april 2014

God mat smakar i godt lag

Gjestene dukka opp. Sofie og Livar først. Det vart visst litt klein dirigering for parkering frå  mi side. Vinrankene fekk stå i fred, men steinane eg har lagt ut for å verne om dei små plantene fekk ikkje fred. Ingen skade skjedd, men sjåføren merka at her var noko som heldt att.
Då tida nærma seg 8 måtte eg avgarde for å vise veg hit til Villa Felizia. Det er dei mest lokale eg så langt har vist veg for. Kjem ein frå Latiano er ikkj vegen så heilt ille å finne, men følgjebil er sjølvsagt det enklaste.. 
Etterkvart har eg skjønt at ein ikkje kjem på middagsbesøk her utan ein aller annan gave. Meeresfrüchte frå Belgia, gitt av semi-italienarar i Puglia, presentert på Hardangersaum må vel seiast å vera ei litt internasjonal gåve.
Koloritten i buketten Meggi og Pascalone hadde med passa som hand i hanske her i stova.  Det internasjonale temaet held fram: Blomar frå Italia, vase og lykt av svensk glas og ser du godt etter legg du merke til to kvite italienarar/høner (frå Norge) på bordet.

Gildt å få gåver. Aller gildast er å få besøk av gjester som set pris på det me har laga til. Meggi trudde rett nok at ho skulle få Finnbiff, men den biffen får me ordne ein annan gong. 

Me har så langt her i Villa Felizia kokt på butan frå ei engelsk gassflaske. Har vore litt redd for at den skulle gå tom ein eller annan gong det slett ikkje passa seg. Då eg skulle fyre opp bakaromnen på gasskomfyren for å gje pinnakjødet den sprø steikeskorpa me likar så godt, var det jo akkurat det som skjedde. Gode råd kunne då fort ha blitt dyre, men heldigvis hadde eg skaffa ny gass og ny regulator som passar dei gassflaskene med industritilkopling som ein lettast finn her. Ein liten omgang med skrujern, så var steikeskorpa fiksa. Me tok sjansen på nypoteter med skal, men dei norske meinte det ville bli vanskelig for dei lokale gjestene. Gaffel og kniv og skrelling før potetene kom på bordet vart løysing på manglande potetskrellar.
Eg hadde laga rikeleg med kålrabistappe og frose ned heime på Vigrestad. Om ein pakkar i bobleplast held det seg frose i dei timane reisa tek. Eg vart litt øvejidde kan du sei når halvparten av kålrabistappa viste seg å vere frosne restar av ei fiskegryte. Godt då å ha rekna romslege porsjonar, for det vart nok og meir enn nok av bare halvparten av det eg hadde gjort klar.
©Livar
Kjøtet var akkurat passe salt. Såg ikkje anna enn at gjestene åt, men heller ikkje her var det lett på berekne mengde. Dei porsjonane eg reknar med til jul når våre tre søner Knut, Helge, Tor Sveinung og broder Oddvar skal mettas, dei porsjonane er nok det doble av det som var nødvendig nå.


Etter slikt eit tungt måltid mat passa det godt med jordbærgele servert med vaniljesaus frå Tine, spedd ut med fløte herifrå. 
©Livar
Dei italienske gjestene var som de ser veldig nøgde med det dei fekk servert, eller var dei bare glade for å vera i godt lag? Eg trur begge deler.


tirsdag 15. april 2014

Pinnakjød og grøftegraving

Dei som driv parkeringplass for nordmenn med hus i Latiano driv også restaurant  La Taverna di Pascalone. Kor stor fallhøgda er når me inviterer på PINNAKJØD er eg litt usikker på. Kålrabi fins ikkje her sør. Nordens appelsin trengs ikkje, her er nok appelsiner i normal variant. Kålrabistappa vart laga i Helmikhølen og frosen ned for transport hit. 
Her er lite bjørk å finne på tomta. Greiner av mandeltre vart reinska for bark og fekk gjere nytte som rist i botn av gryta.
Koking på gass utandørs er visst første gong eg har prøvd, men "kæ sgo fela". Ikkje noko problem det. Gryta innkjøpt for høvet på marked var og god nok, men loket derimot. Det var mest bare som litt tjukk aluminiumsfolie med handtak på. Med Høyang Polaris opp ned og ein glasdunk med vatn på toppen vart det ikkje tett, men tett nok til å få til dampkoking.
Me gler oss til å by Meggi og Pascalone, Sofie og Livar til bords i morgon kveld. Men det blir visst først gong eg har servert slik mat til restaurantfolk.


Det ligg dårlig an når det gjeld gravemaskin her på tomta. Ein lyt satse på den manuelle variantet. Då får ein gjere som ein viss ein oppi Ceglie sa. Kjør fresen. Spa utav, kjør fresen på ny. Gjenta til du er så djupt som du skal.  Så fryktelig djupt treng ein nok ikkje heller. Her er lite hardfrost for å sei det slik. Kanskje nokre netter under null, men ikkje noko som gjev tele i bakken.
 Funkar heilt fint det. 
Får endåtil fin laus mold til eit nytt bed. Alltid gildt når ein kan løyse to eller fleire oppgåver på ein gong.

mandag 14. april 2014

Marmeladekoking med meir

Rett nok er dette med kjøpeappelsin, men det er jo greitt å trene litt før me kan bruke av eigen avling. 
Appelsinmarmelade frå eiga gryte smakar bare SÅÅ godt. Ein del arbeid, men mesteparten av tida går med til bløytlegging av fruktene, 3 døger og skifte av vatn fleire gonger i løpet av den tida. Skjæring, koking, glasvask er gjort på nokre timar. Ute i sola er det som ein leik.  




Produktet blir importert i koffert til Norge, med unnatak av nokre glas som står att her for å gjere nytte som pålegg når søner og svigerdotter kjem på besøk til sommaren.


 Me har ei bu utan dør. De er staden der ubedne gjester kan forsyne seg som dei vil. Ei skikkeleg opprydding gjer kanskje det heile meir freistande for dei langfingra, men det såg ganske godt ut for husfolket og. Nå let det seg gjere å finne att det ein vil ha.



Her blir rett og slett plass til syklane og, slik at dei slepp å vansmekte ute under open himmel. Sidan bua er ulåst får me låsa som best me kan. 

                             Ein stige og to syklar tett i tett. 
                           Å stela desse skal ikkje vera lett. 

Avbitar for stål må ein minst ha, eller evne til å bere med seg 3 store objekt som kvar for seg er uhamslege nok å bere. Framleis er det slik at når me reiser heim til Vigrestad får me nok ta bryet med å flytte syklane inn i huset. Med gitter framfor dørene, gode låsar og alarm på alle dører og vindu og sensor som registrer kvar minste rørsle innomhus skal det ganske stor innsats til om nokon skal klare  å stikke av med tohjulingane våre.




Kva måtte så ut? 

Bilen vart full nok den. Plastpotter, plastkassar, baljar, slange, gnurt stol, skumgummirestar, plastrøyr, kaffiglas, flasker og sikkert endå noko meir. Sidan me endå ikkje har funne ut av renovasjon her i Latiano valde me å reise over kommunegrensa til San Vito for å kvitte oss med rapen. Ikkje langt frå Livar og Sofie sin residens fann me 4 eller 5 nytømde containerar. Så var ikkje dei tomme lenger.


Kalking er ein kjekk geskjeft. Endå er eg på prøve og feile nivå. Kor tynn / tjukk skal kalken vera? Kva temperatur er best for god vedheft? Trening på murane langs vegen inn til huset er ok. På sjølve huset må me nok bare halde fram med maling slik dei førre eigarane har gjort. Murane og bakaromnen + eitt lite veslehus/utedo skal få kalk, og det er ikkje meir omfattande enn at ein godt klarer ein omgang kvart år.

lørdag 12. april 2014

Lettstarta Honda etter vinteropplag





Har ein først skaffa seg Honda lyt ein ta vel vare på den.  Det er ikkje storleiken som tel seier dei. 160 kubikk er jo ikkje så fælt mykje å skryte av, men ikkje skal den kjøre så langt og den som kjører går bare etter og styrer. Då klarer det seg.

Åkeren som skal gje plass for kortreiste grønnsaker til sommaren er klar for såing. 
Her ser du tidlegare omtala grunn for bygging av soltak. Det må visst bli ein mur, og då er fresaren suveren til å preparere den knallharde molda før spade og rå muskelkraft gjer resten av jobben. Forresten, skal me gjere det sjølv får det klare seg med ordinær muskelkraft. 
Sjølvsagt må Hondaen få god pleie etter kraftttak av det meir skitnesame slaget. Eg vart helst imponert då den vart tatt utav vinteropplag. Eit trekk i snora, så sveiv den. 

Ikkje verst med arbeidsfolk som er heilt sjølvgåande.  Det går i eitt frå tungt til lett. Det som er så flott her, er at her er akkurat passe standard på saker og ting. Me treng ikkje jobba oss forderva for at det skal bli greitt. Samstundes treng me ikkje keia oss i mangel på noko å finna på.

Knyt ein krans
av blader grøne
Pynt med gult
då blir det kult

Om eg ikkje hadde blitt lærar, kva kunne eg då ha blitt?


 Slangetemmar



fredag 11. april 2014

Altfor travelt å ikkje gjera nokon ting

Det er travel å ikkje gjera noko.  Roleg dag på roleg stad. 

Eg sette meg føre å auke kvaliteten på vatnet som alt har rett så høg kvalitet. Me er hoffleverandørar av kvalitetsvatn til «kongen» og «dronninga» av Puglia. Dei er busette ikkje så langt herifrå og samlar hoffet rundt seg ved påsketider, til sommars og i haustferietida.

I botnen av tanken har det samla seg eit lag av noko rødbrunt som sikkert ikkje gjere skade i det heile. Men det ser litt ufyse ut. Fann ut at eg ville gjera noko med det.
  Når over 1000 liter skal ut gjennom ein liten slange tek det si tid.

Kan ikkje godt krype ned i tanken for å gjere reint. Hadde nok blitt sitjande fast i opninga på veg ned. Pizzaspade med nyvaska handklede på må vel vera tingen tenkte eg for å ruske opp i "skiten".

Var lett nok å røre skiten opp frå botnen, men prøv du å få det ut i slangen for avtapping. Bare marginalt det som tok den vegen ut. Då får det rett og slett synke til botnars endå ein gong, og eventuelt setje godsmak på vatnet vidare og.
På fyll frå 135 meters djupne av reint og friskt vatn tynner ut skitvatnet og om ikkje lenge er me klar for nye leveransar av frisk godt vatn for slike som ikkje er like heldige som oss når det gjeld vassforsyning.
Appelsintrea blomstrar, men det står jo att å sjå kor mykje frukt det blir utav det. Me skal ikkje ta for gitt at det er me som får plukka appelsinar av trea våre, men ei viss von kan me nok ha. Clemente seier nok frå til mandel- og olivenfanten på nabotomta at me vi ha avlinga sjølv. Nabofanten bur forresten ikkje på nabotomta. Der er ikkje noko hus på den eigedommen, så han er bare innom her for å sjå til olivenlunden sin og då kastar han tydeligvis eit blikk over på vår eigedom med det same.
Fikenblada veks i eit tempo som fort gjer dei velegna til tildekking av unemnelige deler. Sjølve fruktene kjem i to omgangar, først i juni og så neste avling på same tre frå august av.
Blir det mandler av alt som veks på mandeltrea, skal me ikkje mangle råstoff til jule marsipan og kransekake. Går det fort for seg med fiken, så går det endå fortare med mandler. Då eg var her i mars var trea nett avblomstra, men eg såg ikkje noko antyding til mandler. Nå er dei kome så langt at det let seg gjere å ope dei og finne ei ganske stor mandel inni skalet. Litt bitter, men og litt søt på smak. 

Me er klar for PÅSKE i PUGLIA

fredag, 11. april 2014
Me kom oss vel fram sjølv om starten var litt trong. Mulig eg fer feil, men det reisedokumentet eg fekk frå Expedia mangla e-ticketnummer for Anne Marie.  Forsøk på innsjekk heimefrå stansa. I skranken på Sola skjedde det same. Her manglar e-ticket nummeret var beskjeden ho bak skranken gav.  Ørlite stress i hovudet vart det. Me fekk stille oss til sides for køen medan Klm sitt kontor i Barcelona vart oppringt.  For første gong AirFrance, men det var Klm som opererte flighten frå Sola.

Nå er me budde på at det kan bli sameleis når me skal heimover att. Bare med den forskjell at då kjem språkvanskar på toppen.  Godt det fins e-post og jammen er det fint at me fekk på plass internett her i den elles så fredelige olivenlunden. Det er først då ein kan få sjansen til å fortelje omverda om kor godt ein har det.
Pedellen og pedellina stod klar i Brindisi for å hente. Gilde folk å treffe att.  Skyssen gjekk så til Latiano og huset der Meggi bur. Ei operasjon i armen gjorde at ho ikkje kunne hente som normalt. Vel, kor normalt det er lurer nå eg på. Utruleg gjestfritt er det i alle fall. Lite liv i bilen. Ikkje ein gong sentrallåsen let seg bruke. +polen var kopla av batteriet synte det seg. Er nok Pascalone som  anten har lada opp batteriet, eller kopla frå for å hindre utlading. Med kabel på plass starta bilen og sveiv som ein Opel.

Me slapp handlerunde, for det hadde pedellparet ordna. Dei hadde i tillegg stukke innom og sett av nokre gamle ute møbler dei ikkje vil ha lenger.  


Det gjer ikkje noko om me er kresne, for møblene er fine dei. Me sat i dei til frukost, dei er fine og dei er gode å sitja i.  Då gjorde brød, ost, skinke og tomat frå pedellparet nytte for seg. Treng ein meir då?  Me er klar for PÅSKE i PUGLIA.


onsdag 26. mars 2014

Litt surt at det endå er att to veker

Nabo Lina har ein som arbeider for seg som ber namnet Giovanni. Ein ung mann som har passert dei sytti, men med ung kone som endå ikkje har fylt 40. Han er ein rett så livsfrisk mann, og så likar han så godt når me kan snakke saman på tysk eller tedesco utan at Lina skjønar noko som helst. Det eg trudde var ein velkomstgest og bare det, har etterkvart vist seg å nærast vera ein tradisjon.  Kvar gong me har vore heime i heim nummer to, har han kome på døra med sitronar. Alles gut? spør han. Tutto bene, kunne eg ha lyst å svara, men det blir: Ja, alles gut. Giovanni bidreg med sitt til at vår trivsel aukar.
Denne gongen fekk nokre av sitronane vere med til Vigrest. I kveld gjekk dei i pressa og vart blanda med sukker og avsilt vatn som har vore kokt opp med rive sitronskal. 
Det blir ein god smak av Puglia i dei to vekene som er att til PASQUA i PUGLIA.

mandag 17. mars 2014

24 er eit godt tal i dag

Bortsett frå hovudgrunnen til mi reise til Puglia denne gongen, så har eg visst fått gjort alt og meir til. Det var planen å lage til uteplass på sørsida av huset, den sida som vender mot vegen. Akkurat det stoppa etter eit hol som kunne vore starten på fundament til ein søyle. 
Sjølve plattingen me vil ha tak over, er såpass ujamn og skeiv at det nok er best å få den på stell først. Nå er det slik at arbeidet forsvinn aldri om det må vente litt på å bli gjort. 

Siste post på lista elles var betaling av skatt for huset. Det er Latiano kommune som krev inn noko som går under namnet IMU. Første året som huseigarar i Puglia fekk me hjelp med sjølve betalinga som skal gå  føre seg i juni og eller desember. I fjor vart det heilt gløymt av. Ho som hjelpte oss første gongen har dessutan flytta nordover, heilt til Modena.
På det kommunale kontoret vart det henta fram eit skjema eg skulle ta med til bank eller post for å betala. Eg klarte med nesten med min pocopoco italiensk, men skal rett vera rett får eg leggje til at ein annan kommunal tilsett vart tilkalla for å får nordmannen til å fatte kva han skulle gjere neste gong IMU skal betalast. Fekk beskjed om at eg måtte få nokon til  berekne kor mykje eg skal betale neste gong. Kven denne nokon er veit eg pr. i dag ikkje, men me finn det vel ut etter kvart. På posten var det kø. Var visst dagen der alle skulle ordne eit eller anna. 35 min med kølapp i handa og så bare to tre minutt på sjølve ærendet.
Varmen er ikkje plagsam. 22 grader er nok til å varma kroppen min. 
Litt kombinert luking, klipping av kapersbuskar og soling er ikkje å forakte. 

Får visst rikeleg høve til nedkjøling etter kvart som eg fer nordover i morgon.  Service ved ankomst Sola er truleg omtrent som her. Det kjem ei og hentar meg på flyplassen kl 22:40. Ho køyrer meg dit bilen er parkert.  Vel heimkomen er det bare 23 dagar att til me ilag vender nasen sørover for påskeferie under sør Italias "adatto sole". Dei som kan italiensk får bera over med mine tidvis hjelpeslause freistnadar på å krydre eige vokabular med litt sydlansk.

Hjemreise Brindisi - Stavanger

Flyselskap: AZ7983 Alitalia
Dato: tirsdag 18 mars 2014
Avreise: 14:25 Papola Casale (BDS), Brindisi, Italia
Ankomst: 16:00 Linate (LIN), Milano, IT
Klasse: Økonomiklasse

Flyselskap: KL3416 KLM
Dato: tirsdag 18 mars 2014
Avreise: 17:20 Linate (LIN), Milano, Italia
Ankomst: 19:15 Schiphol (AMS), Amsterdam, NL
Klasse: Økonomiklasse

Flyselskap: KL1205 KLM
Dato: tirsdag 18 mars 2014
Avreise: 21:10 Schiphol (AMS), Amsterdam, Nederland
Ankomst: 22:40 Sola (SVG), Stavanger, NO
Klasse: Økonomiklasse

Total reisetid (inkl evnt. mellomlandinger): 8h 15min

Til påske  blir det for oss nytt flyselskap:  Air France via Paris og Roma