Translate

tirsdag 12. september 2023

Vårt Pugliaradis

Me kom oss vel fram. Først ei natt på Bergensfjord, så ei på Hotel Rhønhof ikkje langt frå Fulda, og sist ei i Locanda Ca'Orsa i Affi ved Verona. Innimellom litt kjøring, godt å få landkjenning på fast grunn. Mest trong for å setje sjøbein når me får parkert og plante beina på eigen grunn her I olivenlunden vår.
Her i garden var alt som det skal vera. Sitrustrea lengtar etter vatn. Bakken under er svidd av sol og varme. Nede under mandel og oliventrea er jorda horva og slådda. Litt innestengt luft innomdørs må ein vel rekne med når huset har stått lukka og låst i 2 og 1/2 månad.
Me har litt å styre på med om dagene, men det er jo det som er gildt.
Det vesle her er av druer, vart plukka og kjørt gjennom saftsentrifuge. 
Halvannen liter vart det. Søtt og godt. 
Alle som har vore her på besøk, har vore med på Taverna di Pascalone. No som Tavernaen er stengt, må me bare klare oss utan framifrå grillmat. I det minste tenkte me slik til me fann  Bracieria Carne & Fuoco,  new generasjon Pascalone sa han som styrte grilling.
Litt epler fekk og ein omgang  i juicepressa. Mor sin gamle slitar av ein Kenwood fungerer upåklagelig. Den dreg juicesentrifugen så det er ein lyst, i allefall for ganen. Me måtte smaka litt i små glas, sjelden vare må drikkas i små porsjoner.
Litt vel mykje fiber i det flytande vart ordna med man tager hvad man haver.
Og brått var alle eplene 
gjort om til smakfull drikke.Basseng og mandler kjem i neste bolk.

1 kommentar:

  1. Imponert over kokkekunstene deres😊 så flott å utnytte markens grøde!!

    SvarSlett