Translate

mandag 25. september 2023

Alltid gildt med besøk.

Eg tek lettere fram kamera for å ta solnedgangen enn for å ta bilete av folk. Så sit eg då her og mangler biletdokumemntasjon på anna enn det me serverte.
Det kom ei melding, Oddvar lurte på kor langt han og Gro var frå plassen her på Cda Coltura. Dei var i Matera og skulle til Monopolo. 
Så nære, så måtte dei sjølvsagt kome hit. TreniItalia tok gjestene til Brindisi der shuttleservice overtok. Me fekk ei trivelig stund i lag den ettermiddagen. God mat vart det  og, pizza frå vedfyrt omn.
Til forrett vart det servert ost med heimelaga fikensyltetøy og delt fiken dandert med skinke av beste slag. 
Når me serverer pizza må gjestene trø til. Kvar får tildelt ein utkjevla leiv, så får ein velge mellom det som er sett fram for å ha oppå. I dette tilfellet mozzarella, parmesanost, løk, heimelaga pizzasaus, røykt skinke, kokt skinke, ruccola og olivenolje. Dreher attåt. At verten nærast vippa gjesten sin pizza  av pinnen, får så vera. Håpet om god sangstemme lever vidare. 
Veldig gildt besøk som gjerne kan repeteres.
Kjøkkenpersonalet må.ikkje ta det for mykje med ro.
Me har ei vare (vatn) me gjerne bytter bort, mot å få gi folk eit godt måltid mat. Var visst særs heldig  denne gongen. Etter vasskona si utsegn var det beste lasagnen ho hadde fått. Vasskona er Målfrid og ho hadde med seg vassmannen Terje som fylte opp heile bagasjerommet med 5 liters kanner med vatn av beste slag, pumpa opp frå 135 meters djup her under Cda Coltura.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar