Lukkeligvis fins det maskiner som tek seg av slikt, så ein omgang I knekkemaskin reknar me me å sitje att med mellom 15 og 20 kg.
Medan me var heime i juni, juli og august var Lisa og Bøje pleieforeldre for våre 2 hengeplanter og fleire krukker med Canna. Då me kom tilbake hit, fekk plantene kome heim att. Dei var fine og trivelige etter månadar med godt stell. Lisa hadde sett avleggarar av mange slag blomar ut frå det som tåler lite vanning. Nå står dei her og gjer tunet ekstra innbydende.Me får satse på.at me får dei til å overleve. Er forresten litt imponert av bougainvillaen som faktisk nå har over både 2 vintrer og 2 somrar. Nå trur me den er så rota at den vil kunne klare seg utan spesiell omsorg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar