Translate

fredag 15. september 2023

Vatn for velvære.

Som storsymjar i ungdommen er eg hekta på vatn. Passe varmt og i mengder store nok til å omslutte heile meg. Eg hugsa eg var mest glad i bryst, sumde lange etappar 1000 meter på rundt 21 minutt trur eg det var om eg ikkje tek fullstendig feil. Bassenget på skolen på Vigrest gav god trening på vending. Og det kjem godt med nå, tvers over er bassenget 5,49 meter, så kan du rekne på kor mange vendinger det blir når eg har tilbakelagt 200 meter. 
Ikkje noko å seie seie på teknikken her.
Nå fyller me opp med krystallklart vatn frå vår eigen brønn. Skal vatnet halde god nok standard til me reiser heim at midt i oktober, så  må me nok skaffe oss ein klorhaldar.
Den gamle vart trødd på då duken til det gamle bassenget vart pakka saman. 
Skimmer tek seg av rusk og insekt på overflata. 
Etter at vatnet har passert skimmer, pumpe, solfangarar blir det tilsett luft og sendt inn i forfriska tilstand. 
Så langt har eg tilbakelagt 600 meter bryst, alt i den vesle plaskedammen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar