Det var rett så lekkert det
heile. Supertynne botnar måtte det bli etter tendensar til klager ved førre
høve der omnen var fyrt opp. Nokon meinte det likna meir på foccasia enn på
pizza det som då vart servert.
Kattane luktar nok mat for dei gir ikkje opp.
Blir jaga vekk, men etter ei kort kort stund er dei tilbake. Når dei krøkjer seg saman for å hoppe opp på bordet er det tida for å jage på nytt.
Vatningsanlegg
med vatning av grønsakhagen og på andre sida av huset dei nokså nyplanta
sitrustrea (førre eigar planta sitron, mandarin, klementin og appelsin). I
vinter har trea ikkje lide noko naud, det har vore meir enn rikeleg med
væte. Mest litt komisk å styre med
vatningsanlegg når jorda er såpass våt som den er nå.
I april, mai og juni må trea klare seg utan
tilsyn og då skal me vere på den sikre sida slik at trea overlever. Dryppvatning med regelmessige
mellomrom og i programmert tid kvar gong. Gardena er slett ikkje dumme til å
finne opp hjelpemiddel for hageamatørar. Grønsakhagen skal utanom fennikel
innehalde cherrytomatar, squash, aubergine, hericotbøner, paprika og løk. Me
tek sikte på å bli sjølvberga med desse grønsakene alt nå i sommar.
Fresia og
anemonar er planta og vil venteleg glede oss nå til sommaren. Blå anemonar
blomstrar forresten nå. Det gjer og ein valmueplante som veks midt oppi
steingarden mot naboen som var så ivrig til å plukke oliven anten det var med
eller utan samtykke.
Nei, tyngekrafta er ikkje annleis i Puglia enn heime på Vigrest. Det er bare det at biletet la
seg litt flatt og han som styrer denne bloggen hadde ikkje gidda nok til å roterer biletet.
Når det
kjem til Internett er det helst stillstand. Ein 5 minuttars kjøretur er visst
det enklaste. Eg vart råda til å ta kontakt med ein mann i Oria. Han skulle
snakke brukande engelsk. Då eg ringde han, ville han ikkje vedgå at ha kunne
noko særleg engelsk, men han fekk opplysinga om kor huset ligg og mitt
mobilnummer. Det var Linkem som han
hadde kontakt med og dei har eg vore innom tidlegare i Mesagne. Det var der dei var
helst sikre på at på Cda Coltura, der var det «no coperta». Den 5 minuttars turen går anten til San Vito
eller til Latiano. Der er mobildata så kraftig at Internett funkar heilt
greitt. Om eg så sit i bilen og legg inn bloggen går jo det greitt nok. Kan jo
gjere klar alt før eg fer.