I dag er
det torsdag 29. november 2012
I det eg
var i ferd med å leggje meg i går kveld fekk eg telefon.
Cosimo haben mir
anrufen.
Ich habe mit
meine frau an Ihre Haus zweimal gewesen.
Sind Sie zuhause
Morgens am 10:30?
Ja, Ich will da
sein.
I dag kom
han saman med Anna. Han hadde med seg eit glass kapers og eit glas med heilt
lyse tørka fiken. Olje frå denne
sesongen ville han kome med i morgon fredag. Veldig viktig at den vart teken med til Norge,
til Anne Marie.
Eg hadde
gjort meg føre, rydda (ikkje at det var så mykje rot akkurat), laga Torovafler,
gjort klar for kaffi, funne fram den ¼ sjokoladekaka til Edi, dekka bord med
Figgjo flint. Men så var det ikkje rett
tid for mat eller så var det feil sort. Den eine av gjestene tok unna så mykje
som eit halvt glas vatn, den andre var avhaldande totalt.
Kanskje
litt dumt at me ikkje har fått med oss nok om Cosimo. Han vart nok nemnt av
førre eigarane, men sidan me ikkje møtte han i oktober fekk me heller ikkje
gjort noko avtale med han. Schade, gjentok han gong etter gong. Schade mit den Oliven.
Han kikka ut på grønsakhagen, det var han som hadde teke hand om jorda
så ho skulle bli klar for planting av tomater og andre grønnsaker. Det var han
som hadde sagt opp veden som ligg langs steingarden. Eg fekk gitt beskjed om at når me nå ser
korleis det heile blir med «kan hende svigerfar til dotter til meglar Guido» så
får me bestemme kven me skal satse på til neste års hausting. Cosimo hadde
ikkje problem med å forstå «weil
wir kein Information hätte, konnte wir kein «avtale» mit er machen». Gehar, høyr. Det var det namnet
mitt vart med tysk-italiensk uttale. Til
«pasqua» kjem me frå Norge, då ser me kva og korleis me skal gjera med
eventuelt å gjera ny avtale om henting
av oliven for produksjon av olje.
Det var
tid og tolmod til eit par timar i sola i ettermiddag. Eg likar å vere ut i god
tid, så det som har vore ute i bruk har funne plass att, mesteparten i skjulet
som gøymer vatntanken. Dei flotte Lidl-lampene har og hamna der. Sykkelen får
ikkje fleire turar i denne omgang, heller ikkje høgtrykks-spylaren.
Ikkje
skjønar eg grunnen, men heime hos oss er det mange som er glade i framandlansk
mat. Nå er det vel slik at italiensk mat etter kvart er nokså heimsleg då. På
Famila San Vito dei Normanni har eg funne ut at dei har godt nok utval for ein landsens
mann frå Vigrestad. Eg treng ikkje å kunne velje mellom ørten ulike sortar yoghurt
eller andre ferskvarer for den del.
Stracciatella, mozarella, auricchio, olive verde in salamoia, prosciutto
crudo nazionale, carpaccio, parmesan, clementiner, canestrini con passata di
albicooca, papillon ciliegia, cuor di latte og canestrini con passata di
amarene er dei varene eg håpar er gode
nok venner til å dele plass i kofferten. Noko olje blir det visst og
etter det Cosimo sa. Han meinte visst eg kunne ikkje reise tilbake utan å ha
med olje frå denne hausten og frå olivenlundane her i naboskapet. Ikkje må eg
gløyme smak frå vår eigedom heller. Tomatsaus hermetisert og fylt på små flasker skal
og med.
I
Specchiola var det ikkje mykje folk å sjå.
Fælt få som bada. Elles ser jo det
meste likt ut bare det at her var folketomt nå, ikkje som i sommar då me fekk
lauga oss og kjøle ned kroppar som måtte utstå varme heilt oppe i 41 grader.
Endå nokre grader til ein kjem opp i badstuvarme, men der er ein jo ikkje meir enn
ei avgrensa tid.
Eg prøvde
å finne ein stad for mat i Latiano, men gav det opp. Ikkje hadde eg dress og
ikkje syns eg det trengs for eit måltid ein vanleg kveld i veka. Klientellet
såg ut ti å høyre heime i ei anna verd enn der eg trivs. TripAdviser fortel om
ein plass i Via Roma, og der trur eg eg får prøve meg i kveld. 3 mil til Grottaglie er ikkje så fælt langt
nettopp, men greitt med noko som er nærare og. Stinco på Opera hadde vore topp,
det må eg vedgå. Men kanskje nokre andre og skal få sjansen til å vise kva dei
kan.
Det vart
nokre andre i kveld. I Latiano er det ikkje slik at det kryr av stader der ein
kan mette magen. Slett ikkje mange tek så stort magemål av seg som La Pascalone
gjer på plakaten ved inngangsdøra.
Ein
så anonym inngang som her har eg mest ikkje sett før. Gatenamnet lovar godt. Ut frå namnet kan ikkje Via Roma kan vera den mest avgøymde gata i byen. Det er nummerskiltet 82
som bergar meg, for her hadde aldri eg
trudd det kunne finnast ein stad som serverte mat av god standard. Vel innafor
døra vart eg teken imot av fruen i huset. Mann og kone opplegg.
Han tok seg av
maten, ho tok seg av gjesten. Eg kom litt før 8 og gjekk rundt 10. At dei
innfødde er seine når dei går ut, det er eg klar over. Men 1o, og endå ingen andre gjester enn eg? Maten
var her ikkje noko å seie på. Den var framifrå og i rause porsjonar.
Ingen
problem å anta same fasong som kokk eller gjest på plakaten utfor døra. Geschmakelig som dei seier i Nederland