Nok vatn for ei stund.
I dag kan du sei det var ikkje nødvendig å ta turen innom dusjen før evt bad. Dusjinga kunne naturen sjølv ta seg av på dei 15 - 20 metrane ned til bassenget.
Merkelig korleis det kan hølje ned i ein halvtime eller så, før det stilnar av og ein bare ser vatn som har samla seg i pyttar rundt alle stader. Jorda her inneheld mykje leire. Av den grunn er bakken lite lek, det byggjer seg ganske fort opp små dammar der terrenget er litt lågare. 2 smågutar drukna faktisk bare eit par hundre meter herfrå i ein slik dam, men då regna det nok i meir enn ein dryg halvtime. Det er reist ei minnestøtte etter dramaet for rundt 100 år sidan.
Som lukka var kom nedbøren kun i væskeform. Hagl på storleik med klinkekuler som dei nettopp hadde litt lenger nord, det slapp me. Eg reknar med at naturlig vatning av olivenlunden er av det gode, i allefall så lenge ikkje det blir skade på dei umogne olivenbæra.

























Siste dag på Cda Coltura fekk me oppleve bittelitt dramatikk sett med norske auge. Opprydding etter rotvelt i juni, førte til mykje greiner og spøna på ein eiendom ikkje lang frå vår. Eg undrast over sprakande lydar og måtte sjekke det ut. Jau, full fyr i det som kunne brenna. Dei som hadde sett det heile i gang var ikkje å sjå. Bles ikkje veldig mykje, men det var nå nok til å puste fart på elden. Det kom nokre innfødde forbi, og då dei tok det ganske så piano kunne ikkje me heller gjere anna enn å roe oss. Litt dumt var det at det kom røyk fra andre kanten av eigedommen og, men som lukka var daua det heile ut før det gjorde uboteleg skade. Ser bare for meg opplegget om elden fatar i eit oliventre. Sprengfullt av olje som det er, ville flammane fryktelig fort slå over til neste tre og så til neste tre og så vidare heilt utan kontroll.























