Translate

tirsdag 24. mars 2015

Tap av liv i Puglia

04:04 24/03/2015

Siste nytt frå fronten:  Første mus i fella. Ikkje mykje ho sprella.

Får gjera som dei gjer i VG. Me åtvarar mot sterke bilete
foto: utsendt medarbeidar gelleh




Foto: Utsendt medarbeidar gelleh

For min del kan eg bare sei: 
Eg har vel ikkje vunne endå, men det ser ut til å gå mot sovande siger.

mandag 23. mars 2015

Krig på brei front

Slik såg eg ut etter at eg hadde oppsøkt frisøren. Tok ikkje mykje på toppen denne gongen. Tok rett og slett ingenting. Stengt var det. Ståljalousien var rulla ned, og etter kort konferanse med Timoteiveien 8 Mariero, fann  eg ut at her var lite vits i å venta. Frisørane i Puglia har stengt på mandagar fekk eg vita. 

Til Ceglie kan ein jo ikkje fara utan i det minste å få eittkvart gjort. Skaff meg bare ein do. så skal eg fort nok få noko gjort. Har funne ein bar,  Bar San Antonio ved Piazza San Antonio.  Barar er gode på det som er flytande, både det som skal inn og det som skal ut. Har faktisk vore der så mange gonger etterkvart at dei burde kjenne meg att. Der må ein  ganske langt innover under hvelva tak for å finne plassen. Men kven vil vel bruke finaste delen av lokalet til do?
 Lys var der ikkje å finne. Eit lite vindauga høgt på veggen gav både lys og luft. 
Å fylle på att straks med cappucino eller espresso fører nok bare til at behovet melder seg endå fortare, men eg syns det er ein grei måte å betale for lån av do. 

Då var det tid for å samle troppene. Eg oppsøkte Ferramentia Gioia. For derifrå væpna til tennene. DDE syng "Her blir det liv". Her kan sangen koma til bli noko heilt anna. Eg må kanskje lade med noko anna enn ost, men me får nå sjå.


Innefeller etter prinsippet surprise surprise. Hard core metal kan du sei. Kjende du noko i nakken, eller gjekk det så fort for seg at du for avgarde til dei evige jaktmarker akkurat i det fella slo att?
Fekk med meg ei felle til å ha ute og. Der er nok problemet først og fremst at eg ingen aning har kva eg skal gjera om ei søt lita mus går i fella. Skulle ei rotte ende inni der, har eg endå mindre aning.
Eg skal ikkje påstå at eg er ein spesiel dyrevenn. Snakk med  broder Oddvar, så har han litt å fortelja. Til mitt forsvar må eg bare sei at det var slett ikkje meininga å kjøre over dei tre  hundane hans på ein gong. Hadde eg hatt vit til å la det liggje, hadde det vel gjerne gått i gløymeboka. Men , men.......... Siste remedien eg fekk med meg, er eg meir i tvil om eg skal nytte meg av. Du kan sei det er konkretisering av uttrykket "Å sitje i klistret". Vil helst unngå å ta det i bruk, og skal ein føre effektiv musekrig bør ein kanskje ikkje bruke alle våpen med ein gong. Godt sikkert å ha noko i bakhand.
Elles gler eg meg til i morgon kveld. Då kjem Anne Marie. Ho har fått i oppgåve å passe på at også Tor kjem fram hit til dette paradis på jord. Her er rett nok både kaldare og våtare enn det ein tenkjer på som paradisiske tilstandar. Her ein morgon var heile bilen dekka av eit lag med is. Det er vel det me heime kallar frost.
Etterkvart som dagane går, rykkjer dei inn både den eine og den andre. Har ein først  hus her så skal det vera PASQUA A PUGLIA

Her er link til den så langt har lengst fartstid som trekkfugl mellom Norge og Puglia. Han har tenkt å handle seg Ferrari når han kjem hit.

lørdag 21. mars 2015

Blir me aldri kvitt dei ubedne gjestene våre?

 Gitter på dører og 
gitter på vindauga.
Ikkje mindre enn trippel lås på døra til cisternerommet
Sensorar i alle rom
og radiolink til alarmselskap. 
Hjalp det? Nei. 
Ein skulle mest tru ein var på Jæren. 
Jamfør innbrotsbølga med siste registrerte 
innbrot i Verdalen 20.03.2015
 Her var tydelege spor etter ubedne gjester denne gongen og. 
 Så fryktelig mange har det nok ikkje vore, 
og så fryktelig lenge har dei ikkje halde på. 
Har nok funne lite mat. Det som var att i haust var 
anten i kjøleskap, frysar eller overskap på kjøkken. 
Dei små firbeinte røvarane har nok vore ute etter byggjemateriale. Byggjemateriale til bol. 
Beste materiale tilgjengelig var ull og dametruser. 
Mine fargerike boxerar fekk liggje i fred 
i naboskuffa som også hadde hatt vitjing. 
Trur du dei små krypa gav seg med nedste skuffa? 
Nei, der såg det ikkje ut til at dei hadde vore innom ein gong. 
Heilt til topps i Ikeakommoden måtte dei. Ein skumgummimadrass med trekk på, har sikkert fungert kjempegodt som klatrevegg. 
Har dei rappellert etter fullført ærende?
Spørsmålet som då står att er kva opning 
dei har funne som eg endå ikkje veit om.. 
Eg las nettopp at ei mus treng ikkje større opning enn til hovudet, så klarer den å presse resten av kroppen gjennom etterpå. 
Så fleksibel kunne eg og tenkt meg å ha vore.
 Bak doen er det ei nokså stor opning. Sidan eg ikkje er særleg fleksibel får eg ikkje plass mellom doen og veggen for å ta ein kikk. Ikkje usannsynleg at der kan vera hol i samband med avløpsrøyret sin veg gjennom veggen.
 Røyrgjennomføringane er vel gjerne der eg må leite.
I første omgang får eg prøve med skremselspropaganda. 
Kom ikkje hit og ta av overfloden vår. 
Syns nesten eg høyrer dei høgfrekvente kvina frå PEST REJECT.  Får klare seg med det enn så lenge. 
Blir nok ganske så velprøvde metodar etterkvart. Eit velretta slag i nakken eller litt smågodt å ete, som ikkje er så godt likevel. 
Ho flirer godt der ho sit. 
Ho skulle bare visst kva planar eg har.


torsdag 19. mars 2015

Liten krok

Den må tidleg bøyast som god krok skal bli. Eg har latt meg fortelja at denne innretninga er for å halde bilar unna veggen. Erfaring seier meg at dei kan vera rett så effektive til andre ting og. Har du først blitt hykka ein gong, går du ikkje meir rundt i svima med nasen i sky. 
Kanskje familien Hausken skal satse på fast avtale på Ospidale Antonio Perrino.  Nå slapp eg unna med ein halv dag i motsetnad til Helge, som hadde 6 døger der sist sommar. Eg slapp fort inn, etter ein dryg halvtime var det tatt røntgen av handleddet. Det var då ventinga tok til. Lenge og lenger enn lenge sat eg på venterommet for akuttmottaket. Mykje å sjå på, men kjedelig i så stor dose. Ein portør henta meg og viste veg opp til kontoret der ortoped venta. Kølapp og ny venting. Fekk der med meg litt av det som kan styrke fordommane mot Italia. Inn i korridoren kom det to væpna politimenn. Dei sveiv litt framfor døra til legen før dei gjekk att. Tibake kom dei endå meir mannsterke. Nå var dei fem væpna menn og midt mellom dei gjekk  ein mann med handjern og wire fastlåst til handjerna. Det var mann i band kan du sei. Kanskje ikkje typen du ynskjer å møte i ei mørk bakgate. Eg tenkte det og du tenkjer vel kanskje det same du og. Ma _ _ _? 

"Molto gentile" sa portøren om legen eg skulle til. Det var OK at eg kom frå Norge. Sjølv hadde han vore på bryllupsreis med Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes.  Med handa stod det ikkje så ille til, og godt er nå det. Ikkje brot eller brest, men kraftig forstuing. Ein del hevelse er der og. Støttebandasje der og då, bandasje med borrelås og spiler fekk eg beskjed om å kjøpe og bruke i tre veker. Ikkje kjøre bil og halde handa mest mogeleg i ro.  Eg som hadde planar om å ta ein tur med Hondaen når eg kom hit ned. Får nok vente til etter påske med det. Ikkje så lett å kjøre Honda med bare ei hand.

Eg ringde Palma for å høyre om eg skulle gå til lege først eller om eg kunne gå direkte til sjukehuset. Medan eg sat og venta på papira dukka ho opp. Lunsj hos henne og beskjed om at var det noko eg trong hjelp til, skulle eg ringe.  Palma er ein raser med mat. Risotto, brød, ost og salat var meny for dagen. Farsdag vart feira  i dag, og då er det zeppola som gjeld. Av ei røre som liknar røra til vannbakkels vert det trylla fram søtmat av klasse. Kakene blir frityrsteikt og fylt eller pynta med vaniljekrem og som her friske bær.

Då eg svinga inn "heime" var porten låst. Låste den ikkje sjølv då eg for. Løfta så blikket og då, då oppdaga eg det mest positive denne dagen førte med seg. Vekstkrafta til ugraset er stor. Siste eg gjorde i haust før eg reiste heim var å frese min del av jorda vår. Mest så ein skulle tru det var å preparere for god ugrasvekst, og det er det vel og. Ugras trivst vel og i luftig og porøs jord.


Her er dei før og etter bileta som Livar rekna med ville koma. Øvste biletet er tatt før Hondaen fekk første start dette året. Utruleg nok er det nederste biletet og tatt før fresaren var dregen i gang.


Forklaringa er nok at Clemente syns det ville vera greitt for oss å feire  påske her utan at me skulle streve med jorda. Kan vel han vite at nettopp fresing er det eg har gledd meg til heile vinteren. Det er noko av det mest avslappande eg kan tenkje meg å gjera. Då er det bare meg og Hondaen som eksisterer.  Passe på kor djupt fresaren går, halde seg nokolunde til ein bein kurs. Alle tankar utanom det, kan bare ta seg ein pause enn så lenge. Ein treng ikkje sitje i ein stressless for å bli stressless. 

onsdag 18. mars 2015

Ankerfeste i Puglia

Det var som å kaste ut sluken i håp om å få napp. Brått sette sluken seg fast i botnen. Ankerfestet i 
Puglia  var etablert. Heilt frå første gong eg snakka med Palma 23. desember 1997 har ho vore dette faste punktet me har manøvrert ut frå.  På ei sprakande telefon linje frå Brindisi, heilt på hælen av Italia gjorde me dei første avtalane som førte oss vidare, først til samarbeid mellom skulane våre i prosjekt støtta av EU og så vidare som ferievenner og nå heilt til det punktet der me har sommarhus bare nokre kilometer frå kvarandre.
 Ho saman med mannen Ubaldo i Serranova, me i Latiano.  Stella var rektor på samarbeidsskulen Scuola Media Statale Dante Alighieri. Me har hatt glede av henne og etter at samarbeidsprosjektet tok slutt. Sommaren 2005  fekk me låna leiligheten hennar ei dryg veke. Medlemskort i strandklubb fekk me og låne frå ein av lærarane som jobba på Stella sin skule. Det er nemlig slik på ein del strender i Italia, at du må betale, men her er nok av  frie strender og til at ein kan bli både avkjølt på kroppen og våt i håret. Nokre bakkar er bratte og tunge å gå.  Eg har etterkvart oppdaga at italiensk er nettopp som ein bratt bakke. Før i verda var det slik at ord sat klistra etter ganske så kort tid. Nå ser det ut til at limet som skal halde dei nye orda på plass ikkje har så mykje festeevne lenger. Å plukke opp det som vert sagt og dele inn i ord, er ein ting. At eg av og til lukkast i å ta litt av innhaldet i det som vert sagt, er heller ikkje så galt. Men når eg kjem så langt som til å leite fram ord for å prøve å utrykke eit eller anna, då heng eg ikkje med lenger. Det hadde vore så gildt å kunne snakke litt kvardagsleg og enkelt med Lina og Netta, dei to systrene som er våre nærmaste naboar. "Sei un insegnante di inglese quindi non si parla italianohar Lina sagt meir enn ein gong. Eg ser ikkje den for henne sjølvsagte linken mellom engelsk og italiensk. Men for Lina er det annleis, ho nærast slår seg på knea, ristar på hovudet når ho undrast over mine manglande evner i italiensk. Nå er det forresten slik at kommunikasjon kan gå føre seg utan at ein plent treng så mange ord.  Ein kopp espresso seier ofte nok. Når Giovanni, han som hjelper med det tyngste arbeidet i hagen plasserer ein pose på 3 - 4 kilo med sitronar på bordet ved inngangen vår etter at han har oppdaga at det er folk i huset, ja då ser eg det som ei handling som skal vise at me er velkomne. "De sgu bo folk i husan" gjeld nok like mykje i Puglia som i Norge.  Ikkje til å koma forbi at  veldig mange små hus, villette, lami og trulli står tomme. Me fekk oss parkeringsplass ei heil tid før me fekk bil. Eg var innom og fekk meg mat på Taverna di Pascalone i Latiano. Kom i snakk med ho som serverte. Seinare fann eg ut at det er ho som driv Tavernaen saman med mannen sin. Bilar skal ikkje stå utan tilsyn må vita. Om du får deg bil, kan du parkere den hos oss bak høge murar når du reiser til Norge. 
Meggi og Pascalone har me etterkvart lært å kjenne som retteleg gilde folk, gjestfrie og hjelpsame så me kunne ha litt å lære nokon og einkvar. Det var Meggi som kjapt og effektivt skaffa kontakt med lækjar når Helge hadde pådratt eg nyreskade i kollisjon på banen med keeper frå motstandarlaget.  Slik smått om senn har eg tenkt dei skal få smake seg gjennom litt av dei norske smakane.  Nyrøykt laks og Mors flatbrød er testa. Pinnekjøt var ikke noko problem saman med kålrabistappe kokt på Vigrest og frose ned for transport.Finnbiff blir vel neste middag me vil by dei på, men nå blir det bare ei enkel reinsdyrpølse innkjøpt på ByrkjedalstunetEg fekk forresten kjeft på tysdag kveld då eg kom. Sidan eg visste at flyet mitt landa i den tida Meggi gjer klar for servering på restauranten, skulle eg ordne skyss frå flyplassen sjølv. Det vart taxi og det syns den private parkeringsvakta mi lite om. Det var som å kaste pengane rett ut av vindauga. Men mat fekk eg. Alle antipasti rettane kom på  bordet etter tur. Sidan sist var utvalet utvida med trippa. Høyrest kanskje lett og godt ut, men nei. Det har smaka forferdelig når eg før har fått det. Det er kuvom og straks eg får ein bit i munnen er det som om eit heilt melkerom inntek arenaen. Slik har det vore dei få gongene eg har blitt lurt til å forsyne meg av delikatessen. Eg trong ikkje vera høflig, for Meggi likte det ikkje sjølv. Såg litt annleis ut enn det eg har smaka på tidlegare. Det var nok med bittelitt. Det var faktisk bittelitt godt og. Ikkje ganske så påtrengjande kusmak. Fekk eg betala etterpå?  Nei, eg var jo gjest og heime der bilen har budd dei siste 4 månadane, der hadde ho ingenting å servere.

onsdag 25. februar 2015

Dobbelt heldige rett og slett

Det er vel kanskje litt forvirrande når ein fer frå stad til stad og vegane er meir enn mange. Meir enn nok av høve til å kjøre seg vill. Gps er ikkje plent det beste, med mindre ein likar seg i hjulspor med gras som kostar under og gjer sitt beste for å halde understellet reint. Brått må ein stoppe eit bel, blomane ropar etter å bli ein del av den digitale tidsalder. Gult bare er kult. Om det så er ugras, gjer vel ikkje noko så lenge det ikkje er eg som skal få det vekk. Finn ein bare vegen mellom stadene nemnt nedafor, er ein vel belåten.
Me har jammen vore heldige med huskjøpet i Puglia. Dobbelt heldige rett og slett.  Frå før kjende me bare nokre få innfødde i området.  Kollegaer frå tidligare samarbeidsprosjekt med Vigrestad ungdomsskule, no Vigrestad storskule der eg arbeidde frå 1994 til 2014. 
Etter kvart har me og blitt kjende med ikkje innfødde, stort sett delvis eller heilt utflytta rogalendingar.



Pedellen og pedellina har markert seg som sterkt deltakande profilar i vår annektering av 8,5 mål land midt i olivenlundane mellom San Vito, San Michele og Latiano.  «ME tæge dette», var Sofie sine ord etter at me hadde hatt runden  i det som då vart kalla Villa Julie. Anne Marie og eg var hjartans enige, og slik vart det. I oktober 2012 var alle formalitetar på plass. Huset betalt med ein kurs på Nok 7,36 for  € 1.  Hadde blitt ganske mykje dyrare om me skulle gjort handelen i dag. Fantastisk god hjelp har det vore når Livar seinare har hjelpt oss med både det eine og det andre. Einaste hjelpa som ikkje har gått godt, er hjelp me skulle få med hønehald. Ei uproduktiv høne og ei anna høne som viste seg å vere hane, var liksom ikkje det me hadde tenkt oss.

Sommaren 2012, då me fann denne for oss flottaste plassen på jorda, høyrde me snakk om eit par frå Sandnes som var ventande saman med ein skokk med ungar i alle aldrar. Dei var ute i same ærend som oss. Hus ville dei ha, og hus fekk dei. 
Heldige oss. Ikkje bare hus i Puglia, men og mange nye venner. Treng du lys i tunnelen tek du turen til Ikea. Nei ikkje Ikea Bari, det klarer seg med Ikea Forus. I lampeavdelinga der treff du Lill Karin. Triveleg dame det har vore gildt å bli kjent med. Gaute med det gode gliset er ofte å sjå der Lill Karin er. Me er heldige som kjenner han, og heldige må dei vera, dei han køyrer på skuleveg heime i Sandnes. Han er svær til å lage mat og, men eg trur nok Lill Karin gjer meir enn å sørge for leselys til oppskriftsbøkene når  dei lekraste rettar skal lagas til.

Ikkje lenge etter vår etablering i området, vart me gjort merksame på ein utflytta Varhaugsbu som og ville gjera Puglianar av seg. 
Villa, ikkje langt frå Ceglie, med eit stykke jord til og eit udyr mest som sjølve styggen. Terje er ein koseleg mann, som eg helst trur har bomma litt på karriere. Det var operastjerne han skulle ha vore, i alle fall ut frå  stemmeprakt og stemmebruk å døme.  Målfrid er endå ikkje pensjonist, og difor har det blitt mindre fartstid i Ceglie på henne. Gildt å bli kjent med henne og.

Aksel og Lise Lotte bur litt lenger vekke frå oss, der oppe i Cisternino. Dei må  vera dei einaste eg kjenner som har eiga rundkjøring inne på eigedomen sin.
Oljekunnskap til fingerspissane har resultert i pris i USA på særs god kvalitet på olivenolje produsert frå eigne tre.

Trullo Pernoll med innhald skulle mest hatt ein heil blogg for seg sjølv. I ein trullo som er som ein draum, har Gaute og Signe slege seg til ro. Dei har blitt residente og held trullo der sør i Puglia heile året rundt. Det oser kvalitet av både hus og hage. 

Skulle på ingen måte sagt nei takk til byte av medium for avkjøling på den heitaste tida av året.  Vår stamp innbyr ikkje til dei lange symjetaka, men som avkjøling duger det jo.  Noko av det som gjer bebuarane her ekstra interessante, er vekerapporten eg er så heldig å  stå på mottakarlista til. Mange glupe tankar på både store og små spørsmål. Eg hugsar spesielt ein kommentar til kritikk frå norske media til arbeidstilhøva for lausarbeidarar på landsbygda i Italia. Fritt sitert: Alle innvandrarane kan vel ikkje leva av å vandre gatelangs eller strandlangs med heile butikken på skuldrene. 

mandag 16. februar 2015

Kva medisin hjelper på reisesjuke?

Det kriblar, ja det er som noko kryp over ryggen,  det klør i fingrane. Ein tur over tastaturet er det som trengs. Endå er det ein god del dagar att til eg let AirFrance bera meg på venger til Puglia. Men det er nå rart med det, eg ser fram til reisa som om eg aldri før skulle ha vore der. Det ligg myke hugnad i tanken om å fara sørover. Om det enn er aldri så langt borte både i tid og avstand, så er det dei nære tinga langt der sør som lokkar. Det åtte og eit halvt mål store stykket ute på campagnaen på hælen av støvellandet har blitt litt heime. 
Har blomane frå sist sommar overlevd?
Har huset fått stå i fred?
Blir det noko utover året å hauste frå appelsin- og sitrontre? Eller frå ferskentreet, eller epletreet, eller pæretreet, eller plommetreet.
Korleis ligg det an med oliventrea som nokså nådelaust vart rydda opp i sommaren som var?  Alle strevarane, greiner som bare vaks oppover mot lyset, vart fjerna og gjort om til småved. Smågreiner og rusk som ikkje vart funne verdig for omnen vart brent straks. Blir det oliven på trea til hausten att? Håpar det blir ein god haust, slik at Clemente kan få betaling for strevet med å passe på den delen av eigedomen der oliventrea rår grunnen. Han får jo olje som betaling for jobben, og då må det helst bli noko olje av det.
Me kjøpte oss bil for snart to år sidan. Ein enkel og grei Opel Corsa. 
Det store med den er at den går på gass i tillegg til bensin. Skiftar automatisk til gass, så lenge der er noko på tanken. Reservehjulet er bytta ut med gasstank. Skulle det bli behov for reservehjul får me klare oss med tettestoff på boks saman med eigenprodusert pressluft. Bilen har kompressor, ikkje i drivlinja slik som Mercedes, nei bare til å fylle luft. Enn så lenge har den bare blitt brukt til fylling av trillebårehjul og jordfresarhjul.

Eg sjekka akkurat kor mykje det ville ha kome på å leige bil komande året. Nokre tusingar , ja faktisk godt over 20 ville det kome på, og det før drivstoff er 
inne i biletet. Får nok vera glad 
til med bilen sjølv om det ikkje 
vart draumebilen. I kampen 
mellom det praktiske og Fiat, 
gjekk det praktiske av med
sigeren. 
Nå kunne rett nok den eine varianten her hatt plass til meir enn ein bare ein S-pose og den andre ville vel kunne frakte sikkert 6 gester til og frå flyplassen, men bånn gass med Opel er ikkje gale det heller.
Livet på Cda Coltura er ganske så sosialt. Me har fått mange gode minne frå tida me har agert olivenbønder i småskala. Alltid gildt med besøk, få lov å dela med seg litt av det me har vore så heldige å  få hand om. Anne Irene og Arnt Håvard var dei første til å innta villaen. Knut og Helge var innom påsken 2013, Olav Johan, Marit, Åse Marie, Bjørn, Jorun, Ingeborg, Sissel, Reidar var innom i løpet av sommaren 2013. Sist sommar fekk me besøk Knut og Helge, dvs det var ikkje lange stunda Helge sette av i Villa Felizia. Han ordna seg med opphald på Ospidale Antonio Perrini mesteparten av tida han var på hælen av støvellandet i sør. Mona og Tor Sveinung  tok over der Helge og Knut slapp før Asgeir og Eva inntok plassen. Eg visste jo frå gammalt av at Asgeir var glad i det som putra og bråka (totaktslyd av Saab), men at han kunne bytte ut den lyden med bråket frå ei billeg motorsag  var eg ikkje klar over. Trefelling på tvers over vegn på trass av både tau og sterke mannfolk. Nå er der ikkje så mykje trafikk på vegen, så før det kom nokon var vegen rydda. Reidar tok den lange vegen på to hjul og mange kubikk mellom beina. Då han hadde kvilt seg nokre dagar, ein dag ekstra pga av veret, vende han nasen nordover att.
I haustferien var det Alemayehu og Synnøve som kom innom. Dei jobba iherdig, spesielt la eg merke til Alemayehu.  Han prøvde seg med ei kvit lygn som slo veldig godt an hos meg. Ein dag Synnøve og Anne Marie var ute og handla, jobba han med å lempe opp stein på steingjerdet. Då dei kom tilbake kunne han fortelje dei at politiet hadde vore innom og sjekka om det gjekk føre seg svart arbeid på tomta.

Nå til påske reiser eg nedover ei veke før Anne Marie. Ho får reisefølge av Tor, som gleder oss med besøk ei lite veke før sjølve påskeveka.

Litt planar har eg, men det blir helst småputl. Endå veks det på toppen, om enn ikkje så grøderikt som før. Likevel nok til at det vel ikkje kjennest heilt meiningslaust for parrucchiere/frisøren oppi Ceglie å gå laus med saks og kam på det som er att.



Euronics fekk inn ein støvsugar til garantireparasjon sist i september. 

Knappen for av og på virka bare i ei stilling, av. Ingen hjelp i å bruke stikk-kontakten for å få den i gang. Ho som tok imot garantivarene, lova å ta vare på den til mars. Ho skulle passe ekstra godt på at den ikkje hamna mellom uavhenta saker.
Elles gler eg meg til fresing. Det ristar i heile kroppen, bråkar gjer det og, men avslappande som knapt noko anna. Det er vel rett og slett ikkje rom for tankar utover det som trengs for å halde kursen nokolunde bein og sjølv halde seg på beina. Litt voldsom ugrashandtering, men det må nå vera betre enn den økologiske gifta ein av ekspertane snakka om. Eg har forresten kome til at det han snakka om, truleg var nedbrytbare ugrasmiddel.

Eg veit endeleg godt at vêrmeldingane nå for dei to siste vekene i mars er lite presise. 
Det er nok mest statistikk, men litt gildt er det då å sjå at etter statistisk metode kan me rekne med 10 grader meir enn på Vigrest, ein del meir sol kan me nok og rekne med. Det blir sikkert godt vårvêr. 
Nå er det vel nokon som saknar eitkvart her. Eigar av bil og medeigar i hus, er vitale personar i galleriet av nordmenn i Puglia. Andre fins og, dei får vente til eit anna høve med å få omtale.

onsdag 21. januar 2015

Eg tel og tel og talet vert mindre og mindre

Medan eg tel og tel dagar til avreise Puglia og talet vert mindre og mindre, arbeider eg med idear for korleis me kan skaffe oss fleire sengeplasser i Villa Felizia. Påbygg til huset er parkert. Sjølv med søknad og framlagde arkitektteikningar vart det ikkje noko råd på det sporet. 

Så får ein bare vera kreativ og prøve om ein kan få til noko anna. 

Eit anneks i tilnytning til eit lite utedo kan kanske vera ein måte å få det til på. Til det eksisterande bygget er det lagt fram nye avløpsrøyr som endar i dobbel septiktank. Vatn har me sjølv så det skulle ikkje vera noko stort problem å leggje røyr dei få metrane som skal til frå huset. Tidlegare har det vore slik at der det ikkje er tak over, der reknar ein det ikkje som eigen bygning. 
Om det er på denne måten framleis, er eg litt usikker på, men kanskje det kan vera dette sporet me skal halda oss til.
Do under eksisterande tak, dusj under open himmel og soveplass innanfor murvegger, men med tak av lettare konstruksjon enn det som vanleg er. Då blir det heile ein god del mindre ulovleg enn om me finn på å setje opp tilbygg utan godkjenning. 

Teikninga over er bare ei prinsippskisse, men der må vere plass til ei dobbelseng og ei køyseng. Det heile skal bare rome plass til søvn og vask, difor krympar me det ned så mykje som me bare kan.

Kor mange dagar er det forresten att til avreise Puglia?   
Fram til 17. mars er det 54 dagar rekna frå i dag 21.jan.