Mykje av jobben er alt gjort når ein bare får tak i gode arbeidsfolk. Nede i Latiano fann me rustikke materialer. Materialer som står i stil med det rustikke ved Villa Felizia.
Om dei kunne kjøre varene?
Jau, det kunne dei.
Men kva tid då?
Oggi. Idag, akkurat nå, var svaret.
Eg sat på i lastebilen og synte veg. Tor Sveinung fylgde etter i Opelen. Me kom fram trass stor lastebil og smale vegar.
Etterpå måtte me ein tur til Leroy for å få tak i rett utstyr. Det er så mykje lettare når ein kan leite seg fram i hyllene sjølv, og ta den tida me treng.
Me diskuterte litt fram og tilbake kva me trudde ville bli fint. Hamna stort sett på arbeidskaren sine løysningar. Han sette også i gang med grove innfellingar utfrå det som var av reiskapar. Motorsag frå Jula til kr 500,- har vore til god hjelp så langt. 2 tankar bensin har blitt forbrent i "lafteløysingane" Tor Sveinung ville prøva seg på.
Finurlege biletvinklingar kan kanskje vekkje åtgaum. Denne kameravinkelen er særs populær her på bruket.
HMS er ikkje heilt på topp i svart arbeid som dette. Heilt svart er det vel forresten ikkje, for me held kost og losji for både Mona og Tor Sveinung.
Endå lite å sjå enn ei omraming av vindauga, men det går fort for seg, så om ikkje lenge.......
Trelasta frå førre dagen minkar. Endå meir enn trelasta som ligg innved steingarden og ventar på å bli til varme. Det er andre som og vil varme seg på den veden og har eg sett. Det har minka ganske så godt i oliventreveden som ligg innved steingarden.
Medan arbeidaren jobba, tok resten av husfolket seg ein tur på marken i Francavilla Fontana. Det vart eitt og hitt ein fann slik det ofte er når ein blir utsett for kaskadar av juggel, krimskrams og eitt og anna av kvalitet innimellom.
Nærare tre timer etter, når me kom tilbake att, er visst sjølve hovudjobben gjort. Med bjelkar og søyler på plass, er det lett å sjå at dette blir fint. Huset vil garantert sjå betre ut frå inngangssida.
Me har vore forferdeligt redde for at det ville bli lite male og beisearbeid i sommar. Ubehandla trevirke vart kjøpt inn, men ubehandla skal det ikkje få bli så lenge. Brun beis er og kjøpt inn i rikelege mengder, så her kan me gå over anna treverk i same slengens.
Borda på tvers av bjelkane er på plass. Nå er det bare over og underliggjarar som skal på plass, så er taket faktisk ferdig har me tenkt. Spuns tett treng det ikkje vera. Då høpp me bukk over tjørepapp eller anna tetting på toppen. Skulle det visa seg vera nødvendig, lyt me gjera det i ein seinare omgang.
Mest så ferdig at me kan flytte inn gjenbrukshagemøblene våre. Bålpanna får få sin pass litt utforbi. Her er høgt under taket, men ingen sjansar skal tas når det gjeld lauseld.