Translate

torsdag 2. juli 2015

Naiv nordmann?

At det går an? Giottiline er ikkje vanskelig å by drikke. Tørst som den er, tek den med takk imot alt som vert bydd den av flytande. (Eg passar på alltid å by den på noko eg veit den toler, feilfylling er ikkje å spøke med)
Dei dråpane den fekk i går på Q8 litt nord for Bari må ha smaka ekstra godt, forbrytersk dyre som dei vart.  Dei som kjenner meg, trur vel at eg har ei rosenrød oppfatning av alt som har med Italia å gjera. Men nei, så unyansert er det nok ikkje. At ein snau norsk hundrelapp kan få meg til mest å gå ut av mitt gode skinn, har eg problem med å skjøna.  Der var lite folk på bensinstasjonen. 3 pumper etter kvarandre, 3 rekker med pumper og slangar for fylling på begge sider av punpene. I alt 18 plasser for bilar som kunne fylle drivstoff. Er du feit eller kortbeint, ikkje ta deg nær av dette. Han var vel så feit som meg, men kanskje bare med halvparten så lange bein. Fin fyr med andre ord. På utsida av hovudet hadde han ingenting, på innsida hadde han nok til å ta rotta på meg.
Straks han var ferdig med fylling, men ikkje før eg hadde lest av tala på punmpa, jaga han meg bort frå pumpene. Det var som om det skulle stått ei lang rekke med bilar som venta på fylling. Den rekka eksisterte nok bare i hovudet på den kortbeinte fine fyren. Parker der borte, så kan du gå inn og betale med kortet etterpå. Eg kom ikkje på å sjekke talet den litt pene dama på 65 - 70 la inn for betaling. Då kvitteringa var utskriven, såg eg at der var belasta med 65 Euro 
medan det på pumpa viste 55 Euro. "Errore" sa eg. Ho peika ut mot han ved pumpa som akkurat rakk å starte fylling av ny bil. Einaste bil som var inne for fylling og sjølvsagt på mi pumpe. Nå hadde det vore godt med litt italiensk temperament og ikkje minst italienske ord. Svindel og bedrag vart litt tamt, og når dei ikkje fekk anna enn ein fredsæl nordmann sitt trykk bak seg heller, så skremde det ikkje vettet av pumpemannen. Han såg på meg med eit blikk som sa alt ord ikkje rømer. "Eg er lurare enn deg, du han ingen bevis, ikkje kan du snakka forståelig språk heller". Det var kort fortalt den gongen eg fylte diesel til ein pris av 2 Euro pr liter eller Nkr 17,88 Pumpepris på Q8 i går var Euro 1,536  Nkr 13,73.

Hadde eg vore kjappare i hovudet kunne det blitt pumpestikk.  Det vart i staden drivstoff til ein for meg historisk høg pris. Har kjørt nokre mil i Europa, men måtte altså til Puglia for å bli såpass lurt.

søndag 28. juni 2015

Se hvilken morgenstund

Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura Latiano

Tidleg morgon?                  
                           Sein natt?
Klokka er 04:36. Bak skoddeeimen skal der vera eit skip, eg kjenner det på meg. Skipet som tek meg og Giottilinen til Danmark. Så langt unna er det ikkje heller, men i dag må eg på Pc-en for å sjå skipet. 

Under normale forhold skulle eg ha sett skipet frå altanen heime i Helmikhølen. Ikkje for det, nå som me kan ane gløtt av sommar er det vel meir normalt at me ligg her innhylla i skodde. Det er i grunnen eit godt teikn dette, når skodda legg seg som eit slør over landskapet. Det fortel om komande varme.
Der like utanfor Årsland ser eg Stavangerfjord.  Ho skal ein tur til Risavika, deretter vidare til Bergen før Giottiline glir ombord  når kurs er justert og ho tek eit lite opphald att i Risvika.  Så er det beine sjøvegen ut att langs Jærkysten og over Skagerak til Hirtshals. 

Elles må eg bare vedgå at eg har måtta revurdere enkelte ting i livet. Julenissen har eg aldri før trudd på. Det som har gitt seg ut for å vera julenissen har alltid blitt avslørt som ein eller annan  tulling med nissedrakt. Men så har det seg slik at Danmarks nasjonalnisse openberra seg i eigen person i min nevø og nevøse sitt bryllup den 27. juni 2015.
 

Akkurat denne dagen hadde han kledd seg ut i dress, og slik sett ikkje så lett å kjenne att. Så nær nissen har eg aldri vore før. Pakkeverkstaden måtte han la vere att heime, men spør om borna vart glade for pudlar, sverd  og hattar med antenne på. Den vesle tuppen på toppen av antennen gjorde at det vart mulig å ta inn Tyskland på radioen. Han sa det slik, og då må det vel vere sant? At julenissen også kunne trylle med ballongar var nytt for meg.

Se hvilken morgenstund
Solen er rød og rund.
Nina, er gået i bad.
Jeg spiser ostemad.
Livet er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Blomstene blomstre op.
Der går en edderkop.
Fuglene flyver i flokk
når, de er mange nok.
Lykken er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Græsset er grønt og vådt.
Bierne har det godt.
Lungerne fråtser i luft.
Åh, hvilken snerleduft.
Glæden er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Sang under brusebad.
Hun må vist være glad.
Himlen er temmelig blå.
Det ka jeg godt forstå.
Lykken er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Nu kommer Nina ut,
nøgen, med fuktig hud,
kysser meg kærlig og går
ind for at re sitt hår
Livet er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.

Oddvin og naboKari har lova kaffi klar når eg tek ein liten stopp i Øster Hurup før den store kjøredagen min. Giottiline skal rulle og gå, mil etter mil. Eg blir aleine heile den lange kjøredagen, det vil seie Paula held meg med lag. Får satse på å halde meg til venns med henne,  slik at me kjem fram omtrent til Ulm, målet for dagen. Det er gildt å ha slik bubil. Eg brukar å seie at me har to italienske hus.  Det eine huset har 4 hjul og det er bare så greitt. Vert eg trøytt er det bare å ta sovepause. Senga er jo med. Me satsar på ein god tur "sørijønå i mårå".

Sidan eg var så heldig å få sjå den danske julenissen, lurer eg på om eg får sjå den jydske rev på overfarten til Danmark? Korleis reven klarer seg der uti havet skjønar eg ikkje, men sidan eg stadig vekk høyrer om han, må han vel leve i beste velgåande.

lørdag 13. juni 2015

Straks klar for avgang

Villa Felizia, eit lite utsnitt av inngangspartiet. 
Biletet vert oppdatert ein gong i timen

Til sommaren ventar me gjester, og det gledar me oss til. Veldig gildt når lokale rogalendingar kjem innom. Av og til kjem dei innom på besøk, av og til kjem dei innom for å fylle opp vannflaskene sine. Engelskmennene som hadde staden før oss, var retteleg fornuftige når dei kosta på seg boring av brønn. Godt vatn og nok vatn vart resultatet av den jobben. Av og til kjem det innom nokon for å henge opp plakatar i tre. Triveleg det og.

Nå er transportselskapet nære på etablert. Ikkje lett å finne namn. G-line blir litt tamt. Giottiline er vel eit verna merkenam. Nøye berekningar av vekt seier meg at eg bør ikkje ha med meir enn slik flytube med tannkrem, det same av shampo. Av bokserar må eg i allefall ha med den eg har på. Eg kan vel koste på meg eit par T-skorte skift og.
Måtte ein tur innom verkstad her om dagen. Aircondition er ikkje det eg har hatt mest bruk for sidan eg kom heim frå langtur i august i fjor. Varmeapparatet på bubilen har fungert, og det har vel ikkje vore bruk for anna heller. Lause ledningar inni dasbbordet gjer lite nytte for seg. Når folka på Maskin og Autoservice fekk ledningane på plass, så kjøler anlegget meir enn det som trengs her. Men med 15 grader opp, då vil det trengjast, og 15 grader opp ser ut til å vera realistisk å rekne med.
Dei som fer på havet brukar å smørje botnstoff på skroget for at båten skal gli gjennom vatnet med minst mulig motstand. Eg som ferdast på landjorda reknar med å ha nytte av same effekt.

Blank og fin? Kanskje forbruket kan bli ned mot småbilstandard. Blir fort det om forbruket er omvendt proporsjonalt med glansen i lakken.

Reknar sjølv med å vere på plass utpå ettermiddagen onsdag 1. juli. Då har eg 8 dagar på meg til å gjere klar for første innrykk. Aasa og Mons Tore kjem torsdag 9. juli. Me håpar dei får ei veke som kan gje meirsmak. 
Litt redusert velkomstkomite må dei ta til takke med, for Anne Marie kjem først på lørdag 11.juli. "U æ i groen litt heldige au. Fysst får u litt fre hær haima, åsså kjæme u ner te fix færige ferie"
Jorunn og Odd Olav som skaffa seg hus i Spania legg heimturen om Puglia når dei har gjort seg ferdige med sommaren 2015 i Competa.
Helge kjem frå Florø 8. august. Han bør halde seg langt unna ball og fotballbane siste veka før han kjem. Treng ingen reprise på fotballskada son som fekk mesteparten av Pugliasommaren 2014 som pasient på Ospidale Antonio Perrino.
Knut kjem frå Rørvik 11. august. Eg reknar med at han er samd med meg når det gjeld Helge. I staden for Pugliaferie der ein var fri til å gjera som ein ville, vart han og eg pasientvenner for ein kar som budde på toppen av Ospidale med eit utal av trapper å forsere.
2 av desse trappeløpa pr etasje og pasienten i 10 etasje, alt i alt 220 trinn. Helsegevinst fekk me altså utan å vera skrivne inn som pasientar.
Eva og Asgeir er ikkje lettskræmde. Trivselen i fjor var stor sjølv om dei måtte slite for føda. Litt avveksling frå trefelling og kapping av olivengreiner vart det likevel tid til.
La Traviata framført i Cave Fantiano Grottaglie vart  av underteikna sett på som litt tannlaust og bleikt, så ein del ekstra element vart lagt inn undervegs for å auke underhaldningsverdien. Bortkomne billettar, dei hadde hamna heilt utav mitt minne i eit skap der eg legg ting eg vil ta vare på. Siste innsats før sjølve konserten var å like godt legge att billettane heime. Det skal leggjast til at Eva fekk tilbod om  passe på billettane, men kven kunne vel kome på at eg skulle leggje dei att på stovebordet i det me for ut dørene

Om eg ikkje fer feil kan lista av gjester auke. Me hadde då me kjøpte eigedomen tankar om å bygge på, evt lage eit anneks. Det har vist seg lettare sagt enn gjort. Frå kommunen seier dei me bur i "protected area". Våre venner på Taverna di Pascalone seier det dreier seg om ein person på teknisk byggesaksbehandling som er ganske så firkanta. Giottilinen fungerer godt som soverom. Endå til med eige bad. Då held ein standarden for huset elles.

For meg er ikkje knott og mygg noko særleg problem, men nokre av dei som kjem til Villa Felizia blir plaga. Tildels plaga ganske mykje. Kva kategori eg høyrer heime i veit eg ikkje:

Er eg lettlurt og let meg forføre av sjarlatanar eller er eg vitskapleg og stør meg på empiri?Coop har akkurat nå kampanje med mellom anna Mosquito Magnet. Godt nedsett på pris, men likevel meir enn dyr nok om den ikkje fungerer. Frå to uavhengige kjelder har eg høyrt rosande omtale om denne straum og gassdrivne myggfella. Då får ein tru det vert myggfritt på både vår tomt og hos naboane. Fella skal dekke eit område på ca 4 mål. 

Å bestemme seg kan til tider vere vanskelig nok. Skal, skal ikkje, skal, skal ikkje, . . . . . . . . . . 
Ein gjenstand på omtrent 100 kg kunne godt ha voremed sørover, men akkurat nå er valget gjort. Den får bli heime og vente på børt. Sommaren 2016 får bli ABC pejs sin store utanlandstur. 
Den fekk hard medfart i flaumen 7. august 2014. Den datoen har blitt det store vannskillet her i huset. Før/etter; alt kan relateras til den dagen vatnet stod 80 cm over golvet i heile kjellaren vår. Det vart og starten på ei kjellarrydding som hadde vore på overtid ganske lenge. Sjølvsagt leitt med det som måtte kastast, men utruleg og kor mykje me tek vare på utan at me har bruk for det i det heile.

Eg kan ikkje garantere at eg ikkje får over meg meir inspirasjon før eg fer. Du får melding på FaceBook i så fall.

torsdag 4. juni 2015

Giottiline i fast rute mellom sør og nord


Den gamle Samsungen jobbar jamnt og trutt. Kvar dag. Kvar time. Nå er det ikkje slik at me sit planta framfor skjermen til ei kvar tid, men ein kikk innom rett som det er blir det fort.
Nå kan me sjå korleis ugraset veks, dag for dag, time for time som eg sa  då mobilen var sett på plass i soveromsvindauga. Første par tre vekene i mai var nok tørre, for den nyfresa røde jorda vart ikkje forstyrra av "erbaccia" (ugras). Men så må det ha kome nedbør, for i løpet av dei par siste vekene har det grodd til så ein mest skulle tru det var plen me ville ha.



Det var vel denne eg skulle hatt. Når den klarer seg heilt oppunder toppen av Etna, ville den vel klart beinvegen sør gjennom Tyskland og over Alpene på direkten. Kunne ha korta inn ein del på dei par tusen og litt til kilometrane frå Hirtshals til Latiano. Ruta denne gongen går via Ulm og vest for München, tilsaman 2589 km iflg ViaMichelin


Nei, transportøren får nytte seg av det materiellet som er tilgjengelig.  Giottiline har rute mellom sør og nord. Endå ikkje registrert i Brønnøysundregisteret, men fast rute er det. Ein tur sørover og ein tur nordover. Kvart år. Fjerde året på rad blir det nå i år. Dei som har eller har hatt bubil med totalvekt 3500 kg veit at det kan vera ein kunst å halde seg under vektgrensa. I år blir det ekstra mykje frakt, såpass at motorsykkelstativet bakpå blir teke i bruk. Me vil ha ny vedomn må vite i villaen, og då har det laga seg slik at me har kome over ein grei her som kan tas med sørover. Varme frå nord til sør kan du seie. Blir nok første gong ABC-pejsen varmar med ved frå oliventre.
Hadde meg ein tur til Krossmoen for å vege ekvipasjen. 3420 stod det på vekta. Full tank diesel, halvfull tank vatn og heilt edru sjåfør. Gjekk likevel ei tid før eg kom på at minstesonen hadde eit heilt lite flyttelass i lasterommet. Måtte melde til  han for å høyre kva det veg det eg kjører rundt med i bilens buk i påvente av at det skal bli klart for avlevering på Brusand. 123 kg var svaret.

Då blir reknestykket slik:   3420 - 123 = 3297    
Ledig vekt blir  3500 - 3297 =  203 kg.

ABC-pejs                            ca 100 kg
Vedkløyvar til Villa Serena       40 kg
Ledig kapasitet                    ca   60 kg   

Nokre veker att endå til start. Tida går fort den. Om ikkje lenge kan eg fare på spegeljakt i smale italienske småbygater.  Så langt er trofeveggen tom, men eg har lagt ned ein, og skadekjørt ein annan. Vil ein ta seg ubemerka gjennom gatene er det nok betre å kjøre lånebilen.



torsdag 30. april 2015

WebCam Villa Felizia, Cda Cultura Latiano

Eg har lenge hatt lyst på ei WebCam samling i bloggen min.


I nærområdet finn ein WebCamera i Mesagne, San Vito dei Normanni  og San Michele Salentino. Desse byane ligg bare få minutt med bil frå huset vårt på Cda Cultura. 

Eit bilete frå innkjøringa til  Villa Felizia  huset vårt har det og blitt råd med. Der kan me, og eventuelt andre interesserte få med seg det som skjer innanfor området kameraet dekker og i dei periodane der det blir tatt bilete. 

mandag 27. april 2015

Dødsforakt får liksom ny meining

Fast spalte.  Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura Latiano
Felizia Villa Felizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Feizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia Villa

Ein rask GÅtur før frukost vart det tid til før avreise frå Giarre.
Nedfallssitron
Papegøyeblom (Sikkert uautorisert namn på denne planten

Trompetplante
På veg heim frå Giarre til Latiano måtte Paula trø til att. 
Når eg kjører aleine, er det litt selskap i henne, sjølv om ho mest styrer med sitt. Syns i det minste ho kunna ha lest som ho høyrde etter, men har etterkvart funne ut at eg snakkar for døve øyre når eg seier noko til  henne. Av og til lurer eg på om ho feilar noko, for ho er veldig utveljande i det ho vil snakke om. Sving til venstre, sving til høgre, ver forsiktig, om ein kilometer sving .....

Frå Giarre til ferjeleiet i Messina er det omkring 75 km. Siste 12 km er i Messina by, om ein let seg leie av Paula. Dersom noko kan kallast makelaust,  må det vera trafikken gjennom nett den byen. Eg har aldri vore borti liknande. Dei første 63 km frå Giarre tok ikkje mykje meir tid enn dei siste 12 km til ferjekaien. Ein ting var scooterførarane. Det var litt sånn bånn gass fram til neste lyskryss for der å posisjonere seg for neste angrep. Straks lyset skifta frå raudt til grønt, ja helst litt før, surra det av illsinte vepsar som bare skulle fram. Mottoet må ha vore, det vil helst gå godt. Dødsforakt får liksom ny meining når ein ser ein scooter kome på tvers inn i eit kryss der trafikken har grønt og bilane flyt framover som ei litt stri elv. Føraren av scooteren vrir på hovudet og tek ei hyperrask avgjerd, luka i kryssande trafikk er akkurat stor nok til at han slepp å vente på grønt lys.
Eigentlig godt at ikkje maken min var med. Det kunne kome til å halde hardt i forhold til golvet i bilen. Den bremsinga som ikkje hjelper anna enn til å halde spenningsnivået på topp i passasjersetet, hadde truleg ført til deformering av fotbrønnen på passasjersida av Corsaen.  
To kjørefelt i begge retningar skulle ein tru kunne svelge unna ganske så mange bilar. Hadde det ikkje vore for tette rekkjer med bilar parkert ein halvmeter ut i det høgre kjørefeltet, så hadde nok trafikken glidd meir smidig. Dobbelparkering kvar 50 meter omtrent, gjorde det ikkje lettare å få fin flyt. Ein gong høyrde eg ei intens tuting. Det kan vel aldri ha vore meg dei tuta på. 
Eg har kjørt i Oslo, Stockholm, Hamburg, Berlin, München, Amsterdam, Brüssel, Paris, Barcelona, London og Roma. Endåtil i Bergen gjekk det bra. Ein treng forresten ikkje reise langvegs nettopp for å drite seg ut bak rattet. Har kollidert med fruen heime, så og seie i gardsrommet. Ikkje var me sinte, og i bil var me begge. Ingen personskadar, men sure tusenlappar for fiksing av skade. Bommen ved Skjævelandbrua var ein gong årsak til at eg ikkje bomma på ein bil, som etter mi meining fullstendig umotivert stansa og venta på møtande bil då dei skulle svinge til venstre. Dei kunne jo bare kjørt på, så hadde eg bomma og ikkje truffe.
Nei, nå rota eg meg visst vekk. Hadde ikkje m kjære men akk så einspora Paula så stødig losa meg fram, hadde eg kanskje rota meg såpass vekk at eg hadde måtta booka både ei og to ekstra overnattingar på Sicila før Vestfold fekk meg tilbake til fastlandet
Ein liten kommentar til vegstandard: Ein høyrer  rett som det er at topografien i Norge gjer det både dyrt og vanskelig å byggje gode vegar. Korleis dei får det til her skjønar eg ikkje. Motorveg av ganske høg klasse framført på bruer og i tunnelar av ein standard som faktisk er minst på linje med, kanskje heller høgare enn det me får til i Norge. 
Etter det som kjendest som fleire timar i kaos, dukka redninga opp. 

Vestfold låg ved kai. Eg var berga.

torsdag 23. april 2015

Kunst er så mykje. Kan me kunsten å dela?

Fast spalte.    Daglege oppdateringar. Klikk deg innom på:
Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura Latiano
Felizia Villa Felizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Feizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia Villa




Bydag i Catania. For å sleppe bykaos og leiting etter parkering vart toget løysinga på transporten. Italienske tog er me ganske så vane med heime og. Togsetta på Jærbanen har sitt opphav i Italia.



Ein halvtime tok turen, og då var eg nokså midt i Catania. Flott jernbanestasjon, med enormt mange ikkjeitalienar rundt i heile området.
Eg hadde sett meg ut bare ein ting eg ville ha med meg utanom vandring i gater og smau. Men mat måtte eg ha, og då var blekksprut og ein slag stuing/salat  det som frista mest. Gulrot, sangselleri, paprika, pinjekjerner, rosin, melanzane, olje og tomat var det eg kunne lokalisere av innhaldet. Sikkert litt søtt og surt og.

Tok meg god tid med maten, og underhaldning var der meir enn nok av for ein som er forviten, og det må eg vedgå at eg er.
Hit til Castello Ursino var det eg ville. Først og fremst for å sjå verk av  
Som bonus fekk eg også med meg kunstverk heilt frå før Kristi fødsel.  

Tilbake til Picasso. Har visst sett eit og anna verk av han før, men aldri ei så stor samling som dette. Hadde forresten god hjelp av Picasso 4 - 5 dagar i Nord-Frankrike for nokre år sidan, men det var ein bil. 

Kunstnaren var genial, det kan det ikkje vera stor tvil om.




Høyrest kanskje "tosje" ut, men der Etna i all sin majestet vann siger i går, var det denne vesle kermikkflisa på 10 - 12 cm som var det største i dag. Kjempestor i sin genialitet og samstundes ganske så liten og beskjeden.

Tilbake til stasjonen ville eg ta turen via hamna. Spurde ein utanfor Castello Ursino om retning. Gå nedover der, det er retninga, du kjem til hamna etterkvart.

Kanske ikkje byens aller beste strok, men ikkje så heilt gale heller. Mange fråflytta bygningar, men tydeleg at mesteparten av husa budde det folk i . Bilverkstad med lokale på fortauet. Klesturk på stativ på fortau som var smale nok frå før. 
Nesten framme ved hovudvegen langs hamna, stoppa det ein bil. 2 velkledde italienar i bilen gav meg råd om å velje ein anna veg tilbake. Ikkje bra folk her var forklaringa deira. Eg tok rådet og kom meg heil og sæl tilbake til sentrum att. Kunne sikkert gått same veg tilbake som eg kom, men sidan dei først tipsa, kunne eg jo gjere som dei sa. Tenk om det var dei to som var skurkane midt i all sin velkleddhet og hjelpsame ytre.
Her er det forvitring og forfall som er kunstnaren sitt namn. Går ein tett på er det faktisk mulig å sjå det vakre midt i all elende.
Du kan sei det slik at det er nok ei stund sidan sist det budde folk fast her.
Blokka var att i bilen. Elles var motorrmmet nokså ribba. Tydeleg ein bil under arbeid. Inne under tak var der ikkje plass.

Etna set sitt preg på mangt og mykje her. Dei svarte steinare i veggen er nok laga av nedfall frå utbrot i eller ved Etna.
Såg ikkje heilt godt ut, men eit slag system må det vera. Tydeleg spor etter maskinar som sikkert hadde fjerna mykje av det var kasta her for å gjere plass for nytt avfall.

Billett tilbake til Gieraa Riposto og B&B CasAnsaldo fekk eg for Euro 2,80. Skal ein først samanlikne med heime, må det vere ein tur til Bryne frå Vigrestad. Tenk deg då ein pris på omtrent kr 24. Ikkje er togsetta heime så omsorgfullt dekorert heller.


Leger uten grenser var tilstades på perrongen.
Tid for avgang nærma seg. Det vart litt hektisk. Ei større gruppe personar skulle reise. Kviner, barn, menn,  mest unge. Væpna politifolk som er det normale her, såg til at alt gjekk rett føre seg. Kamerafolk, 2 stk. Kva skjer?

Eg vart ståande med kamerakarane og ei ung dame som var i lag med dei. Det var stappfullt ombord i vogna.  Dei var amerikanar på oppdrag for å lage stoff om ulovlege immigrantar og kva som vil skje med dei.
Tettare på katastrofen som utspelar seg i Middelhavet kjem eg nok ikkje.
Eg såg at immigrantane hadde føter, dei hadde armar, dei hadde auge, munn, nase, øyrer, i det heile var dei veldig så like deg og meg. Ein forskjell er der nok likevel. I det store lotteriet var det visst me som gjekk ut med gevinst. Så er det kanskje for lettvint å dømme folk som seier nei til flyktningane som tek seg over Middelhavet for å få seg eit lite stykke av velstandkaka vår. Eg har slett ikkje svaret. Er red løysing er vanskelig å finne. Lett nok å seie ein vil dele, men korleis gjer ein det på eit fornuftig vis?

Nådde ikkje heilt til topps på Etna, men kanskje like godt det.

Fast spalte.    Daglege oppdateringar. Klikk deg innom på:
Ugraset veks, dag for dag på Cda Cultura Latiano
Felizia Villa Felizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Feizia  Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia  Villa Felizia Villa Felizia Villa


Eg har hatt fleire mål med denne turen til Sicilia. Ein dag i Catania ville eg ha med meg. Dessutan ville eg gjerne hatt ein tur opp i høgdene rundt Etna. Frå B&B i Giarre kan eg sjå rett opp mot Etna. 








Det er eit majestetisk syn. Antoni, verten her rådde til å la Il Meteo bestemme kva dag eg skulle på vulkantur og kva dag som ville passe med bytur.
På den 33 km lange vegen opp til Rif Sapienza kjørte eg gjennom den eine småbyen etter den andre.  I Zafferana måtte eg bare stoppe for å proviantere. 

Eg er ikkje alltid godvenn med Paula, ho som sit inni boksen og fortel meg om eg skal til venstre, rett fram eller høgre. De er litt sport i det å klare seg med min eigen innebygde variant. Her måtte eg bare lya Paula. Med så mange forskejllige smale vegar nytta det ikkje å prøve å halde retninga sjølv.
 ligg like ved der eg parkerte. Ut frå det eg der såg, rekna eg med ein time eller to så ville eg ha sett det som der var verdt å sjå. Gråsvart lavastein. Stiar, mykje brattare enn biletet fortel og laus ganske grov mest som singel å gå i. Godt jobba syns eg etter ein ganske kort tur ut i det svarte.
Før retur tok eg meg ein tur bortover parkeringsplassen til fots. Måtte liksom ha med meg alt, og de var der alt var. 
I kabelbane kjem ein til vers utan å kave med pusten. Lufta er jo tynn her oppe.
Skikkeleg vulkanutforskarar nøyer seg ikkje med å henge og dingle i lufta i 10 min. Nå vart det snowmobil vidare oppover. Me var forresten ikkje aleine på motordriven tur opp til 2500 meter høgd. I det som likna ei 3-4 meter djup grøft, snegla dei mest firehjulsdrivne bussane eg nokon gong har sett seg opp til same stad der me fekk transport. 


Ikkje så direkte opp då som dei beltedrivne farkostane kunne ta seg fram. Eg måtte ta spenntak for ikkje å gli av setet. 

Kratervandring med guide.Lærte meir om vulkanar denne dagen enn eg har gjort på alle mine 59 føregåande år.
Lang lang rekkje, kven vil ut av rekkja gå?
På 2500 meters høgde over havet er det endå att 800 til toppen av Etna. 

Krateret me vandra rundt her er faktisk så nytt som frå 2001. Mot aust, dvs til høgre på biletet ser de at kanten av krateret er høgare. Det er på grunn av at vinden stod på frå vest når utbrotet fann stad og nedfallet kom av den grunn på aust.

Dette krateret er mykje eldre. Valle del Bova måler 7 km eine vegen og 5 km andre vegen.
På bare få minutt endra det seg frå å vere gøymt bak ein skydott til dette:

Eg spurde ikkje, men på fjesa å døme var me alle nøgde med dagen. Døra på snowmobilen måtte opnast på nedturen. Det vart steikande varmt inni der, og sveitte kroppar dogga ned vindauga på ein blunk. Skulle det hende seg slik at du fer forbi Giarre ein gong, nøl såpss at det blir ein stopp. Ein dag på Etna er verd  kavet med å kome seg opp via bil, kabelbane og snowmobil. Eg tek gjerne turen på ny, men i dag er det Catania som gjeld.