Translate

torsdag 4. juni 2015

Giottiline i fast rute mellom sør og nord


Den gamle Samsungen jobbar jamnt og trutt. Kvar dag. Kvar time. Nå er det ikkje slik at me sit planta framfor skjermen til ei kvar tid, men ein kikk innom rett som det er blir det fort.
Nå kan me sjå korleis ugraset veks, dag for dag, time for time som eg sa  då mobilen var sett på plass i soveromsvindauga. Første par tre vekene i mai var nok tørre, for den nyfresa røde jorda vart ikkje forstyrra av "erbaccia" (ugras). Men så må det ha kome nedbør, for i løpet av dei par siste vekene har det grodd til så ein mest skulle tru det var plen me ville ha.



Det var vel denne eg skulle hatt. Når den klarer seg heilt oppunder toppen av Etna, ville den vel klart beinvegen sør gjennom Tyskland og over Alpene på direkten. Kunne ha korta inn ein del på dei par tusen og litt til kilometrane frå Hirtshals til Latiano. Ruta denne gongen går via Ulm og vest for München, tilsaman 2589 km iflg ViaMichelin


Nei, transportøren får nytte seg av det materiellet som er tilgjengelig.  Giottiline har rute mellom sør og nord. Endå ikkje registrert i Brønnøysundregisteret, men fast rute er det. Ein tur sørover og ein tur nordover. Kvart år. Fjerde året på rad blir det nå i år. Dei som har eller har hatt bubil med totalvekt 3500 kg veit at det kan vera ein kunst å halde seg under vektgrensa. I år blir det ekstra mykje frakt, såpass at motorsykkelstativet bakpå blir teke i bruk. Me vil ha ny vedomn må vite i villaen, og då har det laga seg slik at me har kome over ein grei her som kan tas med sørover. Varme frå nord til sør kan du seie. Blir nok første gong ABC-pejsen varmar med ved frå oliventre.
Hadde meg ein tur til Krossmoen for å vege ekvipasjen. 3420 stod det på vekta. Full tank diesel, halvfull tank vatn og heilt edru sjåfør. Gjekk likevel ei tid før eg kom på at minstesonen hadde eit heilt lite flyttelass i lasterommet. Måtte melde til  han for å høyre kva det veg det eg kjører rundt med i bilens buk i påvente av at det skal bli klart for avlevering på Brusand. 123 kg var svaret.

Då blir reknestykket slik:   3420 - 123 = 3297    
Ledig vekt blir  3500 - 3297 =  203 kg.

ABC-pejs                            ca 100 kg
Vedkløyvar til Villa Serena       40 kg
Ledig kapasitet                    ca   60 kg   

Nokre veker att endå til start. Tida går fort den. Om ikkje lenge kan eg fare på spegeljakt i smale italienske småbygater.  Så langt er trofeveggen tom, men eg har lagt ned ein, og skadekjørt ein annan. Vil ein ta seg ubemerka gjennom gatene er det nok betre å kjøre lånebilen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar