Tidleg morgon?
Sein natt?
Klokka er 04:36. Bak skoddeeimen skal der vera eit skip, eg kjenner det på meg. Skipet som tek meg og Giottilinen til Danmark. Så langt unna er det ikkje heller, men i dag må eg på Pc-en for å sjå skipet.
Der like utanfor Årsland ser eg Stavangerfjord. Ho skal ein tur til Risavika, deretter vidare til Bergen før Giottiline glir ombord når kurs er justert og ho tek eit lite opphald att i Risvika. Så er det beine sjøvegen ut att langs Jærkysten og over Skagerak til Hirtshals.
Elles må eg bare vedgå at eg har måtta revurdere enkelte ting i livet. Julenissen har eg aldri før trudd på. Det som har gitt seg ut for å vera julenissen har alltid blitt avslørt som ein eller annan tulling med nissedrakt. Men så har det seg slik at Danmarks nasjonalnisse openberra seg i eigen person i min nevø og nevøse sitt bryllup den 27. juni 2015.
Akkurat denne dagen hadde han kledd seg ut i dress, og slik sett ikkje så lett å kjenne att. Så nær nissen har eg aldri vore før. Pakkeverkstaden måtte han la vere att heime, men spør om borna vart glade for pudlar, sverd og hattar med antenne på. Den vesle tuppen på toppen av antennen gjorde at det vart mulig å ta inn Tyskland på radioen. Han sa det slik, og då må det vel vere sant? At julenissen også kunne trylle med ballongar var nytt for meg.
Se hvilken morgenstund
Solen er rød og rund.
Nina, er gået i bad.
Jeg spiser ostemad.
Livet er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Blomstene blomstre op.
Der går en edderkop.
Fuglene flyver i flokk
når, de er mange nok.
Lykken er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Græsset er grønt og vådt.
Bierne har det godt.
Lungerne fråtser i luft.
Åh, hvilken snerleduft.
Glæden er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Sang under brusebad.
Hun må vist være glad.
Himlen er temmelig blå.
Det ka jeg godt forstå.
Lykken er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Nu kommer Nina ut,
nøgen, med fuktig hud,
kysser meg kærlig og går
ind for at re sitt hår
Livet er ikke det værste man har
og om lidt er kaffen klar.
Oddvin og naboKari har lova kaffi klar når eg tek ein liten stopp i Øster Hurup før den store kjøredagen min. Giottiline skal rulle og gå, mil etter mil. Eg blir aleine heile den lange kjøredagen, det vil seie Paula held meg med lag. Får satse på å halde meg til venns med henne, slik at me kjem fram omtrent til Ulm, målet for dagen. Det er gildt å ha slik bubil. Eg brukar å seie at me har to italienske hus. Det eine huset har 4 hjul og det er bare så greitt. Vert eg trøytt er det bare å ta sovepause. Senga er jo med. Me satsar på ein god tur "sørijønå i mårå".
Sidan eg var så heldig å få sjå den danske julenissen, lurer eg på om eg får sjå den jydske rev på overfarten til Danmark? Korleis reven klarer seg der uti havet skjønar eg ikkje, men sidan eg stadig vekk høyrer om han, må han vel leve i beste velgåande.
Sidan eg var så heldig å få sjå den danske julenissen, lurer eg på om eg får sjå den jydske rev på overfarten til Danmark? Korleis reven klarer seg der uti havet skjønar eg ikkje, men sidan eg stadig vekk høyrer om han, må han vel leve i beste velgåande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar