Translate

fredag 28. april 2023

Dette vil me helst ikkje ha i reprise

Mangt og mykje ein skal oppleve på veg sørover til vårt eige pugliaradis. Ein venn hadde sterke tilrådingar som gjaldt ferda gjennom Danmark. I Hjørring, nærare sat i Skolegade 1A finn ein ein børstebinder. 
Oppvaskkost kjøpt der for meir enn 20 år sidan er framleis fullt operativ. Eg tok på meg å skaffe ein oppvaskkost til kvar av min venns tre døtre. Tid hadde me, og vegen innom kunne snaut kalles omvei. 5 meter frå inngangsdøra til kostebinderiet fann me plass til parkering. Vel innføre døra fekk me akkurat tid nok til å beundre kostar og børstar av alle slag. Kortvarig nyting av håndverk av klasse. Børstebindaren dukka opp frå sjølve verkstaden. Kva ærende hadde vel me? Me vil kjøpe oppvaskkostar rakk me å få sagt, før ein rett og slett krakilsk kostebindar vende piassavabustene ut, kva faen er oppvaskkost? Slik seier Oslofolk. Han lira av seg meir om jævelskap, utan at eg fekk heilt tak i kva han meinte. Det virka mest som han var i ferd med å eksplodere. Eg var vel nærare å implodere, snudde ryggen til mannen og fann døra ut. Banning ligg ikkje for meg, så det vart med IDIOT. Trur ikkje mannen høyrde det, og om han så gjorde tenkte han kanskje eg karakteriserte meg sjølv.

1 kommentar:

  1. Som oppdragsgiver må eg tilstå at eg laug. Børstene/kostane var ikke til mine døtre, de var til tre rogalendinger som omgås jevnlig i Puglia.

    SvarSlett