Translate

fredag 14. april 2023

"Dette tæge me" i reprise.


 At det vert ver er temmelig sannsynlig. Kva ver det blir er det verre å spå om, men det fins dei som spår og då spør eg dei. Basert på statistikk med grunnlag frå vel 30 år presenterer IlMeteo desse temperaturane for dei første dagane i mai. Greitt nok det, me reiser jo ned til Puglia nå sist i april nettopp for å få desse temeperaturane. Sommaren blir fort for varm. Det fins jo grenser for kor varmekjære me har blitt etterkvart som alderen tek oss att.
Som dette såg det ut sommaren 2012 då me var på visning i villa Giulia. "Dette tæge me" sa Sofie då ho stakk hovudet ut døra etter å ha vore runden i huset som seinare vart vårt. Om der var andre som ville ha huset har eg ikkje peiling på, men me, det vil seie Sofie , Anne Marie og eg ville ha det.
Nokre år har gått, nære på 11 i talet.. Ingen Sofie har vore med på visning og sagt           " Dette tæge me".  Det har vore interessentar, men anten har dei fælt seg av, eller så har dei ikkje hatt same sansen for enkle, men likevel stilige løysningar på bad.  

Når no kontrakten med meklar gjekk ut, stod det ingen kø av folk som ville sjå. 
Heilt i siste oppløp, dukka det opp nokre tyskarar, men det høyrdest veldig laust ut. 
Me valde å avslutte når kontrakten gjekk ut 10.april.  Me satsar på fleire gode år der sør i varmen. Me treng jo ikkje akkurat å oppsøke dei heitaste tidene i juli og august. Hugsar ei veke i den perioden for 2 - 3 år sidan. Over 40 grader på dagtid heile veka, ein av dagane heilt oppi 43. 
Vatn for avkjøling har me rikeleg av, og denne sommaren tek me sjansen på at ingen stel dei 26000 litrane med vatn, heller ikkje stålramme og duk til bassenget. Pumpa tek me inn og kamera set me opp slik at me kan følgje litt med medan me er på sommarferie i Norge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar