Translate

søndag 9. april 2023

 

Kva er det vel med dette fjell-landet. Ja, for fjell-land er det og det ser du rett så godt på dette 3D kartet. I nord omkransa av Alpene, som så går over i ein fjellrygg med liguriske Appeniner først og så Appeninene langs heile støvelen. Calabria rundar av det heile i sør ved Reggio Calabria. Før ein fer over Messinastredet til Sicilia, der er det faktisk liv i eit av fjella, Etna. Det ryk frå krateret på toppen av Etna, synlig i store deler av det austlege Sicilia.
Det vart litt klatt med reisinga sørover via Nederland.  På grunn av manglande fast kaiplass i Eemshaven har det vore mange kanselleringar dei siste månadane for Romantika. Ikkje for det, me hadde jo tålt å måtte vente eit ekstra døgn, men det kjendest såpass usikkert at med valde å be om refusjon for det me hadde lagt ut. 
Då blir det Superspeed frå Krisitiansand. FjordFSTR har starta sesongen, men etter å ha reist ein gong med den vil me nok heller satse på Colorline. Me opplever den som ein stødigare båt i litt sjø.
Me likar ikkje å stå opp midt på natta for å nå fly frå Sola til Amsterdam. Likar like lite å stå opp midt på natta for å nå båt frå Kristiansand 08:00. Då blir det kveldsavgang frå Helmikhølen og nattely i Citybox Kristiansand, minner mest om ein annan box eg i si tid overnatta i på flyplassen i  Zürich. 
Litt over 11 neste føremiddag kan me utkvilte, opplagte og mette ta i veg på første skikkelege etappe  av turen vår. Frukost ombord på Superspeed er ikkje å forakte. 

Blir me svoltne att, får me finne fram matpakke frå båten. Kaffi på termos, vatn på flasker og litt attåt. Det blir vår taxfrikvote på den overfarten, ja for taxfri må det vera. Betydeleg dyrare om me skulle kjøpe same mengde mat på bensinstasjon i Danmark eller på Raststelle i Tyskland. Me gjorde det same ein gong tidlegare, og fant ut det var god verdi for kronene. 
Me har fore sør - nord nokre gonger no, og tek til å kjenne att lommane utan å plent seie at me er heilt lommekjente.  Ved Peißen fins det eit hotel like ved autobahn som me tek sikte på å ta natt på. 
Då har me lagt bak oss 87mil, det er i grunnen nok syns me. Etter ein dugande frukost på H+ Hotel  bør me vera klar for  legge bak oss nye 85 mil. 
Med slike etappar blir me ikkje utslitt på ferda.  Locanda Cà Orsa, Località, Caorsa, 10, 37010 Affi er siste eller nest siste overnatting før me når målet.

Me har fleire venner som driv på med same sporten som oss. Mykje fint er sagt om Affi, og dette året passa det for oss å overnatte i det minste ganske nære.
93 mil att å kjøre før me kan låse opp bommen og trille ned mot huset. Me trillar kanskje litt lenger og, nedover under oliventrea slik at bilen ikkje viser så godt for forbifarande fantar som har lyst på eitt spikk. Endåtil presenning til å dra over kan det fort bli, då viser ikkje refleksane på bilen så godt.  Merkelig nesten at me ikkje har blitt endå meir paranoide etter tidlegare opplevingar på den adresselause adressa. Ingen har adresse for å nå oss anna enn dei ubedne gjestene, ser ikkje ut som dei treng det heller.
Me reknar med at huset står som me forlet det i midten av desember. Har ikkje fått noko form for melding fra VigilNova, vaktselskapet, og då er det lite grunn til å tru at ikkje alt er som det skal vere. Dei små søte firbeinte ser ut for å ha gitt opp. Sjølv mugg har måtta gi opp i møte med eit par luftavfuktarar med kapasitet opp mot 20 l kvar pr døgn. Nå har dei ikkje fått lov å gå meir enn 8 timar kvar pr døgn, men det har vore nok før og er truleg nok også i år. 
Elles er jo det store spenningsmomentet stadig vekk om dette blir siste visitt på Contrada Coltura. Kontrakt med meglar går ut måndag 10. april. Ikkje at det har vore noko run av interessentar, men nå heilt i oppløpet dukka det opp nokre tyskarar som i det minste har vist litt interesse. Skulle ynskje eg ikkje var slik ein virrefant som eg til tider kan vera. Nå som nattebesøk kjem meir på avstand, blir trongen for å selje mindre. Skal sikkert klare å slappe av der sør nokre år til om ikkje tyskerane  trør til ganske så fort. Etter at kontrakt med meglar er over, blir det nok ikkje noko sal av huset i denne omgang. 
Ser det slik ut når me kjem fram seint på lørdag kveld, eller ein gong på natta, då bør alle klokkar ringe.  VigilNova bør ha kome oss i forkjøpet. Vil nok helst tru det er svarte natta, fram med det som lyse kan, og så ta oss inn i det etterlengta målet for reisa vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar