Translate

tirsdag 9. mai 2023

Klar for innrykk frå Valdres

 

Ferda over fjorden var fin den. Stille og rolig gjekk det føre seg. Merka ikkje noko som helst av sjøgang.  Det gjekk an å nyta frukostbuffeten. Ein bitteliten dasj softis saman med melon vart det og plass til på tallerken mot slutten av måltidet og turen.
Me  var i fint følgje over Skagerak. Ei 1300 boble frå 1969 heldt lag med Kodiaqen vår medan me nytte livet nokre dekk oppover i Superspeed1.

Frå gammalt av, har me stoppa rett så menge gonger her på Raststelle Hüttene Berge. Å få lov å fylle drivstoff på sida av ein ekte Trabant er ikkje noko ein gjer kvar dag. Er vel ikkje alle som skjønar kor stort det er heller. Karosseri av cellulose. Er er vel ikkje rusta som tek knekken på den vil eg tru. Knatrande lyd, meir som ein liten moped.
Utan mat og drikke, seiest det. Utan søvn vil eg leggje til. Ei natt på H+ Hotell ved Peissen gjer oss klar for ferda vidare gjennom Tyskland og Austerrike. 

Nord i Italia, i Affi tok me inn på Ca'Orsa. Trivelig vertskap, god mat, bra seng, fint rom og ein dusj som var så liten at eg måtte puste godt ut og halde den til eg var ferdig med dusjinga. Baderommet var forresten ganske så stort det.
Litt bomkjøring får me tillate oss når me forlet autostradaen. Men me fekk oss nå mat nede i hamna av Ortona. Litt mathandel på ein MD butikk vart det og råd med. 
Vel framme såg me resultatet av uvanlig mykje nedbør. Strå av villkveite oppi havannan meters høgde. Hadde eg bonde vore, og foringsverdien av graset hadde vore noko å snakka om, då kunne eg sikkert hatt fôr for ei heil tid for både ei og to kyr.
Me fekk rydda i ei av krukkene me hadde blomar i i september og oktover.
Villig vekst når tilhøva ligg tilrette for det. Akkurqt ei veke mellom desse to bileta.

Norsk bil, norsk fisk. Er visst slik at noko av det beste av tørrfisken blir eksportert til Italia. Og der blir den norske baccalen sett pris på.


Godt liv er ofte det ein lagar sjølv. Her frukost med heimelaga jordbærsylt, mortadella og eigenpressa appelsinjuice. Og ikkje minst ro i sjela.
Gjestene som kjem får med seg både det tomta her har å by på, og det ein elles finn på vår veg. Nespoletreet har ikkje bydd på mykje avling i løpet av dei snart 11 åra me har styrt her. Men i år, etter rikeleg tilgang på gullvatn trur eg nok me skal få ein smak av dei gule fruktene.
Valmuen her på toppen av steingarden mot nabotomta får eg bare ikkje nok av. 
Me får gjester, innleia eg med. Midtvegs i førebuingane til det, fekk me uventa hjelp. Anne Marie var midt i dramaet. Eg var ute på framsida av huset. Heilt utav de blå tok det til å buldre inne frå kjøkkenet. Har aldri opplevd jordskjelv, men kan lett forestille meg at slik som dette kan det vere.  Ikkje bare eit kort lite brak, nei ganske langvarig buldring med følgje av knuselydar. 3 glass-skap frå Ikea ville ikkje meir. Etter 10 år på veggen, ville dei heller ned. Hadde dei bare sagt frå, kunne me ha rydda ut av skapa, men trur du me høyrde noko form for varsling? 
Fram med sopekost og feiebrett og stor nok kasse til å fylle oppi. Alle egg i ei korg kan du sei. Nokre få glas overlevde, men mesteparten kunne plukkas opp i småbitar. Lukkeligvis stod Anne Marie langt nok ifrå til ikkje å bli truffen av verken skap eller glas. Kinabutikken nede i Latiano har gode kunder i oss. Me skal nå ha nok til både gjester og oss sjølv når det gjeld ilåd for flytande. Mesteparten av det som budde i skapa var ikkje i dagleg bruk, og heller ikkje av særlig affeksjonsverdi.  
Men eg trur ikkje verken Leif eller Ragnhild hadde noko ynskje om slik rydding før dei kjem.
I skrivande stund er dei over Danmark, på veg til Roma der dei skal ha ei overnatting før togreise sør til Brindisi. Me gledar oss til besøk og håpar me får fine dagar i lag.














1 kommentar:

  1. Hyggelig med oppdateringer, og velkomstord! Men, litt ekstra travle dager har dere nok hatt, med "jordskjelv" i heimen 🥴
    Nå sitter vi på toget og nyter en behagelig tur gjennom italiensk landskap. Gleder oss til å oppleve deres ferieparadis!!

    SvarSlett