Translate

lørdag 3. juni 2023

Dei kom, og dei for og godværet tok dei med seg.

Det ville vera ei overdriving å seie at me var velsigna med veldig godt ver medan Ragnhild og Leif vitja oss. Verken på Sicilia eller på delvis heimebane i huset vårt var det særlig til varme. Meir væte enn varme faktisk. Men godt var det likevel. Med godt reisefølgje tåler ein litt trøttande ver. 
       
Mektige fjell heilt nord i Calabria.
                               
Gamle Vestfold, frå trafikken mellom Horten og Moss gjev utrulig nok litt heimekjensle. Det har vel med det at ein kjenner igjen løysningane om bord frå andre norske innanriksferjer ein her reist med.
                                     
Førehandsbetaling av parkering vart ordna. Heildøgns overvaka parkering for Nkr 120 pr dag må vel seiast å vera bra.

Cefalu tok oss imot med det som sikkert var ganske fredelige tilhøve. Turistbyen var kanskje i ferd med å vakne etter vinterdvale. Men mest rolig atmosfære.
Når ein er slik på tur er det godt å nyte ferdig mat kvar einast dag. 
Me såg lite til vertinna, ha var verfast i Palermo den kvelden me kom. Nøkkelboks med kode hjalp oss inn. 3.etasje via 49 trappetrinn. Litt trim om ein ville ned på gata litt.


Eigen altan til kvart av soveromma, så var bare håpet at altanen heldt seg på plass. Ein av dagane var dei på plass med lift og banka laus betong, slik at det skulle falle kontrollert ned på gata. Armeringsjernet vart blottlagt på alle altanane med unntak av vår. Dei var nok bare føre var.
Ein tur inn til Palermo var sjølvsagt når me bare var ein time frå med tog. Å kjøre inn i byen var heilt uaktuelt etter å ha lest diverse folk sine erfaringar med det. 
Turen vår vart ganske sterkt prega av mangel på plan. Me gjekk av toget som forøvrig var av første klasse. Prøvde å stikke ut kurs mot katedralen av Palermo, men retning og avstand var helst vanskelig å skjøna. Eg, som er vane med å finne fram, vart meir og meir frustrert ettersom vandinga tok oss gjennom narkostrok der folk låg oppetter husvegger utan å sanse noko til dei som passerte. Etter nokre smale smau enda me midt oppi streetmarket med alle slag former for gatemat til salgs. Kauking og roping så det var ein lyst blei framført , truleg for å promotere salg.
Me kom oss då fram til målet, til sist. Og sjølvsagt var halve katedralen stengt på grunn av opp-pussing. Fint og mektig var det, men då var eg så metta på inntrykk at eg kjende det beste var å kvile baken på ein steinbenk.
I same gata som katedralen kom me tilfeldig over denne staden. Det gjer inntrykk å få dokumentert kva slag mare som har ridd Italia opp gjennom åra. Heldigvis ser det ut som det nå er i ferd med å snu. Tidlegare dette året sat det over 300 på tiltalebenken i Lamezia Terme i spesialbygd rettssal for å ta slik sak.
Synd med den scooteren som abslutt ville vera med. Elles ein heil og ein halv. Fiat er ingen dum bil, er vel bare i Norge den har så dårlig rykte. Sjølve originalen, den gamle Cinquecentoen er bare heilt uslåelig. Har sagt det før, det er bilen du kler på deg. Du set deg ikkje inn i den slik du gjer i andre bilar. Skiltet du ser på veggen bak, kan du tolke som du vil. Med 125 kubikk mellom beina i bytrafikken i Palermo, kunne du noko fort få behov for dei tenestene Gorgone har å by på.

Lite bloggaktivitet. Kan ikkje ta att alt i ein blogg. Det får kome litt pø om pø, så kjem eg kanskje ajour før me pakkar ned her og fer nordover att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar