Translate

onsdag 4. mars 2020

Som normalt.

Alt er som det skal vera, heilt normalt. Ja for det er ikkje normalt at alt går på skjener her på campagnaen, det har eg lært meg opp gjennom åra.
Då har eg i allefall tid til å blogga. Eg sit her utan bil, utan bensin til motorsaga, utan vaskemaskin, er her meir om manglar tru?
Bilen ville ikkje samarbeide meir. Skal ikkje påstå at eg er sterk, men i svingar måtte kreftene hentas fram for å kome rett veg. Etter 185000 km har servopumpa sprukke og klarer ikkje lenger halde på væska, den er på eit vis inkontinent. AutoPro tok bilen på dagen, og ringde i ettermiddag og sa det tok noko tid å få tak på rett servopumpe til bilen. 80% sikkert at den ville vera klar på lørdag. 
Då eg var ferdig på verkstaden gjen eg på mine bein til Azzarito. Fekk forresten tilbod om å bli kjørt av kontakten min på AutoPro, men hadde ærend  som gjaldt den lite samarbeidsvillige vaskemaskinen, difor vidare a piedi. 
På Azzarito var dei to damene eg har hatt kontakt med nesten fjollete, men forsto med ein gong kva det gjekk i. Dei ringde teknikar i Brindisi som var klar for utrykning og ville vera framma før eg på mine bein hadde fått unna dei 7 km frå San Michele og ned på Cda Coltura der hsuet vårt ligg. Fekk tilbud om å bli skyssa heim der og, og det gjek fort skal eg sei. Lina, naboen vår her på Campagnaen kjører gjerne i 70, men denne dama for avgarde på smale vegen i ein gammal Citroen C3 i fart opptil 90. Du er dristig tenkte eg som vågar så høg fart på smal ukjend veg. Så viste det seg at ho eigde ein av teigane ikkje langt borte herifrå.
Teknikaren kom og, og etter nærer ein times skruing måtte han tilbake til Brindisi for å hente ein del. Tilbake til kvelden sa han, og nett no skrur han ein omgang til. 

Nå er det hjernen til maskinen som må fornyas, 
så får eg håpe det nyttar.
Hadde vore godt å fått gang på noko klesvask no. Det låg jo att litt klede frå sist opphald og.
I går kveld hadde eg tenkt å invitere til Taverna di Pascalone, men dei måtte stenge pga stort sjukdomsforfall. I Mesagne er der ein stad som heiter Mangiafueco, dei har littliknande konsept som Tacerna di Pascalone. Ein vel ut det kjøtet ein vil ha frå ein rikhaldig disk, så vert det grilla og gjort klar for servering
 Dette var vel litt av antipasti som vart servert.
Full konsentrasjon når ein skal skjere opp ei tomahawk steik. Gaute legg heile sjela i jobben. Han delte godt opp så alle rundt bordet var nøgde med både mengde og smak.
Me var alle samde om at det hadde vore ein gild kveld.

På tross av hjernetransplantasjon ville ikkje vaskemaskinen oppføre seg. Den vart med til verkstad, men nå syns eg dei får finne ei anna løysing enn å prøve å reparerer. Har sendt melding til Azzarito at nå er det nok. Pengane til bake eller ny vaskemaskin straks. Eg må nok ta meg ein tur dit i morgon. Godt eg har sykkel, for det er i meste laget å gå både fram og tilbake. 

Augurami buona fortuna.

4 kommentarer:

  1. E d virus i adle maskinane dine? Helsing frå Sigbjørn.

    SvarSlett
  2. Godt om dei held seg der.

    SvarSlett
  3. Ein kan koma seg vidt omkring til fots med! Vonar elles du får fart både på kjerra og maskinen..
    AHA

    SvarSlett
    Svar
    1. Sykkelen tok meg 14 km i dag. Deretter var det beina sin tur. 7 km er då litt.

      Slett