Translate

tirsdag 10. mars 2020

Her går det unna på så mange vis

Dette dalføret like nord for Ceglie er det bare ein ting å sei om, det er vakkert iallefall slik eg definerer vakkert. Fredfullt er det og.
Når eg går langsetter vegane viser blomane i grøftekanten seg på sitt finaste. Eg har ingen peiling på kva dei heiter, men fine er dei antendei heiter så eller så. 
Store deler av tjelva er dekka av skarpt gule blomar. Kanskje ikkje så veldig populært for bonden, men for meg som bare rek forbi, er det ein fryd for auga. Ikkje la deg uroe av mastene og kabelstrekka. Dei fører bare straum til Taranto og elles vestover. Skal folk klara seg i dag, må dei ha straum. Både heime og på arbeid.
Kanskje det er kontrasten mellom det irrgrøne og det klart gule som gjer det så bra.


Og alle dei som pizze kan, dei høyrer heime i pizzaland.  Kva er det forresten å pizze? Liknar det på noko anna seier du? Heilt utilsikta.
Innhaldet openbarar seg. Det smakar ekte pizza. Ufiltrert øl til smakar og. Er ein utanlands så er ein utanlands.
Eit av prosjekta denne gongen var å få skifta varmepumpa. I dag vart det gjort, så får me bare håpe den held lenger enn den førre. Ikkje for det, 7 år er 2 år meir enn den første varmepumpa me hadde heime.
Greitt med engelsktalande assistent når oppdragsgivar er så elendig med italiensken.
Ser greitt ut dette, og nå etter nokre timar er heile huset varmt.

Kanskje det er over kanten repektlaust, men eg kunne ikkje gå forbi her utan bilete. For meg vart det assosiasjonar på ein gevinstvegg på eit tivoli, men sjølvsagt er det jo ikkje det.

Neste bolk er komen når det gjeld vaskemaskin.
Teknikaren som jobbar for vaskemaskinprodusenten Sharp seier det er for låg spenning som fører til at vaskemaskinen ikkje vil her i huset. På verkstaden sviv den gong etter gong utan feil. Har fått tilsendt video som dokumentasjon.  Ein spenningsstabilisator ala denne håpar eg gjer susen. Då kan  me vende tilbake att til 2020 og sleppe å ta klesvasken for hand.

2 kommentarer:

  1. Den øverste blomsten er en slags anemone. De gule er det vi alltid har kalt smørblomster. Det var mitt forsøk på assistanse.

    SvarSlett
  2. Takk, hjelp er alltid godt å få.

    SvarSlett