Translate

lørdag 14. mars 2020

Meir i vente nå?

Det vart etterkvart tydelig at heimreise ville vera det beste alternativet. Både fordi eg tenkjer heimreis etter opphavelge plan fort fell ut, og fordi når alt stenger ned så blir det lettare å vere heime sjølv om eg må i karantene.
Det er ein alvorlig situasjon. Ein skal vera hardare i hovudet enn det eg er for ikkje å forstå det. 

Ny varmepumpe vart det, og den var jammen effektiv. Både soverom, kjøkken og stove vart varma opp til behagelig temperatur. Far og son jobba i lag om motering av ny varmepumpe. Sonen stod mykje og såg på. Det var han som fekk henta ting frå bilen og ikkje minst, han var flink i engelsk så kommunikasjonen med han som er så lite flink i italiensk, den gjekk greitt. 




Då masta for antenne til Internett vart montert i juni 2019, gjekk det nok litt for fort for seg. Varmepumpemontørane baud seg til å feste masta betre. Håpar dette er godt nok.

Var oppom hos Lill Karin og Gaute einn av dagane. På veg hei kjørte eg gjennom dette dalsøkket på veg mot Ceglie. Denne gongen fekk eg stoppa, men har lagt merke til det før, her er skikkeleg vakkert.
Sjå, der er han klar for coronaheimreise. Støvmaske bør halde det verste unna. Forresten seier dei norske ekspertane at det ikkje er så lurt med slike masker. Blir for mykje pirking i dei med hender og fingrar så dei gjev ikkje noko særleg tryggleik. 
Når eg reiser på føremiddagen brukar eg å ta ein enkel frukost her, men der var porten lukka. Alle serveringsstader med få unntak vart stengt. I matbutikken eg brukar fekk det kome inn maks 4 kunder om gongen med beskjed om å halde seg på minst 1 meters avstand frå dei 3 andre. 
Meggie var klar for kjøring frå Latiano til Aeroporto Salentino Brindisi. Ho hadde og klar skjema for visning til politi ved eventuell sjekk. Livar hadde alt fiksa slikt skjema for meg, så det var ferdig utfylt og klar til bruk saman med det norske passet.
På flyplassen måtte eg som normalt vise pass, skjema måtte og leverast for kontroll. Meggie ville vente på flyplassen til eg var vel avgarde, men eg sende henne tilbake med lovnad om at eg skulle ringe om det vart problem med flyet. Då kjem du heim til oss bur i lag med oss var beskjeden. Oppe på Cda Coltura hadde eg jo ikkje vore meir einsam enn det det av og til er godt å vera.

Flyet til Roma gjekk etter ruta, men med ganske få passasjerar.
Lengst ute på terminal B la flyet til. Eg hadde sete 1F, så det gjekk raskt å kome seg i land. Pissetrongen driv meg straks til do rett over på andre sida. Vel unnagjort doærend og ute i fellesområdet vart eg var ei dame i uniform som gjekk rundt og ropte opp Amsterdam, Amsterdam.
Eg spurde henne kva det gjaldt og fekk til svar at gjekk eg bare til gaten straks ville eg få booka om billetten og bli med første fly vidare på heimreisa mi. I desse tider tek me med folk vidare straks dei er klar sa dei  i gaten. Slik gjekk det til at 4 timar og 50 minutt venting i Roma vart til 10 min hastverk til do og like mykje hastverk på bytte av billett.
Visste ikkje då at eg etter mange timars venting på Schiphol fekk denne meldinga frå KLM.

Medan eg venta var det show ved gaten.

4 timar og 50 minutt som ved eit trylleslag vart bare 10 minutt, kunne like gjerne blitt dagar og veker i Roma med uro for kva tid ein ville kome seg heim te Vigrest.
I dag er forresten flyplassen i Brindisi stengt.

På Sola vart eg på tilbørlig avstand ønskt velkommen av mi kjære Anne Marie. Eg er pålagt karantene. Lukkeligvis vart det lempa på vilkåra for personar i same husstand som der er nokon i karantene. 
Ingen feber, ingen hoste, stort sett så oppegåande som mulig for min del. Dette skal eg tåle.

Etterskrift: 
1: Eg kom meg avgarde siste dag der var open flyplass i Brindisi.
2: Flyet frå Roma i går 17:15 var innstilt. 
    I dag var alle desse kansellert
   06:10
   08:35 ukjent
  10:00
  14:05
  15:30 ukjent
  17:15
  På sundag er alle fly frå Roma innstilt så langt eg er i stand til å finne ut.


  Il signore har  teke vel vare på meg.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar