Translate

mandag 13. april 2020

Kjem nok ei tid etter denne.

Kunne sikkert ha venta med å tinge VOUCHER frå KLM som erstatning for reiser som av ein eller anna grunn er avlyst, men dei som kjenner meg  veit at eg ikkje er av den mest tolsame sorten.  Det blir heilt sikkert årsskifte 2020/2021 før voucher kan brukas. Haustturen som me pr i dag endå ikkje har oversikt over, er planlagt noko meir saktegåande, rett og slett med bil begge vegar.
Eg må vedgå at oppturen til Norge i oktober blir nærare ein nedtur, sjølv om me skal opp til Norge. Det er liksom ikkje same schwung over ein Roomster som over ein Ciquecento. 
Ein skulle kanskje tru at Aud sin svarte draum kunne finne vegen sjølv til Italia. Skulle tru den kunne trille rett sørover heile vegen på rein heimlengt. Men nei, om me slepp ut av Norge og inn i Danmark får me nok passe godt på at alt går som det skal heilt der nord i Tyskland. Då tenkjer eg det tek til å rykke i rattet såpass at eg bare må halde godt att så me ikkje endar opp i Polen der Fiaten er født. Fabricca Italiana Automobili Torini; namnet fortel bare kven som har funne opp vidunderet. Ein stad i Polen på same samleband som Ford Ka, der blir den italiensk polske sett saman.
Betre plass for lange bein og for stor mage, ja, men linjene tilbake til den opphavlege Fiat Ciquecento finn ein jo rimeleg nok ikkje i den romslige frå Tsjekkia. Men eg må nok passe på heilt sør i Tyskland og så ikkje høgredreiinga blir altfor sterk. Det er nordover me skal, ikkje austover. Vitsen seier forresten: 
Spørsmål:Når akselererer ein Skoda mest? 
Svar: Når den trillar utfor Nordkapp-platået. 
Me får kanskje ta ein akselerasjonstest med start ved Brenner og eventuell målgang i Innsbruck.

For å forsikre seg om å unngå eit kvart tilløp til avundsjuke får nå 500 ein vits tileigna seg:

Five Germans in an Audi Quattro arrive at the Italian border.
The Italian Customs Officer stops them and tells them "It'sa illegala to putta 5 people in a Quattro."
"Vot do you mean it's illegal?" asks the German driver.
"Quattro meansa four" replies the Italian official.
"Quattro is just ze name of zefokken automobile" the German says unbelievingly. "Look at ze dam papers: ze car is designed to karry 5 persons"
"You canta pulla thata one on me!" replies the Italian customs officer. "Quattro meansa four. You have five-a people ina your car and you are thereforea breaking tha law."
The German driver replies angrily, "You idiot! Call your zupervisor over. I vant to speak to someone viz more intelligence!"
"Sorry" responds the Italian officer, "He can'ta come. He'sa busy witha 2 guys in a Fiat Uno


Me kjører Fiat 500, eg seier ikkje meir.



1 X Brindisi Stavanger 24.mars vart det ikkje noko av.
1 X Stavanger Brindisi 11.mai blir det ikkje noko av.
2 X Stavanger Brindisi Stavanger 11. mai - 19 juni blir heller ikkje noko av.

Reknar med at KLM er i stand til å la oss ta desse reisene ein eller annan gong til neste år. 


Stell av tre og jord er heldigvis i beste hender. Julio og Julia har kontroll.

 
Graset veks og innan utgangen av april skal det helst vere fjerna. Ein av grunnane til det er å hindre grasbrannar etterkvart som graset turkar, ein annan ikkje mindre viktig grunn er å førbyggja den frykta sjukdomen Xyllela. Når me nå sit fast her oppi nord er det godt at ein slepp å uroe seg for ei i verste fall ganske romslig bot for manglande stell på plantasjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar