Translate

onsdag 12. februar 2020

Endå ei nedteljing

Det dreg seg til. 
Om mindre enn tre veker bør eg vera på plass i Villa Felizia.
Noko bry har det gitt dette med den superraske vaskemaskinen, men tenk at nå, etter WhatsApp kommunikasjon med damene på Azzarito i San Michele, er det gjort avtale om rask handtering av problemet. Teknikar skal vera på plass alt dagen etter at eg har vridd om nøkkelen og tatt meg inn i huset vårt. Det er nok både kaldt og fuktig, men det er jo heilt normalt. Den porøse tufosteinen huset er bygt av trekker til seg fukt nesten som var det ein svamp. Då tek det noko tid før fukten i huset er nede på behagelig nivå.  Får bare kjøre på, bånn gass med avfukting og full fyr i ogen.
Varmepumpa gjer lite nytte for seg i første omgang, men det blir service, eventuelt vraking av den alt første dag etter ankomst. Det ser jo ikkje heilt godt ut når den tetnar heilt til av rim slik at dekselet til sist nesten blir pressa opp.

Når heile innedelen er som ein isklump, då er der noko som ikkje stemmer. Akkurat varmepumpe/aircondition er ein av svært få ting eg har lite peiling på. Han som kjem, skal i motsetning til meg vite kva han steller med. Eg får la han avgjere kva som er rettast å gjere. Let det seg gjere med reparasjon er det greitt, men eg trur nå helst det blir demontering av gammal utstyr. Så får eg heller be om hjelp til å få på plass nytt. 

Me har propellar i taket på begge soverom, og ikkje hadde vel eg i utgangspunktet trudd det skulle vera så effektivt. Sjølv i temperaturar opp mot 40 har det vore behagelig å sove på rommet. Utan dyner eller anna påkledning er det mest utruleg korleis litt fart på lufta kan gjere heise varmt luft om til ein kjølande bris.
Ut frå vermeldinga framover ser det ikkje ut til å bli nødvendig å bruke takvifter for å få passe tempertur å sove i i denne omgang. Det blir nok heller varmepumpe og ogen som må brukas. Ved av oliventre gjev god varme, og om motorsaga er litt vennlig innstilt, bør kuttinga av ved vere ganske kurant. Veden er tett og hard og av den grunn lite eigna for handsag, men energitett er den.

Litt regn, litt sol og ikkje minst litt varmare enn på Vigrestad. Det ser ut til å vere ein god mix statistikarane har stelt i stand. Så står det att å sjå kva det blir til. Truleg blir det ein variasjon innafor dei rammene som tabellen her syner.

Godt å vite at bilen har stått 100 % trygt sidan 7.desember då eg parkerte den. Godt og å vite at grillen til Pascalone er varm på kvelden når eg kjem til Latiano. Alltid godt med eit skikkeleg måltid mat etter ein lang reisedag. Må innom på Taverna di Pascalone før eg tek kald og fuktig kveld under lag på lag med ulltepper i Villa Felizia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar